Styreleiar Hilde Reitan si jubileumstale i Bergen oktober 2023

Dykkar majestet dronning Sonja, kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery, Statsforvalter Liv Signe Navarsete, fungerande ordførar Eira Martinsen Garrido, fylkesordførar Jon Askeland, gode heidersmedlemmer – kjære alle saman!

Hjarteleg velkommen til 100 års jubileumskonsert i Grieghallen og til sjølve hovudmarkeringa i jubileumsåret vårt!

FolkOrg har gjennom heile året feira ein livskraftig 100-åring med små og store arrangement og markeringar over heile landet. Vi har fått komponert ein jubileumsslått, Hundreåringen, og vi har i kveld lansert ei praktfull jubileumsbok der det mangfaldige og levande folkemusikkmiljøet er presentert i ord og bilete.

Og no i kveld - sjølve jubileumskonserten. Det er spesielt gledeleg, og ei stor ære, at FolkOrg sin høge vernar, Dronning Sonja, er med oss på feiringa i Bergen.

Og det er ein grunn til at vi har valt å legge hovudfeiringa til Bergen; her vart den første tevlinga i nasjonalt spel arrangert i 1896, noko som betyr at Landskappleiken faktisk er Noregs eldste festival!

Og 27 år seinare vart Landslaget for spelemenn stifta under Landskappleiken, også her i Bergen, så byen har ein sentral plass i historia til organisasjonen.

Lite visste den første formannen, Arne Bjørndal, at organisasjonen skulle vere like relevant 100 år etter, og er dag ein høgt respektert kulturorganisasjon, med eit stort engasjement og mangfald av uttrykk innan folkemusikken og folkedansen.

Eg trur det ville gledd han å sjå ein samla organisasjon, der lokallaga med tradisjonsberarane og eldsjelene, dei profesjonelle yrkesutøvarane, arrangørane og utdanningsinstitusjonane står saman, skulder ved skulder, for i fellesskap å forvalte og føre vidare den immaterielle kulturarven vår gjennom å spreie kunnskap om og kjærleik til spelet, dansen og songen.

Dei norske folkemusikk- og folkedanstradisjonane er unike for Noreg. Dei skil seg frå andre musikksjangrar og frå tradisjonsmusikk og -dans frå andre land, og dannar derfor grunnlaget for identiteten vår som nasjon. Vi har all grunn til å vere stolte av særpreget vårt!

Å ha god kunnskap om og ei trygg forankring i eigen kulturarv, gjer oss meir opne, nysgjerrige og tolerante i høve til andre lands tradisjonar og kultur. For det er jo slik at sjølv om norsk tradisjonsmusikk og -dans høyrer til historia vår og bind oss saman som folk, så har den også universell kraft.

I 1973 feira Landslaget for spelemenn sitt 50-årsjubileum med konsert i det gamle Konsertpaleet her i Bergen med mange av dei store stjernene på den tida. Også den

jubileumskonserten opna med ein kulokk. Men den gongen var det eg, som 14-åring, og som saman med mor mi, opna jubileumskonserten med ein kulokk etter mormor frå Rendalen.

Lite visste eg at eg 50 år etter skulle stå på scena i Grieghallen og ønskje velkommen til jubileumskonsert som stolt styreleiar i FolkOrg! Det er unekteleg rart å tenkje på, men det seier noko om dei lange linene gjennom eit livsløp og mellom generasjonar for oss som blir drege inn i dette fantastiske miljøet som barn og som held fram her resten av livet.

FolkOrg er ein medlemsorganisasjon som femnar breitt, frå profesjonelle yrkesutøvarar til lokale spel- og danselag og arrangørar. Svært mykje av aktivitetane er avhengig av frivillig innsats, og eg vil nytte dette høvet til å takke alle dykk eldsjeler rundt om i lokallaga, som er sjølve grunnmuren i organisasjonen vår og som representerer tradisjonsberarane, kunnskapen og det sosiale fellesskapet på tvers av generasjonar.

Det arbeidet de legg ned i lokallaga for å rekruttera barn og unge inn i miljøet, er ein vesentleg føresetnad for at tradisjonane blir overførte til neste generasjon og dermed blir i halde i hevd.

FolkOrg har teke på seg eit viktig ansvar for fremje, verne og føre vidare den immaterielle kulturarven vår i samsvar med Noregs forpliktingar nedfelt i Unescos konvensjon.

For å vareta dette ansvaret, treng vi stjernene og førebileta som inspirerer, som viser veg og som skaper merksemd og begeistring for folkemusikken og folkedansen, også blant eit breiare publikum. Men vi treng også arrangørane, lokallaga og dei frivillige der mykje av den direkte tradisjonsoverføringa går føre seg for at dette økosystemet skal fungere.

Det er dette som er grunnlaget for jubileumskonserten. De vil møte heile det mangfaldige spekteret som organisasjonen representerer gjennom dyktige og dedikerte utøvarar, både profesjonelle og amatørar, barn og vaksne som vil vise dykk at norsk folkemusikk og folkedans er høgst levande og vital i 2023.

Gratulerer med dagen!