Tekst: Kjellbjørn Karsrud i Messenger-samtale med Gard Nergaard.
- Korleis møttest de tre som utgjer gruppa Kalejdoskop Trio?
Då vi gjekk på musikkhøgskulen i Stockholm hadde vi tre allereie spelt saman, men i ulike duokonstellasjonar. Endeleg fekk vi ut fingeren og slo oss saman til tri. Det vart kjærleik ved første tone, musikalsk nyforelska, kan ein bli det? Og resten, som dei seier, er historie…
Høyr Kalejdoskop Trio med “Aller var eg glad” her.
- Kaleidoskop er ikkje noko folk bruker daglegdags. Korleis kom de på namnet?
Vi er eit kaleidoskop! Tre fargerike musikarar som var tre duoar innan vi vart trio, det er som speglane inni kaleidoskopet. Og er ikkje samspel å oppdaga musikken i nye farger og mønster? Rist på det, så får du sjå nye "vakre former", som kaleidoskop betyr.
- Fleirtalet av låttane dykkar ser ut til å vera frå Agder, i tillegg har de nokre frå Gudbrandsdalen. Albin Myrin har tidlegare gjeve ut CD med ti springleikar frå Lom. Korleis går de fram når de plukkar ut stoff?
Innfallsmetoden, også kalla: inspirasjonen styrer! Vi har alle heile tida ein masse musikk på gang i heile kroppen, og så slår det ein plutseleg at akkurat denne må vi prøva i K3. Sjølv kjenner eg meg då som ein katt som har fanga noko fint og kjem heim med presang, berre at Kalejdoskop Trio er langt meir takksame for slåtteforslag enn matmor er for ei punktert spissmus.
Høyr Albin Myrin prate om prosjektet sitt om ti springleikar frå Lom her.
- De er inne på at klarinettspelaren Albin Myrin måtte tileigne seg nye teknikkar for å tilpasse seg fela. Korleis går de fram når de skal arrangere ny musikk for hardingfele/bratsj, klarinett og vokal?
Det blir oftast raskt tydeleg kvar vi vil med ein ny slått, men vi arrangerer alltid i etappar for å la alle ideane koma til sin rett. Eg forundrar meg over tolmodet vi har saman for å nå uttrykket vi høyrer for oss, for alle er inne og pirkar i alle sine roller.
Instrumentasjonen vår klaffa frå første stund, merkeleg nok. Eg vekslar mellom hardingfele og ein bratsj stemd så lågt at han ligg ein oktav under hardingfela, ei slags torevêrs-slåttefele. Albin har difor måtta finna på heilt nye kvarttonegrep på nye stader. Iblant ser det meir ut som han speler mikado enn klarinett. Sofia har terpa beinhardt for å synga på ulike dialekter. Eg har ennå ikkje høyrt klager frå innfødde!
Stjerna i bandet er likevel Sofia sin shrutibox, som får desidert mest merksemd for absolutt minst innsats. Det er eit indisk borduninstrument, liknar ein liten koffert og speler helst ei og same tone gjennom heile låta. Kall det trekkspel med tvangstrøye om du vil.
- For snart ti år sidan gav du ut eit solid dokumentasjonsprosjekt frå heimområdet ditt i Mandalen. Korleis står det til med denne tradisjonen no? Held du stoffet ved like?
Trass i all spennande musikk som finst, er miljøet i Vest-Agder stadig lite. Kule ting skjer likevel. Lisa Haugeland har vorte ein tradisjonsutøvar av klasse, ho bør ein høyra om ein kan, og nyleg kom Ånon Egeland ut med eit praktverk om Vest-Agder-musikken.
Sjølv er eg musikalsk altetar, smakar det godt så er det godt, men denne musikken forblir ein slags grunnmur som eg vender tilbake til når fela og eg er aleine saman. Så har det òg vore ufatteleg spennande å få ta denne musikken inn i ein ny samanheng med Kalejdoskop Trio. Det har verkeleg blåse nytt liv i han på ein måte eg ikkje hadde sett føre meg.
Høyr Gard Nergaard spela "Aller Va eg Glad" på plata “Felespel i Mandalen” frå 2015. Heile plata er tilgjengeleg på strøymetenester.
- Mange som har vore med i kappleiksmiljøet ei stund vil hugse deg som ein lovande C-klassespelemann. Har du lagt kappleiksspelinga bak deg?
Eg er så innmari eigenrådig, det er det store problemet for meg med kappleiksspel. Når eg skjønar kva, og ikkje minst korleis, det blir forventa at eg skal spela, så vil eg gjera akkurat tvert om.
Eit talande døme: Sist eg stilte på Landskappleiken var faktisk mitt første år i B-klassa, i Seljord i 2011. Eg hadde funne på to slåttenamn (eg trur at "Seterjentens blåmandag" var eit av dei), og framfor domarpanel og fullsett sal kleiv eg opp på scena og improviserte to slåttar der på staden. Eg trur eg tok meg ei heil runde rundt kvintsirkelen og var særleg nøgd med nokre kule tak med 3-over-5-polyrytmikk. "Det var ein rar'e slått!" fekk eg som kommentar frå ein ordknapp setesdøl.
Plasseringa vart eigentleg riktig så bra med tanke på at eg jo aldri nokosinne hadde spelt desse slåttane før og at eg kanskje heller ikkje hadde lagt altfor mykje krut på å vinna poeng i kategorien "tradisjon", men ein fattar jo at det der ikkje er vegen å gå på kappleik. Eg er ikkje dum, berre litt sjølvrådig!
Men nå har eg blitt så gamal at eg har gitt opp håpet om nokon gong å få skikkeleg skjeggvekst og gemyttet har kanskje lagt seg litt, så sjå ikkje bort frå at det dukkar opp ein ramp på ei kappleiksscene nær deg i framtida! Kanskje med da capo på Seterjentens blåmandag…?
- Du har nyss flytta tilbake til Noreg, til Rauland?
Ja, visst! Eg har begynt på ein master i folkemusikk her, som eg prøver å balansera med alle prosjekta eg har på gang.
Det som har overraska meg, er at mange verkar å ha trudd at eg var forsvunnen for godt når eg i røynda har halde fram med mitt, berre rett over svenskegrensa. Visse klyper meg nesten i kinnet når vi treffest, liksom for å sjekka at det ikkje er ein dårleg kopi dei står andsynes, er det verkeleg Gard som er tilbake?
Og sjølv om det verken er så langt borte eller så himla annleis der borte hos søta bror, så er eg veldig takksam for at eg har fått med meg masse erfaring og framfor alt fantastiske spelkompisar. I tillegg til Kalejdoskop Trio speler eg med Alvina Herbinger Rygne i feleduoen Alvina & Gard. Vi sleppte albumet "Tillflykten" i vår, og i sumar hadde vi premiere på barneframsyninga "Platt Planet", ein produksjon som har vore skikkeleg spennande å utvikla. Så la gå at eg blir litt klopen i kinnet når eg kjem rekande her på berget!
Les meldinga av Tillflykten som NRK-meldar Are August Flanagan Furebotn skreiv då plata kom ut, her.