Folkemusikk er eit norsk magasin for folkemusikk og folkedans, med ei nettside og fire papirutgåver i året. Magasinet er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, og er frittståande med uavhengig redaksjon.
Redaktør
Kjellbjørn Karsrud
E-post: kjellbjorn(krøll)folkemusikk.no
Telefon: 404 51 798
Redaksjonsmedarbeidar
Johanne Flottorp (i permisjon)
E-post: johanne(krøll)folkemusikk.no
E-post: redaksjon(krøll)folkemusikk.no
Post- og gateadresse: Møllergata 39, 0179 Oslo
Kvar får du kjøpt magasinet Folkemusikk?
Nyare utgåver av Folkemusikk (frå 2018 og framover) er å få kjøpt i nettbutikken til Tekstallmenningen
Magasinet Folkemusikk i 2024
Utgåve 1/25, mars – kjem ut i veke 12
Utgåve 2/25, juni – kjem ut i veke 25
Utgåve 3/25, september – kjem ut i veke 38
Utgåve 4/25, desember – kjem ut i veke 51
Nettsider og sosiale medium
folkemusikk.no
podkasten vår
Facebook-side
Instagram-side
Redaktøransvaret
Folkemusikk arbeider etter Redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten og de reglar for god presseskikk som plakatane føreset. Den som kjenner seg råka av urettvis omtale blir oppmoda om å ta kontakt med ansvarleg redaktør. Det er også mogleg å rette klage for Pressens faglege utvalg, pb. 46, Sentrum, 0101 Oslo.
Historikk
Då Landslaget for Spelemenn (LfS) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) gjekk saman i FolkOrg i 2010, vart Bladet Folkemusikk etablert på tuftene av Spelemannsbladet (LFS) og Kvinten (NFD). I 2014 vart magasinet Folkemusikk etablert på tuftene av Bladet Folkemusikk og Årbok for norsk folkemusikk (NFD/FolkOrg). Spelemannsbladet vart publisert første gong i 1941, og Folkemusikk feirar dermed 80-årsjubileum i 2021.
Magasinet Folkemusikk får i 2025 støtte frå Norsk kulturfond (Kulturdirektoratet).
Folkemusikk er medlem av Norsk Tidsskriftforening og Fagpressen.