Vilkår for ordninga:
Lag som har søkt om løyve i samband med konsertar, kan no søkje om kompensasjon for TONO-utgiftene. Kravet for å få kompensert TONO-vederlaga, er at dei har fått søkt i forkant og fått løyve frå TONO til dei aktuelle konsertane.
Denne medlemsfordelen gjeld sjølvsagt berre for konsertar der laget sjølv er både arrangør og utøvarane er medlemmar i laget. Ein kan ikkje søkje kompensasjon for ein konsert som lokallaget har arrangert med eksterne artistar på scena.
Lag kan sende inn ein søknad om opptil tre konsertar. Har laget arrangert fire eller fleire konsertar, lyt ein sende inn ein ny søknad for desse.
Søknadsfristen for andre halvår 2025, er 27. februar
Lurar du på noko i samband med søknaden?
Ta kontakt med Live Visdal i FolkOrg - live@folkorg.no / 974 15 515.
Under finn du søknadsskjema for ordninga.
