Framlegget av statsbudsjettet er alltid spennande, og sjølv om ikkje alt vart slik vi i FolkOrg hadde håpa, er det fleire ljospunkt.
Folkedansstudium på USN campus Rauland
FolkOrg ilag med NU, SFF og fleire, har lenge arbeidd for å få til eit bachelorstudium innan folkedans. Dette er den store sigeren på folkemusikkfeltet i årets statsbudsjett! Gratulerer til USN og akademiet på Rauland. Dette vil vere eit fantastisk tilskot til dei allereie eksisterande folkemusikk-utdanningane vi har.
Når det gjeld kulturbudsjettet så er momskompensasjonen for friviljuge organisasjonar eit viktig punkt for folkemusikken- og dansen. For oss i FolkOrg og folkemusikk- og folkedansmiljøet er gode løysingar for det friviljuge feltet heilt essensielt. Statsråd Jaffery foreslår å vidareføre og auke ordninga med momskompensasjon, noko som er veldig bra. Dette er ei ordning som gjer at lag og organisasjonar som ikkje er momspliktige – som naturleg nok betaler moms ved alle kjøp – kan få kompensert desse utlegga. Dette er ei heilt naudsynt ordning, særleg viktig for dei lokallaga som har store arrangement, som til dømes Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
Samisk musikk og kultur har fått stor prioritet i dette budsjettet. Det er veldig positivt! Riddu Riddu-festivalen har fått 1mill ekstra på budsjettet, samt at kunstnarkollektivet Dáiddadállu – som har fleire musikarar – har fått dobla støtta si.
Generelt i budsjettet er det lite ekstra til musikarane. Vi ynskjer fleire konsertar; fleire arrangører og scener, og fleire musikarar som får moglegheit til å turnere med musikken sin. For å få til dette har FolkOrg ilag med Arrangørforum lenge sagt at Norsk Kulturfond sine ordningar for arrangørar og for utøvarar må styrkast, særleg da Arrangørstøtte og Tilskudd til produksjon, komposisjon og konsertframføring. Hit kom det ikkje noko ekstra. Ei trøyst er at kunstnarstipendordninga blir styrka. Over førti ekstra stipend er foreslått i budsjettet for 2024.
Forutanom ei generell indeksregulering på driftstøtta, er det mindre å juble for for FolkOrg i årets forslag til statsbudsjett. Vi fekk ikkje den auka i driftstøtta vi hadde søkt om og håpa på.
Immatriell kulturarv
FolkOrg sine medlemmar og lokallag rundt om i landet er av dei viktigaste aktørane for å oppretthalde den immaterielle kulturarven som den norske folkemusikken og folkedansen er. Men omgrepet immateriell kulturarv knytt til norsk folkemusikk- og dans er ikkje nemnd i dette statsbudsjettet ein einaste plass. Det er skuffande. Noreg har ratifisert UNESCOs konvensjon om vern av immateriell kulturarv, og vi i FolkOrg meiner at vi som samfunn har ei stor forplikting i å arbeide for folkemusikken og folkedansen.
Setesdal sin kulturarv – med songen, spelet og dansen – er til og med på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv. At setesdalstradisonen er på verdsarvlista betyr ikkje automatisk at denne tradisjonen overlev på eiga hand. Det betyr at som immatriell kulturarv er den særleg sårbar. Dette var noko av det Annbjørg Lien, prosjektleiar i Setesdalfolk, fortalte om på Kulturytring i Drammen i juni. Å vere på UNESCO-lista er eit varsel om at det må arbeid til. Det krevst arbeid og midler for å oppretthalde den viktige kulturarven folkemusikk og -dansen er.
Vi i FolkOrg meiner at dette må gjerast ved å skape større medvit kring og kompetanse om folkemusikk og folkedans i samfunnet. I eit informasjonssamfunn der kampen om merksemd er stor, er dette ei arbeidskrevjande felt. Vi meiner FolkOrg er ein av dei naturlege instansane for å arbeide med dette. Vi ynskjer å ta denne oppgåva i enda større grad, men er då avhengig av å auka driftsttøtta. Det har vi diverre ikkje fått. Og når da ikkje var nokon andre heller som fekk øyremerkde midlar til dette arbeidet, er vi særs skuffa på vegne av heile folkemusikk- og dansefeltet.
Landskappleiken (LK) og Landsfestivalen i gammaldansmusikk (LF) er våre to største arrangement, og båe er avhengig av stor grad av friviljugheit og iherdig innsats frå lokallag. Desse arrangementa er viktige møtestadar og scener for den immaterielle kulturarven som folkesongen, spelet og dansen er. Vi i FolkOrg ser at desse arrangementa blir meir og meir krevjande å arrangere, og at for små lokallag er det stor usikkerheit kring økonomien. I og med at desse arrangementa ikkje passar inn i vanlege arrangør- og festivalstøtteordningar i Norsk Kulturfond, meiner vi at det bør kome øyremerkte midlar til LK og LF via driftstøtta til FolkOrg. Dette hadde vi også møte med finansministeren om i juni på Landskappleiken, der vi fekk stor forståing for dei utfordringane vi har og forslag om nettopp om øyremerkte midlar via driftsmidlane. Det vart difor ekstra skuffande at dette ikkje vart følgt opp av regjeringa i statsbudsjettet for 2024.
Regionale kulturfond
I Hurdalsplattforma skriv regjeringa om regionale kulturfond. Og sidan plattforma kom har kulturlivet venta på at regjeringa skal ta tak i dette. I fjorårets budsjett fulgte regjeringa opp med å skrive om at dei hadde som målsetting om å styrke samspelet mellom profesjonelt og friviljugt kulturliv, «i tillegg til å forsterke lokal og regional kulturfrivillighet.» I årets budsjett er ikkje regionale kulturfond nemnd med eitt ord. Det er synd. Vi meiner at regionale kulturfond vil vere eit stort lyft for folkemusikk- og dansemiljøa rundt omkring. Vi håpar inderleg at regjeringa tek opp igjen denne tråden seinare.
Kort oppsummert
Den generelle indeksreguleringa av driftstøtta både for FolkOrg og alle dei andre kompetansesentra i folkemusikk- og dansemiljøet er sjølvsagt positivt. Momskompensasjonen for laga våre er veldig bra og heilt essensielt, og auka mengde kunstnarstipend er eit bra tilskot. Og mest av alt er det fantastisk bra med nytt bachelorstudium i folkedans på Rauland!
Dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi
Foto: Johannes Selvaag