Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Folkemusikk har snakka med to gode representantar for utflytte hallingar og valdrisar i Oslo, Åsmund Fauske Jøtun og Sindre Tronrud. Dei er i full gang med å planlegge 125-årsjubileum. Me kjem attende til desse karane og i neste nummer av Folkemusikk, som nok dumpar ned i postkassa i desember. Der skal me også sjå nærmare på kva desse laga har betydd historisk sett.
No er det fullt fokus fram mot laurdag 5. oktober, der Jøtun og Tronrud har lagt fylgjande program for arrangementer som skal gå føre seg i Halli og Storsalen, Nordahl Brunsgate 22. Dei vil samtidig minne om at påmeldingsfristen er torsdag 3. oktober. 50 stykk er påmelde då Folkemusikk snakka med arrangementskomiteen høgstdag onsdag.
Kl. 18.00-19.30: «Kræsjkurs» i Hallingspringar og Valdresspringar.
Kl. 20.00-21.00: Konsert med Andrea Søgnen, Sindre Tronrud, Ulf Arne Johannesen, Åsmund Jøtun og langeleikgruppa i Valdreslaget
Kl. 21.00-01.00: Dansefest
Dans; bygdedans og runddans med dei som
spelte på konserten med fleire.
Pris: Kr. 150,- for studentar, kr 250.- for
medlemar og kr. 350,- for alle andre
Valdreslaget sin konto: 0540.08.09331, eller Vipps til: 10275.
Ein finn også meir informasjon om arrangementet på Facebook-hendinga til arrangementet.
Jubileumsfest for Hallinglaget og Valdreslaget
Me tek oss også tid til eit lite dykk i arkivet. Her på denne filmen frå SFF kan ein sjå Valdreslaget i Oslo danse lagdans under Landskappleiken i Vågå i 1996: