Berre nokre få arrangement har gått med underskot. I perioden 1986–2022 er gjennomsnittleg overskot på 404.247 kroner for Landskappleiken og 278.500 kroner for Landsfestivalen.

Dette kjem fram i ei sak som vert lagt fram for landsmøtet i FolkOrg 21.–23. april i Oslo. Lokale arrangørar av Landskappleiken og Landsfestivalen betaler no 125.000 kroner til FolkOrg for hjelp/tenester i samband med arrangementa. Anders Lunden Herfoss har sendt inn forslag om å stryke denne leiga/avgifta. Noko av bakgrunnen er svakt økonomisk resultat for fjorårets landskappleik.

«Økonomien til FolkOrg, såvidt meg bekjent, er god, og at arrangørar sit att med overskot vil vere avgjerande for å finne nye arrangørarar framover. Dette burde vere av største interesse for FolkOrg sentralt,» skriv Lunden Herfoss i saksframlegget, og foreslår å ta bort avgifta frå og med 2023.

25 millionar i overskot på 36 år
Rekordår for LF: klassevinnar Sør-Fron spelemannslag i finalespelet på Landsfestivalen 2015 i Lom. Kr 1,2 million blei resultatet den gong. (Foto: Audun Stokke Hole)

– Mykje hjelp frå administrasjonen

Styret i FolkOrg er ikkje samd i forslaget og foreslår at lokale arrangørar framleis skal betale leigesum/avgift.

Ordninga med fast leigesum har vore gjeldande sidan 2005. Frå 2019 har summen vore 125.000 kroner for kvart av arrangementa. Etter at leigesummen er innbetalt, er det inga fordeling eller noko økonomisk oppgjer mellom lokal arrangør og FolkOrg.

«Lokale arrangørar har ansvar for alle sider av dei tekniske gjennomføringane av Landskappleiken og Landsfestivalen. Utover dette utfører administrasjonen og styret i FolkOrg ei rekkje oppgåver før, under og etter Landskappleiken og Landsfestivalen,» skriv styret i saksutgreiinga. Det følger ei lang liste av det lokale arrangørar får hjelp/bistand med.

«Det er ikkje alle laga våre som har høve til å arrangere landskappleik eller landsfestival, og dermed få eit økonomisk overskot som dei kan bruke i sitt lokallagsarbeid.»

Styret i FolkOrg

«Det er forståeleg at uvissa kring det økonomiske resultatet til Landskappleiken i 2022 kan skape uro og potensiell motvilje til å ta på seg arrangørrolla til både Landskappleiken og Landsfestivalen. Likevel er underskotet eit unntak når ein ser på oversikta over økonomisk resultat til tidlegare arrangørar,» påpeikar styret vidare.

Sidan 1986 har det berre vore tre år med underskot på Landskappleiken og fire år med underskot på Landsfestivalen. Sist gong det var underskot på Landskappleiken var i 2006, og på Landsfestivalen har det ikkje vore underskot sidan 2013. I gjennomsnitt har lokale arrangørar sidan 2006 fått om lag 500 000 kr i overskot, etter at leigesummen til FolkOrg er innbetalt.  Leigesummen på 125.000 kr er til vanleg ein liten del av budsjettet og resultatet til lokal arrangør.

«FolkOrg brukar store ressursar gjennom heile året på oppgåver knytt til Landskappleiken og Landsfestivalen. I tillegg dekkjer FolkOrg kostnader for nettsider, app, forsikringar, kappleiksystem og arrangering av dommarseminar. Dette arbeidet er uavhengig av kva lokal arrangør får til økonomisk resultat,» argumenterer styret i saksutgreiinga.

Å kutte avgifta får konsekvensar

Sjølv om FolkOrg får inn 250.000 kroner totalt i leigekostnader for dei to tilskipingane, er ressursane organisasjonen brukar verde mange gonger den summen, meiner styret. At framtidige arrangørar ikkje skal bidra til det, meiner dei er urimeleg.

«Styret ber landsmøtet vurdere konsekvensane av å kutte leigesummen. Viss leigesummen på 250 000 skal strykast, må ein finne anna inndekning for det. (…) Det er ikkje alle laga våre som har høve til å arrangere landskappleik eller landsfestival, og dermed få eit økonomisk overskot som dei kan bruke i sitt lokallagsarbeid. Det er difor viktig at FolkOrg har midlar til å arbeide for å styrke arbeidet også i desse laga,» meiner styret.

Styret påpeiker også i saka at sjølv om økonomien i det heile er god, slik saksframlegget viser til, så er det for 2022 og -23 budsjettert med å bruke av eigenkapitalen for å nå måla som landsmøtet har vedteke.

25 millionar i overskot på 36 år
FolkOrg har samanstilt tabellen over økonomiske resultat for landskappleikar og landsfestivalar. Tabellen ligg ved sakspapirene til landsmøtet helga 21.–23. april.
25 millionar i overskot på 36 år
25 millionar i overskot på 36 år
Rekordår for LK: festivalliv frå Landskappleiken 2016 i Vågå. Resultatet på kr 1,35 million er foreløpig det beste ein landskappleik har oppnådd. (Begge foto: Runhild Heggem)

Les også:

Foreslår auka satsing på yrkesutøvarar

Meir ressursar til yrkesutøvarane!