Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Benedicte Maurseth har saman med Irene Tillung vore i ei mentorrolle for dei lovande artistane denne veka. Dei har vore samla på Voss sidan måndag. I kveld spelar dei seks artistane 15 minutt kvar.

– Det blir ein stor og fin konsert, det er høgt nivå med høgt spenn og variasjon. Det har vore veldig interessant og flott å få vera med i denne rolla, fortel Maurseth.

Årets artistar er på ein måte litt prøvekaninar, sidan det er nokre år sidan IntoFolk vart arrangert sist. Mellom anna har det lenge vore usikkert om finansieringa gjekk i orden, men ho kom på plass med hjelp av Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge. Maurseth vart spurd om å vera med som mentor i september, dermed har dei fått relativt kort tid til å førebu seg og klarlegge kva ei mentorrolle skal innebere. Maurseth, som sjølv vann IntroFolk i 2007 fortel at dei hadde ein heil konsert kvar på den tida då ho var med.

– Ein må dermed koke ein time ned til eit kvarter og få fram hovudessensen. Dei skal vise til jury eit spenn i uttrykk, originalitet og musikalitet. Det er ikkje alle som har jobba så mykje med det verbale og korleis ein skal te seg på scena, seier Maurseth.

Høyr Årets unge folkemusikar 2020, Sigrid Stubsveen, her.

Nokon har valt å spela solo eller saman med andre. Dette er ikkje ein vanleg konkurranse som kappleik, men handlar meir om korleis ein skal formidle musikken frå ei scene på ein heilskapleg måte

– Det er litt merkeleg at ein innan dei fleste musikksjangrar jobbar mykje med teknikk, repertoar- og stilforståing, men der ein snakkar langt mindre om kva som faktisk er god formidling, og korleis utøva det på ei scene, peikar Maurseth på.

Ho og Tillung delte gruppa i to. Deretter gav dei tips til kva artistane skal gjera der oppe på scena, ved å lytte på det kandidatane hadde førebudd. Råda går til dømes på slåtteutval og rekkefylgje. Nokre trengte å jobbe med overgangar, om dei skulle sitta og stå på dei ulike nummera, eller korleis ein kan formidle ved hjelp av kroppsspråk.

– Det har vore ei bevisstgjering på alle plan, informerer Maurseth. 

Ho og Tillung fortalde ein del om seg sjølve og kva dei har opplevd i karrierane sine på godt og vondt. Men også meir praktiske ting som korleis det er å drive eit enkeltmannsføretak til dømes. 

– Det er heilt tydeleg at alle har tenkt å satse på musikken, og det er eit enormt høgt nivå. Alle er dyktige utøvarar med særpreg. Eg er glad eg ikkje er jury, ler Maurseth.

Konserten i kveld startar 18.30. Jury er: Berit Opheim, Ådne Kolbjørnshus og Gusta Tronstad.

Les om finalekonserten under Folkelarm her.

Årets Introfolk-artistar

Introfolk er eit mentor- og utviklingsprogram i regi av FolkOrg for unge, lovande musikarar og dansarar. Det overordna målet er å styrke norsk og samisk folkemusikk og -dans, samt å vere ein bidragsytar for lovande tradisjonsutøvarar som er i startgropa av karrieren sin. Seks artistar blir valde ut til programmet. Dei får rettleiing utover hausten av nokre mentorar for å utvikle seg som utøvarar. Under finalen på Folkelarm i november blir éin ståande att som Årets unge folkemusikar 2024. 

Amalie Kinsarvik Tvilde, Kinsarvik (25 år) Durspel

Amalie Kinsarvik Tvilde er ei av dei fremste utøvarane på durspel i Norge. Ho har utdanna seg ved Norges musikkhøgskole, og vart då den fyrste durspelaren som har blitt uteksaminert ved høgskulen. 

Som durspelar har Tvilde allereie frå ung alder blitt introdusert for fleire ulike tradisjonsområde. Det har gjort at ho heile tida har hatt fokus på instrumentet, og moglegheitene instrumentet gjev. Hardanger, Voss og Helgeland er dei tradisjonsområda ho har fordjupa seg mest i. Repertoaret spenner seg frå bygdespel, runddans, dansemusikk, lydarslåttar og nykomponerte låtar for durspel, som utfordrar forskjellige sider av instrumentet. Alt på ein frisk, nyskapande og virtuos måte. 

Tvilde har vunne fleire forskjellige prisar, mellom anna Vestland fylkeskommunes folkemusikkstipend, Drømmestipendet og Årets Stjerneskot på Hardanger musikkfest.

Andrea Søgnen, Gol (23 år) langeleik

Søgnen er ein av landets fremste langeleikutøvarar med repertoar frå Hallingdal, Valdres og Telemark. Med fokus på langeleikens klangmoglegheiter, «groove» og strøkbruk baner den særeigne spelestilen hennar veg for nye uttrykk innanfor langeleikspelet.

Den store interessen ho har for overføring av låttar frå hardingfele og kveding, samt vidareføring av dei eldste notenedskriftene på langeleik, gjer Søgnen sitt repertoar unikt. I tillegg til å vere soloutøvar, blir ho hyppig nytta til dansespel og til undervisning i både langeleik og folkedans. 

Søgnen er den første med bachelor i folkemusikk med langeleik som hovudinstrument, ein grad ho fullførte ved Universitetet i Søraust-Noreg, campus Rauland i 2023. Ho har vidareutdanning innan kulturleiing, og studerer no kultur og kommunikasjon ved UiO.

Martin Steinum Brun, Vågå (25 år) folkesong

Som songar har Brun verka innan både klassiske og folkemusikalske rom, både som solomusikar og i ulike ensemble. Etter ei klassisk skolering ved Griegakademiet i Bergen, tek han no ein bachelor innan utøvande folkemusikk på Norges Musikkhøgskole. Nyfiken på å vidareformidle sin lokaltradisjon frå Nord-Gudbrandsdalen er han uredd for å utforske plassen materialet kan ta i nye konstellasjonar. 

Brun har hatt fleire prosjekt det siste året, til dømes vokaltrioen Rakkarpakk og konseptet kvadbad. Andre aktuelle prosjekt er tolkinga hans av Draumkvedet, som han framførte saman med organist Vemund Olav Aukrust, og Så song'o for vokalensemblet GAEA.

Brun mottok i 2012 Drømmestipendet og vart i 2019 tildelt kulturstipend frå Vågå kommune. I 2024 mottok Martin Talentstipendet til Peer Gynt AS.

Høyr Martin Steinum Brun frå Landskappleiken her (trykk på biletet):

Trygve Liahagen, Ottestad (23 år) fele/hardingfele

Liahagen er både ein tradisjonsberar- og brytar og ein ivrig improvisatør, og har eit breitt spekter av musikalske uttrykk, både på fele og hardingfele.  Han var ferdig med ei utøvande bachelorgrad i folkemusikk ved Noregs musikkhøgskole i 2024, samtidig som han har vore ein aktiv frilansar med over 70 konsertar i året.  

Han tek del i eit vidt spekter av prosjekt og grupper, som Trygve Liahagen Trio, Pumpegris og Byting, samtidig som han er ein driven solo-utøvar. Han har òg teke del i fleire av Bjørn Kåre Odde sine prosjekt og spelt med Odd Nordstoga på “NRK-scena”.   

Liahagen har teke imot ulike utmerkingar, som mellom anna Øivind Berghs Minnepris (2023), der han kvitterte for prisen ved å vera solist med Kringkastingsorkesteret (KORK).

Åsmund Arnesen Farstad, Volda (22 år) fele/hardingfele

Åsmund A. Farstad har røter og hovudvirke i tradisjonsmusikken på Nordvestlandet, med Sunnmøre og Nordfjord som sine kjerneområde. Han har dykka inn i musikken frå dei gamle kjeldene og jobbar med det eldste stoffet ein finn frå området. Gjennom munnleg lære, notar og med arkivopptak har han henta ut musikk som få har høyrt. Musikken er mangfaldig og strekkjer seg frå det friske, raske og kraftige dansespelet, til det såre og rolege salme og lydarspelet. 

Farstad er ein allsidig musikar som hentar inspirasjon frå andre sjangrar og er aktiv i fleire musikalske prosjekt, som til dømes folkrockbandet “Kjeltring” og gamaldansgruppa “Farstad og Farstad”.

Vera Sonne, Oslo (22 år) folkesong

Sonne er folkesongar og låtskrivar. Tradisjonsmusikk og improvisasjon er hjørnesteinar i Veras musikalske identitet, og utrykket hennar ligg i spennet mellom det veldig tradisjonelle og det veldig moderne. Som låtskrivar og improviserande musikar ser ho etter moglegheitene som ligg i bestanddelane av folkemusikken, som folkemusikar vil ho læra, bevara og læra bort i tråd med gongen til tradisjonen.  

Sonne har vore med å starte ensembla «Rakkarpakk» og «Pumpegris» som gjer det godt innanfor folkemusikken. Ho ønskjer no å fokusera meir på soloutrykket. I det siste prosjekt hennar, «Oslosanger», tek ho i bruk musikken frå Oslo. Alt frå skillingsviser til klappeleikar og balladar skal opp og fram i dagens lys. Ho fokuserer på tekst, humor og dansbarheit i uttrykket sitt, og det stygge og det vakre, det vesle og det store skal med for å visa tradisjonen frå byen som rommar så mange ulike perspektiv og lagnader.