Kva er det Ævestaden spelar? Jau, for det fyrste brukar dei typiske folkemusikkinstrument som kraviklyre, munnharpe, kantele, langeleik, fele og kuhorn. I tillegg brukar dei tradisjonelt stoff til ein viss grad, religiøse folketonar mest. Det nye ved Ævestaden er at dei kombinerer dette med nokså tilbaketrekt moderne elektronikk pluss klangrik song, der alle tre syng. Dei legg stor vekt på rytmikken i musikken, også der har dei preg av folkemusikk. Så brukar dei folkemusikkinstrumenta på ein ny og ukonvensjonell måte. I vaskesetelen for gruppa heiter det at «de skaper et atmosfærisk klanglandskap» og at «det er improvisatorisk og egenkomponert materiale med utgangspunkt i norsk og svensk folkemusikk.»

Frå kebabsjappe til jazzfestival

Kven er dei? Dei tre medlemmene i gruppa heiter Kenneth Lien, Levina Storåkern og Eir Vatn Strøm. Ævestaden er framfor alt dyktige instrumentalistar og songarar, noko dei ikkje minst har Unni Løvlid og Norges musikkhøgskole å takke for. Unni overtok leiinga av folkemusikklina på NMH etter Steinar Ofsdal, og det er ho som har hatt mest å gjera med desse tre studentane og inspirert dei på ulikt vis. Av inspirasjonskjelder innafor den norske folkemusikken nemner dei elles Sudan Dudan og Valkyrien Allstars.

Dei tre møttest i ulike samanhengar gjennom studiet, og tanken om å lage ei gruppe saman dukka opp på eit seminar under Osafestivalen på Voss i 2018. Dette skjedde gjennom djupe samtaler nattestid, men dei knyter òg hendinga opp mot ei kebabsjappe på Voss. Ikkje så rart då, kanskje, at platecoveret til singelen «Stanna inte» viser dei tre nettopp på ei kebabsjappe.

Kvar kjem musikken ifrå? Korleis gjer dei det på scenen? Det var spørsmåla eg stilte meg då eg drog på konsert med Ævestaden under Oslo Jazzfestival i august, i lokalet SALT Art & Music som ligg idyllisk til ved sjøkanten. Ævestadens gratiskonsert var arrangert av Serendip, jazzfestivalen til musikkstudentane ved NMH.

Ævestaden - nytt folkemusikkfenomen
Ævestaden: konsert på Oslo jazzfestival
  • SALT Art & Music, Langkaia, laurdag 21. august 2021
  • Presentert av Serendip, studentfestivalen til Noregs Musikkhøgskole

Klikk her for å lese meir om medlemmene i Ævestaden og bakgrunnen for trioen. 

Konserten: vakkert og mørkt univers

Å framføre denne musikken live er ikkje heilt enkelt, samanlikna med å berre bruke akustiske instrument. Og Ævestaden ber kanskje preg av at dei ikkje har lang erfaring som live-gruppe, sjølv om plata deira er eit svært gjennomarbeid studioprodukt. Kenneth Lien er kanskje den mest scenevante, han er ledig og gyngande med lyra i fanget. Og når han set i gang med munnharpa der han verkeleg er ein meister, er han trygg som nokon og briljerer med dette magiske vesle instrumentet.

Dei to jentene er litt gøymde bak leidningar og mikrofonar, men det let bra. Interessant og fascinerande er det å høyre korleis Levina Storåkern brukar klimpreteknikk til å lage rytmiske figurar på fela, som er køyrt gjennom ein effektpedal som gjer lydbiletet større. Levina er felespelaren med lang erfaring, samtidig har ho òg lært seg kantele, eit instrument som kling vakkert saman med lyrene.

Eir Vatn Strøm styrer mest spakane, gjennom blant anna eit midi-keyboard. Elektronikken i lydbiletet er dempa, ofte berre som eit svakt bakteppe som er med på å skape den sfæriske effekten. Det er dei to jentene som syng mest, også tostemt saman, det kling vakkert og raffinert. Av og til er Kenneth òg med på songen. Slik skaper Ævestaden eit variert uttrykk der tekst og musikk smeltar saman. Eg skal ikkje her analysere tekstane, berre slå fast at det mørke og suggererande i musikken ofte blir forsterka av det tekstlege.

Ævestaden - nytt folkemusikkfenomen
Ævestaden: Ingen mere gråter
  • Heilo/Grappa musikkforlag, 2021
  • 7 spor, 40 min.
  • Produsent: Hans Martin Austestad
  • Tilgjengeleg fysisk på LP og digitalt på Bandcamp, strøymetenester etc.

Plata: liknar alt seg sjølv

I bil i seine timar med ljos nattehimmel over vide og opne stølsvidder i Valdres, lyttande til Spotify, var det at eg for alvor «oppdaga» trioen Ævestaden og plata Ingen mere gråter. Det var særleg éin låt som brente seg fast: singelen og fyrste låt på albumet, «Stanna inte», som nett no er spelt 12 500 gonger på Spotify.

På albumet er det kraviklyrer som slår an tonen, tostemt klang som gjev assosiasjonar til Magnushymnen frå Orknøyane. Kenneth Lien og Eir Vatn Strøm spelar kraviklyre med ein «groove» som bidreg til det suggererande i denne låten. Ein djup elektronisk puls, som ein forstørra fotetramp, set i gang, og eit nesten bassaktig riff som kjem om att og om att, visar seg å koma frå fela til Levina Storåkern. Langt bak i lydbiletet ligg eit elektronisk teppe, ein akkord, som skaper ein atmosfærisk dåm. Aller fremst ligg songen, og det er dei to jentene Levina og Eir som syng. Det let vakkert, mørkt og stemningsfullt, ein fengjande melodi og klangfullt og eggjande, ja! Det er enkelt samtidig som det er raffinert, og på forunderleg vis blir dette til musikalsk magi.

Teksten, som er på svensk, er som ein åtvaring om noko som kan koma til å hende om du ikkje er forsiktig, du bør gå vidare utan å snu deg, kanskje med referansar til eldre stoff? Båten (ekan) på vatnet, heller ikkje ufarleg, for sjøen er botnlaus. Me anar ei slag uro her, ei uro som kjem att i fleire av låtane.

Ævestaden presenterer sin musikalske stil og sitt musikalske særpreg eit stykke på veg gjennom denne låten. Dei er ikkje redd for å halde på, i ein slags urrytme kanskje, som ein finn att i ein annan låt òg. Levina Storåkern er ansvarleg for både tekst og melodi.

«Far» er signert Eir Vatn Strøm. Også dette ein song som varslar om uro, og kanskje ei alvorleg hending, kva har skjedd? Her er musikken litt meir tilbakelent i det rytmiske, men lydbiletet er med lyre, fele – både klimpring og med boge, og også her eit fascinerande elektronisk bakteppe. Det dreg seg opp, dramatikken aukar på, for så å roe seg ned att. Levina og Eir syng. Det er fin veksling mellom instrumentale og vokale delar.

Så flyt me vidare inn i ein religiøs folketone, Unni Løvlid er kjelde, det er ei lita bøn: «Gud unde oss her».  Eit mellomstikk kjem, salmetonen «O store Gud», Levina på fele. Framleis er det heile svært flytande, før ein puls på ny snik seg inn og suggesjonen frå «Stanna inte» er tilbake, denne gongen med ein stor kontrast mellom musikk og song. Songen er «Ack högaste himmel», folketone etter Kersti Ståbi.

Ulykkeleg kjærleik er gjennomgangsteamet. Dei er inne i kvar sine rytmemønster, songarane og instrumenta. Det er dristig og nyskapande, aldri om ein har høyrt ein slik kombinasjon før. Syntlyden er elles meir framme utan å bli påtrengande. Og folketonen lever liksom sitt eige liv, mot ei musikalsk djupn av strengspel og elektronikk. Ævestaden har satsa på lange låtar, difor inneheld plata relativt få , men lange kutt.

Folketonen lever liksom sitt eige liv, mot ei musikalsk djupn av strengspel og elektronikk.

For meg har alt Ævestaden etablert ein stil og liknar seg sjølv. Men på «På tide å dra», nok ein gong signert Eir Vatn Strøm, får lyra ein ny fargetone med bruk av effektboksane. Dette er ein roleg låt som understrekar det triste i teksten. Songen og eit langvarig kor mot slutten er med på å gje denne songen ein mørk tonevalør.

Nok ein salmetone etter Unni Løvlid: «Und mig Gud», som tittelen på plata er henta frå. Han går over i eit lite vers signert Levina Storåkern, «Rädda mig från mörkret». På dette kuttet viser gruppa seg frå ei anna side og lyrene er bytt ut med munnharpe, både som backinginstrument og rytmeinstrument. Levinas fele er både melodiinstrument og litt lydkulisse. Munnharpevirtuosen Kenneth får boltre seg med munnharpspel, og nok ein gong står det instrumentale i kontrast til songen, det er eggjande på ein annan måte, og intenst. Nok ein gong får Eir vist seg fram som den dyktige songaren ho er. Fela let inniblant djupt som ein kontrabass og understrekar alvoret: «Du min Gud, skal du inte redda mig från mörkret».

Siste låt «Flytta» er Levina Storåkern sin, her trakterer ho nok eit eldre tradisjonsinstrument, finsk kantele. Men også her er elektronikken med på å lage eit intrikat komp. Kjærleiken er nok ein gong temaet, ikkje den lykkelege denne gongen heller, kanskje meir i form av eit ynskje, ein lengt. Så kan ein spørje seg: Kor mange songar handlar eigentleg om lykkeleg kjærleik?

Hans Martin Austestad har vore produsent for plata, og han har hatt ei uvanleg god hand om denne produksjonen. Platecoveret Refleksjon er teikna av Asbjørn Strøm, bestefar til Eir Vatn Strøm. Oppsummert kan ein seie at Ævestaden skaper mørk og eggjande musikk med sterkt islett av folkemusikk, sjølv om dei lagar eigne låtar. Undertonen er det sfæriske, og det er skapt av tre musikarar som har noko på hjarta og som har funne ein felles musikalsk ståstad tufta på ulike individuelle bakgrunnar.

Ævestaden treffer tidsånda, men bidreg samtidig med sin eigen stil. Der er tangeringspunkt med gruppa Wardruna og deira frontfigur Einar Selvik, som har gjort suksess med musikken til fjernsynsserien The Vikings. Tekstleg, men òg musikalsk og ikkje minst når det gjeld image, skil Ævestaden seg likevel frå Wardruna. Trioen gjev ikkje uttrykk for at dei dyrkar vikingtid og det mytiske i det norrøne. Dei oppsøkjer det alderdommeleg på sitt vis gjennom instrumenta og einskilde tradisjonelle songar, samtidig som dei rettar blikket opp og fram og utforskar det som passar inn i deira musikalske og tekstlege univers.

Gruppa er på eitt vis i startfasen, kanskje òg når det gjeld dei sjølvskrivne tekstane. Det interessante er likevel at det handlar om eit stort alvor. Koplinga tekst, sterke vokalinnslag og original instrumentbruk syter for at Ævestaden treffer planken bra og med det ein mogleg veg inn til hjarte og hjerne hjå den som lyttar. Det er all grunn til å vente på meir frå denne kanten.

Folkemusikks meldar Kjell Bitustøyl har òg skrive ein biografi om dei tre medlemmene av Ævestaden, som du kan klikke her for å lese.

Ævestaden - nytt folkemusikkfenomen
Ævestaden - nytt folkemusikkfenomen