I Skaun kommune, to mil sørvest for Trondheim, ligg bygda Buvika. På garden Snefugl, med utsikt over Trondheimsfjorden, har dei bygd om ein fraukjellar til festlokale. Da eg nærmar meg fjøset ein solfylt laurdag i oktober, høyrer eg feletonar stige opp frå kjellaren. Gitar, bassgitar og trommer stig også fram. Rytmane er fengande. Pols.

Det er det nystarta Spelemannslaget Laust & fast som har seminar. Når kvelden kjem, skal dei spele opp til dans for bygdefolket i det intime og trivelege kjellarlokalet. Da første øvingsøkt er over, er det tid for pause. Nokon spring ut i sola, nokon finn noko å bite i, og jammen er det nokon som får seg eit lite kurs i folkedans av dansekunnige vaksne.

Men eg vil gjerne få prate med nokon av dei unge spelemennene. Eg er nysgjerrig på korleis det er for ein fersk folkemusikar å vere med i eit spelemannslag. Det er langt ifrå vanleg i denne delen av Trøndelag.

- Det er så artig å spele med andre
Bassgitaren er eit viktig instrument i spelemannslaget Laust & fast, og Håvard Snekvik held rytmen med stø hender.
- Det er så artig å spele med andre
– Det er veldig artig å vere med i Laust & fast, seier Vilma Ven Hansen og Øyvind Stokkan.

«Når vi øver, kan han plutseleg finne på ting ut av lause lufta!»

Øyvind Stokkan om Sturla Eide

Blir fort gode

10 år gamle Vilma Ven Hansen og 11 år gamle Øyvind Stokkan frå Børsa er to felespelarar som vart med da spelemannslaget vart etablert i januar i år.

– Det er veldig gøy å vere med, smiler Øyvind Stokkan, medan Vilma Ven Hansen nikkar ivrig.

Sjølv om det endeleg er pause og dei har behov for å røre seg, tar dei seg tid til ein prat om kva som er fint med Laust & fast. Dei må berre forsyne seg med litt raud saft og lys muffins først.

– Vi starta i vinter, trur eg, og vi har allereie blitt veldig gode! seier Vilma.

– Det er så artig å spele med andre, og så er det artig å spele på konsert. Da får vi vist fram det vi har lært, held ho fram, medan ho tar ein slurk av safta. Ho er litt stressa for at pausen skal gå fort, så ho har eigentleg ikkje tid til å snakke. Men ho vil få fram kor artig det er å spele fele.

– Og av og til får vi pizza på øving! skyt Øyvind inn.

Begge to begynte å spele fele da dei gjekk i andreklassen. Øyvind ville spele fele på grunn av at storesøstera spela. Det såg så artig ut. Vilma såg nokon spele fele på TV, og da tenkte ho at det ville ho òg prøve. Dermed starta dei hos felelærar Sturla Eide. Han får skryt av dei to blide børsværingane:

– Han er flink! Når vi øver, kan han plutseleg finne på ting ut av lause lufta! humrar Øyvind.

Gjennom kulturskolen fekk dei vere med i samspelgrupper, før dei sist vinter vart ein del av spelemannslaget Laust & fast.

– I tillegg til kulturskolen kvar veke møtest spelemannslaget ein gong i månaden, seier Øyvind, som ventar utolmodig på at eg skal bli ferdig med spørsmåla mine. – Så langt har vi vore med på kanskje fem konsertar. Det var litt vanskeleg å spele så mange saman i starten, men no føler eg at vi er vande med det.

Vilma er einig.

– Ja, vi, eller i alle fall eg, er veldig ivrig på å øve heime. Det er viktig å øve for å bli flink. Det er målet mitt. Eg vil bli flink når eg blir stor!

«Mine første 30 minutt med dans»

Eit seminar er hektisk, men eg må få nokre ord med han som er initiativtakar og primus motor for det nystarta spelemannslaget. Sturla Eide er folkemusikar og kulturskolelærar i Skaun kommune. Sist vinter fekk han Statens kunstnarstipend for to år. Eitt av fleire prosjekt han arbeider med for kunstnarstipendet, er å utvikle ein øvingsmetode som han prøver ut på medlemmane i Laust & fast. Skaun kommune har lite tradisjonar for folkemusikk, men Eide har likevel ei god stund leika med tanken om å få til noko meir med felespelarane som har vore elevar i kulturskolen.

– Sjølv om tanken har vore der, starta det heile eigentleg litt tilfeldig, seier han, medan han forsyner seg av traktekaffien.

– Kulturskolen hadde ein tradisjonell sommarkonsert for tre år sidan, der eg hadde med ei stor felegruppe. Det var stas, for på scena hadde eg faktisk med ei felegruppe som var relativt homogen. Som regel spriker det i interesse, alder og nivå, men no hadde eg meir enn ti felespelarar av om lag same kaliber. Eg fekk med ein bassist, og det vart den spede starten på det som skulle bli Laust & fast. I dag har vi medlemmar i aldersspennet 7 til 17 år, smiler han.

Det er ingenting å seie på entusiasmen til Sturla Eide. Ein skal leite lenge etter nokon som brenn meir for folkemusikk, fag, pedagogikk og korleis skape eit best mogleg miljø for ungane enn han. Etter den spede starten med felegruppa i kulturskolen vaks det seg etter kvart større. Både Eide og foreldregruppa såg med tida at noko måtte gjerast for å få det i meir ordna former.

– Det vart mykje aktivitet, med øvingar og konsertar, så saman med foreldra drog vi i gang ein prosess med å stifte eit spelemannslag. Dermed er det litt enklare å få orden på ting, som til dømes økonomi og søknadsprosessar.

Men det er Sturla Eide som har den musikalske leiinga på alle øvingar. Som oftast er det òg han som får i stand framsyningar rundt om i distriktet.

– Ja, det er naturleg at oppdraga gjerne går gjennom meg. Eg har eit nettverk som eg nyttar. Eg veit kva som skjer.

(Saka held fram etter biletet)

- Det er så artig å spele med andre

Han legg mykje i dette. Vil gjerne at det skal vere bra. Han skryter av foreldra til barna, skryter av appar som SPOND og AnyTune som gjer planlegging og heimeøving enklare og artigare. Og ikkje minst ser han framover for å utvikle spelemannslaget vidare.

– Vi trener mykje på å øve etter gehørmetoden. Eg har skrive åtte låtar som er spesialtilpassa nivået i Laust & fast. Låtane skal vere så logiske at ungane kjenner igjen rytme og oppbygging. Musikken skal svinge og fungere som ordentleg folkemusikk, men samstundes skal han vere så enkel at dei lærer melodien utan notar.

Så langt har Spelemannslaget Laust & fast eit lite utval av reinlender, polka, vals og pols. Eit godt repertoar som tar drygt 30 minutt.

– Om eg kjem på å lage ei notebok med desse melodiane, kan eg kanskje kalle henne «Mine første 30 minutt med dans»? seier Eide og ler, før han reiser seg for å gjere klart for ei ny økt med øving.

«Det tar nok litt tid for bygdefolket å få opp auga for folkemusikken.»

Ragnhild Kjøren Lefstad, mor
- Det er så artig å spele med andre
– Musikken vi spelar skal svinge og fungere som ordentleg folkemusikk, men samstundes vere enkel nok til at ungane kan lære melodien utan notar, seier musikalsk leiar Sturla Eide.
- Det er så artig å spele med andre
Seminaret er over, og då byr Spelemannslaget Laust & fast opp til dans.

Folkemusikken til Skaun

Sjølv om øvinga for dei 16 medlemmane er i gang igjen, finn eg nokre foreldre i kulissane som gjerne vil slå av ein prat. Gaute Stokkan er far til felespelarane Øyvind og Sigmund. Han er med og ser til at alt går som det skal på seminaret. Han er også med i styret for spelemannslaget og er full av lovord for initiativ og opplegg.

– Det er fint at ungane våre får moglegheit til å vere med på ein sånn type musikkaktivitet. Og det er ekstra fint når alt er så ordentleg. Ungane spelar musikk som folk vil høyre på. Vi har fått vere med på nokre fine konsertar rundt om, og dei får så gode tilbakemeldingar frå bygdefolket. «Dette vil vi høyre meir av», er gjerne omkvedet, seier Stokkan, medan han høyrer etter om alt går bra med ungane.

– Eg har også fått opp auga for folkemusikken. Folkemusikk er fleire sjangrar enn gamaldans.

Ragnhild Kjøren Lefstad frå Venn i Skaun, mor til to jenter i spelemannslaget og styreleiar, kjem også og slår av ein prat. Ho er einig i det Gaute Stokkan seier.

– Dette er så bra. Eg håpar berre vi får med oss fleire ungar etter kvart. Det tar nok litt tid for bygdefolket å få opp auga for folkemusikken, meiner ho.

Sjølv om Trøndelag har eit rikt folkemusikkmiljø, som til dømes på Oppdal, Verdal, Røros og i Trondheim, er det nok annan type musikk som har størst fotfeste i dette området.

– Derfor er det så bra at Sturla har fått i stand eit opplegg for dei unge som liker annan type musikk enn det som elles er vanleg, seier Kjøren Lefstad. Ho kjem ikkje ifrå nokon folkemusikkfamilie sjølv, men som med Vilma Ven Hansen og Øyvind Stokkan er det andre heltar som har gitt døtrene hennar inspirasjon til å spele fele.

– Det var Alexander Rybak og «Fairytale» som utløyste det heime hos oss, smiler ho.

– Dottera mi, Lene, vart frelst, og sidan har det ikkje vore nokon veg tilbake. Ho er framleis veldig ivrig, seier Kjøren Lefstad, før ho held fram: – Eg håpar fleire vil oppdage kor fint det er å vere med i eit spelemannslag. Jo fleire som blir med, jo betre blir det!