Årets folkemusikkarrangør
Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet. Prisen er på kr. 10 000,-

FolkOrg vil gje prisen for årets folkemusikkarrangør 2020 til ein arrangør som har vist evne til å skape interesse og entusiasme for folkemusikken i koronatida.

Ta:lik Records
Plateselskapet Ta:lik vart stifta i 1999 og arbeider for å løfte fram dei beste utøvarane innan den tradisjonelle folkemusikken, i eit hovudsakleg tradisjonelt uttrykk. Samstundes jobbar dei òg for å presentere den genuine musikken i ei moderne innramming.

Ta:lik har skipa opp til fleire digitale folkemusikkarrangement sidan mars 2020. Dei har skipa strømmekonsertar med ulike solistar, digitalt gamaldansmaraton med to trekkspelarar og verdas fyrste digitale strømmekappleik.

Ta:lik har klart å synleggjere, aktualisere og løfte fram folkemusikken, og delvis folkedansen, på tross av ein pandemi som har gjort det vanskelig å treffast på dei ordinære møteplassane i miljøet. Dei har gjennom dei digitale sendingane gjort konsertar av høg kvalitet med profesjonelle folkemusikarar tilgjengelige for allmeinnheita.

Ta:lik er ein arrangør som har fått til mange og varierte arrangement i 2020 på tross av pandemien, og dei digitale arrangementa deira har fått stor oppslutning og arrangementa har bidrege til etterlengta folkemusikkaktivitet for publikum.

 

Ta:lik er Årets folkemusikkarrangør 2020
Årets folkemusikkarrangør 2020 er Ta:lik
Foto: Knut Utler