Fureprisen 2015
Furestiftinga står bak Furestipenda, og Fureprisen på kroner 50 000. Furestiftinga er oppretta etter ynskje frå den framståande forretningsmannen Knut Fure og kona Elisabeth. Avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.
Fureprisen på kroner 50 000 har sidan 2010 vorte delt ut til ein deltakar under 25 år, uansett klasse, innan musikk. Det er krav om eit særs høgt kvalitetsnivå for at Fureprisen skulle kunne verta delt ut. FolkOrg har, etter søknad, fått lov til å dele ut denne prisen til og med 2016, noko vi er svært takksame og glade for!
I år var det fem utøvarar som utmerka seg særskilt, og som dermed vart valgt ut til å delta i finale laurdag kveld. Finalistane i alfabetisk rekkjefølgje:
Kenneth Lien, Gjøvik spelemannslag -munnharpe
Helga Myhr, Ål spel og dansarlag -hardingfele
Ingeborg Ulberg Sommer, Glåmos spelemannslag -fele
Tor Hoslemo, Setesdal spelemannslag -hardingfele
Eirik Schjølberg, Vågå spel og dansarlag -fele
Dommarane var svært godt nøgde med alle utøvarane, og aller best spelte hardingfelespelmannen Tor Hoslemo frå Setesdal spelemannslag. Sundag på meisterkonserten vart det kunngjort at det er han som er den heldige vinnar av Fureprisen 2015. FolkOrg gratulerar og ønskjer lukke til vidare med spelinga!
Stipend frå Furestiftinga og FolkOrg
For musikarar og kvedarar er det Furestiftinga som gjev stipenda, medan FolkOrg sjølv set opp premiar på same vilkår for C-klassane i dans. Kvart stipend er på 10 000 kr, og ved fleire vinnarar i same klasse vert stipenda delte. Tildeling av stipend vil ha eit stort element av skjøn, og direkte poengsamanlikning gjev difor ikkje noko fullstendig svar.
Vinnarar av Furestipend 2015:
Spel hardingfele kl C
Cecilie Skrindo
Vokal
Helle Luraas Lilleland
Guro Gunleiksrud
Durspel
Tor Nythun-Bøe
Spel fele kl C
Marius Westling
Vinnarane av FolkOrg-stipend 2015
Dans hardingfele kl C:
Vebjørn Jøtun Fauske og Kristin Vestenfor
Halling
Even Ellegaard Westeng
Såmund Midtbøen
Dans fele kl C
Emma Nygård Sætren (dansa med fylgje)
Aashild Aasgaard & Gjermund Valde Sletten