Tekst: Jostein Aardal

Med kongepokal som ekstra lokkemiddel vart det ei stor og ikkje minst sterk vokal A-klasse. Dommarane Tone Hulbækmo, Solbjørg Tveiten og Jon Anders Halvorsen valde tre til finalen: Synnøve Brøndbo Plassen som representerer Hedmark Folkemusikklag, Margit Myhr, Gol spel- og dansarlag og Anne Gravir Klykken, Spelemannslaget Vårlengt.

Spenninga var til å ta og føle på då Synnøve Brøndbo Plassen vart utropt som vinnar under Meisterkonserten i Gol idrettshall søndag ettermiddag. Margit Myhr som vann kongepokalen i Vågå i 2016 måtte ta til takke med andreplass, medan Anne Gravir Klykken kom på tredjeplass.

 – Overveldande

Synnøve vart sett litt ut og felte nokre gledestårer då ho fekk høyre at ho var vinnar av klassa og dermed kongepokalen.

– Dette var ei veldig sterk oppleving, rett og slett og overveldande. Eg vart gripen av stunda og tenkte straks på kva skulle eg syngje no som takk for tildelinga. Det var veldig stort.

– Var det ekstra press i tevlinga sidan det var snakk om kongepokal?

– Det vart nok litt ekstra spenning og nervar rundt det heile. Alle er verkeleg opptekne av å gjere sitt beste. Det er litt artig også, synest kongepokalvinnaren.

Førdefestivalen neste

Neste oppdrag kjem kjapt, nemleg deltaking på Førdefestivalen som vert avvikla 4.- 7. juli. Så skal Synnøve til Folldal og delta på oppsetting av eit stort utespel på heimlege trakter. 

Også vidare er det fleire oppdrag, og etterspørselen etterspørselen etter folkesongaren blir neppe mindre etter heider og ære på Landskappleiken.

Håpar Sonja gir fleire pokalar

To tidlegare vinnarar kongepokalen deltok på årets landskappleik, nemleg Camilla Granlien (2008) og Margit Myhr (2016) som i år var nær med andreplass i vokal A. Tredje finaledeltakar var Anne Gravir Klykken. Vidare følgde Silje Risdal Liahagen, Margrete Nordmoen og Malin Alander og Martin Steinum Brun.

Kongepokalen var delt ut av FolkOrg-leiar Hilde Reitan og nestleiar Camilla Granlien som sjølv vann kongepokal under Landskappleiken på Oppdal. 

Slottet starta for mange år sidan med årleg tildeling gav kongepokal til Landskapppleiken. Under utdelinga på Meisterkonserten retta styreleiar Hilde Reitan spesiell takk til dronning Sonja.

- Eg håpar at dronninga som høg beskyttar av Landskappleiken, vil bidra til at vi får kongepokalar også i åra som kjem, kommenterte ein smilande FolkOrg-leiar.

Alle pokalvinnarane

Ivar Schjølberg var den første som fekk kongepokal då han vann fele klasse A under Landskappleiken i Kristiansand i 1980. Dette heile lista:

2024: Synnøve Brøndbo Plassen – vokal

2023: Ola Narverud – halling og Tom Willy Rustad – eldre folkemusikkinstrument (sister)
2022: Ole Nilssen – durspel og Astrid Sulheim – spel fele
2021: Landskappleiken avlyst pga. covid
2020: Landskappleiken avlyst pga. covid
2019: Alexander Aga Røynstrand – spel hardingfele
2018: Bjørn Sverre Hol Haugen og Veslemøy Nordset – dans fele
2017: Ola Narverud og Ingebjørg Bratheim Bø – dans hardingfele
2016: Margit Myhr – vokal
2015: Hallgrim Hansegård – lausdans
2014: Ole Aastad Bråten – eldre folkemusikkinstrument (langeleik)
2013: Andreas Bjørkås – spel fele
2012: Øyvind Sandum – durspel
2011: Ottar Kåsa – spel hardingfele
2010: Sigurd Johan Heide og Anne Berit Heide – dans fele
2009: Ingunn Stræte Lie og Ulf-Arne Johannessen – dans hardingfele
2008: Camilla Granlien – vokal
2007: Eivind Bakken – lausdans
2006: Knut Aastad Bråten – langeleik
2005: Gjermund Larsen – spel fele
2004: Jan Beitohaugen Granli – spel hardingfele
2003: Anne Grete N Bjørgan & Rolf Bjørgan – dans fele
2002: Ami Petterson & Håkon Dregelid – dans hardingfele
2001: Ragnhild Furholt – vokal
2000: Jon Ellingsen – lausdans
1999: Tron S. Westberg – spel fele
1998: Alf Tveit – spel hardingfele
1997: Anders Røine – eldre folkemusikkinstrument
1996: Randi Gullikstad & Peder Gullikstad  – dans fele
1995: Gunnlaug Lien Myhr Håkon Tveit – dans hardingfele
1994: Gunhild Tømmerås – vokal
1993: Bjørn Strand – lausdans
1992:  Marie Eggen – spel fele
1991: inga utdeling
1990: Gunvor Hegge – eldre folkemusikkinstrument
1989: Hilde Bjørkum og Vidar Underseth – dans hardingfele
1988: Hallvard T. Bjørgum – spel hardingfele og Jon Georg Mortensen og Aslaug Kulseth  – dans fele
1987: Kirsten Bråten Berg – vokal
1984: Reidar Meinstad – lausdans
1981: Knut Hamre – spel hardingfele
1980: Ivar Schjølberg – spel fele