Jølstringen Sigmund Eikås er hardingfelenestor i Sunnfjord, og er for mange også kjend som lagspelguruen som med myndig hand har leia Indre Sunnfjord Spelemannslag til topps på tallause kappleikar i snart 40 år. Og han har aldri likt lagspel.

– Ja, det er kjekkast å spele åleine. Lagspel har aldri vore det viktigaste for meg.

– Men kvifor i alle dagar har du drive så mykje med det, då?

– Ja, sei det! Lagspel har to funksjonar. Det er ein samlingsstad for dei som er interesserte, og så er det ei anledning til å lære opp mange på same tid. Og eg har alltid likt å lære frå meg. Men det har vore viktig for meg å aldri forenkle ein melodi for at han skal låte godt i lagspel. Det får våge seg om det ikkje alltid let så fint og blir litt lurvete, for eg meiner ein ikkje skal redusere kvaliteten på stoffet. Dei som øver mest, dei ser og høyrer, og får med seg finessane. Dei andre er fornøgde når dei har fått beingrinda. Det er ikkje mykje vi har terpa på detaljar på øvingar i spelemannslaget.

– Eg har aldri likt lagspel!
Foto: Oddleiv Apneseth
Sigmund Eikås (f. 1947)
  • A-klassespelemann og hardingfelepedagog frå Jølster i Sunnfjord. Tilsett som folkemusikar i Sogn og Fjordane fylkeskommune sidan 1989.
  • Musikalsk leiar for Indre Sunnfjord Spelemannslag sidan 1973, med eit års opphald 2015–16 (då Ingrid Heieren leia laget). Som leiar for laget var han sentral i stiftinga av Landsfestivalen i gammaldansmusikk (1986) og Førdefestivalen (1990).
  • Nokre utmerkingar: Spellemannprisnominert for soloplata «Jølstring» (1994); Rff-prisen (1994); fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane (2001); heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn/FolkOrg (2002).
  • CD-en «På hogg og belegg: Sigmund Eikås og musikken hans» kjem ut i sommar på plateselskapet Ta:lik, og blir sleppt på Førdefestivalen laurdag 8. juli. På CD-en tolkar elevar av Sigmund musikken hans. Indre Sunnfjord spelemannslag feirar Eikås på Ålhus 25. november.

– Eg kjenner at eg har eit litt ambivalent forhold til lagspel. Reint musikalsk synest eg ofte det er nokså uinteressant. Nettopp fordi eg misser fridomen til å vere spontan, improvisere og gjere små vriar undervegs. Ja, det blir ei slags uniformering. Sjølv om slåttane og formene i seg sjølv kan vere gode, så har eg eit sterkt behov for å vere fri.

– Ja, eg sit ofte og tenkjer – og det har vorte verre med åra – korleis var vi einige om å spele slåtten? Når eg spelar åleine, så kan eg gjere kva eg vil. Men når du skal spele saman med andre, må du nødvendigvis følgje eit system. Så av og til ankar eg på slåttar eg lærer frå meg i laget–for då må eg hugse eit system sjølv om eg spelar det på andre måtar åleine. Då blir det berre rot når ein kjem i lag igjen.

– Men det er litt vanskeleg for meg å tru at du etter alle desse åra ikkje har hatt nokon gode opplevingar med lagspel?

– Jau då, sjølvsagt! Somme tider så blir eg på lag imponert og tenkjer: «Jøss, kan vi få det til å låte så bra?» Du får ein trøkk, og du får ei kraft. Anten det er til dans eller til konsert – du føler at du tek publikum. Og du riv dei verkeleg med. Du får ein opptur, då. Men sjølve øvingane, dei har eg sett på som ei opplæring.

– Det har jo skjedd ei utvikling innanfor spelemannslagkonseptet. Frå å vere lag samansett av utøvarar frå eit geografisk avgrensa område med felles tradisjon, har vi dei siste åra sett lag som er samansett av unge utøvarar med relativt høgt nivå og høge ambisjonar, og i somme tilfelle også med representantar frå ulike tradisjonsområde. Reint musikalsk synest eg ofte at det kan låte veldig bra, sjølv om det også let annleis enn dei tradisjonelle spelemannslaga. Kva tenkjer du om det?

– Det er jo både og. Det er ein styrke for folkemusikken at folk som likar å vere i lag, kan spele i lag. Minuset er at dei gamle laga sit att med gamle folk, og kunne ønskt å ha med dei unge for å få litt meir trøkk i laget.

– For meg er dette eit dilemma. Det at dei tradisjonelle spelemannslaga har spelt ei så viktig rolle lokalt, og så får ein plutseleg lag som har heilt tydelege musikalske ambisjonar utover det å vere ein rein opplæringsarena.

– Tja, alle lag ønskjer vel å spele så godt som råd er. Men alle lag må også spele med det mannskapet dei har. Dei som tek opp fela berre på øvingar, spelar i lag med dei som øver kvar dag. Og det meiner eg er rett i eit lokalt spelemannslag. Det skal vere plass til alle, og vi er med fordi vi er interesserte i stoffet og musikken. Og miljøet – det er kjempeviktig. Spelemannslaga har ein god misjon, du får spreidd kunnskap om slåttar, spelemenn og tradisjonslinjer.

– Når eg tenkjer tilbake på den tida eg lærte å spele, så starta eg, så og seie, med blanke ark i spelemannslaget. Og dei fleste var komne mykje lenger enn meg. Men for meg vart det ei skikkeleg gulrot. Kjensla av å ha noko å strekkje seg etter, og å ha ein arena der eg fekk vise det eg kunne. Det var veldig viktig for meg.

– Ja, men det er jo på ein måte alle spelemannslag si oppgåve. At dei tek inn folk som er komne så langt at dei klarar å henge med på ein del melodiar. Så hjelper ein dei fram, og etter kvart som dei blir betre, får dei vise seg fram på konsertar og liknande. Det er ein del av det som eg meiner eit spelemannslag skal gjere.

– Eg har blitt ein av dei som sjeldan eller aldri møter opp på øving i det lokale spelemannslaget. I staden har eg teke på meg å leie eit av desse laga med unge og ambisiøse utøvarar. Er det ei form for egoisme, å bryte ut frå dei lokale spelemannslaga?

– Ja, det er jo det. Men det gjeld heile samfunnet, og mykje meir enn før. Vi tenkjer først og fremst på kva som er best for oss sjølv, og vi tenkjer gjerne meir på personane som utøvarar enn på sjangeren. Målet har blitt å få gode utøvarar. Eg synest det blir feil. Har ein ikkje breidda, så blir det færre gode utøvarar. Du må ha ei breidd å rekruttere frå, og då blir spørsmålet korleis vi skal skaffe den. Det må vere nokon som er villige til å jobbe på grasrotnivå. Kva har dei å gå til etter musikkskulen, dersom dei ikkje har spelemannslaga? Då er det berre dei mest sta, dei mest gira, som kan gå vidare. Og dei vil alltid vere i eit mindretal. Eg trur det er sunt å ha ei breidd der dei som er profesjonelle i utøvinga si, har eit publikum som kan noko om sjangeren. Det er kjekkare å spele for eit publikum som kan noko om stoffet, enn for dei som ikkje har peiling.

– Det synest eg er interessant. Eg set jo sjølvsagt utruleg stor pris på å få spele for eit publikum som skjønar kva eg held på med. Men på same tid har eg opplevd at folk som kanskje aldri har høyrt hardingfele før, har blitt utruleg rørt av det. Og det gjer eit veldig sterkt inntrykk på meg.

– Men det som òg kan skje, er at dei kan bli blenda av noko som ikkje er skikkeleg kvalitet. På grunn av at dei ikkje har kunnskap om det. Eg har sett mange døme på det.

– Hm, det har eg ikkje tenkt på.

– Det har eg tenkt på, mange gongar!

Artikkelen vart først publisert i Bladet Folkemusikk nr. 3/2012. Han blir republisert i samband med at Sigmund Eikås fylde 70 år i april.

– Eg har aldri likt lagspel!
Sigmund Eikås leiar Indre Sunnfjord spelemannslag under Landskappeiken i Vågå 2012. (Foto: Knut Aastad Bråten)
– Eg har aldri likt lagspel!
Ein yngre Sigmund Eikås (foto: privat)

Festkveld for Sigmund: Indre Sunnfjord spelemannslag inviterer til festkveld for Sigmund Eikås, med konsert og dans, i Borgja på Ålhus laurdag 25. november. Spelemannsvener frå fjern og nær vil bidra til at dette blir ein skikkeleg festkveld!