Det var fullsatt sal da FolkOrg inviterte til årets utdeling av Folkelarmprisen torsdag kveld! Folkelarmprisene deles ut hvert år under Folkelarm, og markerer også åpninga av bransjetreffet for nordisk folkemusikk og dans på Riksscenen. Statssekretær Even Aleksander Hagen stod for den offisielle åpninga av Folkelarm 2023.
BENEDICTE  MAURSETH  ER  ÅRETS  FOLKEMUSIKER!
 Årets  folkemusikar  2023  har  gjennom  mange  år  markert  seg  som  musikar,  komponist  og  forfattar.  Med  folkemusikken  som  kjerne,  er  ikkje  vinnaren  redd  for  å  gå  inn  i  nye  felt,  anten  det  er  nye  sjangrar  musikalsk  eller  nye  arbeidsformer.  Vinnaren  har  ei  evne  til  stadig  å  vere  i  endring  og  klarer  å  byggje  solide  kunstnariske  prosjekt  som  står  seg  over  tid.
Dei siste åra har vinnaren både spelt inn hardingfeleslåttar frå heimtraktene sine, og samstundes skrive og framført ny musikk for Ultimafestivalen. I tillegg til dette har ho gjort eit stort pionerarbeid som forfattar, ved å skrive ei bok som tek føre seg ein viktig og gløymd del av den norske folkemusikksoga. Årevis med hardt bakgrunnsarbeid har ført til ei bok om dei kvinnelege felsepelarane, og ein CD der årets folkemusikar sjølv har vore redaktør og gjort eit utval for å syne ulike kvinnelege utøvarar.
Prismottakaren er ein person som alltid ønsker å komme djupare ned i materien, både i historia og i musikken. Alt ho driv med har kvalitet i alle ledd, og me kan berre tenkje oss alt denne personen har i vente.

Foto: Anders Lillebo
									
								