Egil Bakka startar ein debatt i Klassekampen den 30. september 2020, om dansen som del av samværet versus dansen som kunstutøving. Han snakkar om at ein heil generasjon vaksne ikkje kan danse meir, dei kan ikkje by opp nokon eller gå på golvet for å delta når der er musikk. Ein kan oppfatte at Bakka meiner slaget står mellom «dansar som heter noko» og «dans som frie rørsler til musikk». Sjølv om han òg minner om at desse kan leve side om side, er han uroa for at dei som studerer dans i hovudsak blir underviste i den greina av dansen som ser dans som utøving av kunst.

Debatten er i gang! I eit tilsvar 29. oktober, ført i pennen av Annette Brandanger, viser forfattaren til at dei utdanningslinene som tilbyr dans, har som mål å utdanne scenekunstnarar. Ho held fram med at dette ikkje skjer i konkurranse med hyggedansen, men som noko heilt anna – ei heilt anna form. Brandanger ser ikkje kunstdansen som skuldig i at nye generasjonar kjenner seg usikre på dansegolvet, og viser til at dansar med namn står på fagplanar i grunnskulen. Ho peikar òg på at dersom elevane har fått inntrykk av at «kreativ dans» berre er å finne på i farta, så har læraren for lite kjennskap til faget.

Men innlegget frå Bakka er kanskje ikkje riktig så bastant som ein kan tru ved første gjennomlesing. Eigentleg er dei to ikkje så usamde. Viss ein les han med litt andre augo, peikar han langt ut forbi dikotomien «hyggedans kontra kunstdans». Det ser ut til at uroa handlar om noko meir og større: Egil Bakka etterlyser danning, fellesskap, kunnskap og ferdigheiter – og aller mest, det grunnleggjande dansehandverket.

For dersom ein bryt ned den store eininga «dans» i små bitar, og ser nærare på kva dans inneheld, så finn ein mange av dei same små einingane som ein finn i til dømes «musikk» eller «biletkunst». Å uttrykke seg fritt innan musikk er lett for den som kjenner instrumentet sitt. I musikken ville vi kalle det speleteknikk; her brukar Bakka ord som «kroppsteknikk» og «mønster». Dei som har vore med i eit skulekorps, veit at det ikkje berre er å få slengt til seg ein tuba med ordre om å improvisere. I starten er det vanskeleg nok å få lyd, for ikkje å snakke om å uttrykke seg fritt! På same måten er det å uttrykke seg fritt i dans: når kroppen er instrumentet, må dansaren kjenne det like godt som tubaisten kjenner sitt.

Det er interessant at Bakka nyttar uttrykket «dansar som heiter noko» når han stiller det opp som motsats til friare former. Dei første formene han nemner, er twist og shake – dei har jo òg namn. Men det stemmer at i åra som kom etter twisten, vart det meir og meir meiningslaust å kalle dansane noko. På fest og på diskotek var dansarane i stadig større grad med på dansen utan å fylgje fastlagde former. Utover på 1980-talet var det stadig meir greitt å berre delta med sjølvvalde rytmiske rørsler der musikken opna for det. Berre swingen hadde enno eit namn.

Og det er vel bra? Då kan alle vere med, tenkjer mange. På den andre sida: Om ein overfører den same tanken til musikk, tyder det at ungar burde sleppe å lære «songar som heiter noko». Då held det om dei berre syng eller spelar alle tonar dei kan finne på. Men eit slikt samspel eller ein slik allsong ville bli kakofoni. Der er nokre grunnelement vi er nøydde til å samlast om, også i improvisatorisk musikk.

Og ikkje minst: Improvisasjon og fri utøving er noko av det vanskelegaste ein kan gjere. Det krev at ein kjenner instrumentet så godt at berre skuggen av ein tanke er nok før ein set fingeren på rett streng i rette sekund. Det er lettare å spele eller syngje noko ein har innstudert frå før av; det sit i fingrane. Det trengst stor dugleik for å uttrykke seg heilt fritt og ubunde, anten det no er kroppen eller tubaen som er framkomstmiddel for kjenslene.

All dans har eit namn. Namnet er livsmeistring!
All dans har eit namn. Namnet er livsmeistring!

Og her er det at Brandanger og Bakka faktisk møtest: Kunnskap er kjernen. Det kokar ned til å kunne faget, og kunne det godt. Dersom fri dans er heilt fri, er det læraren som har forsømt seg, seier Brandanger. Bakka spør retorisk om vi må ha eit dansefag som er likt over heile verda, eller eitt som dyrkar det som finst av dans på kvar stad. Eigentleg peikar dei på same problem – at kunstfaga ikkje har status i Noreg. Timetalet i desse faga vert skore ned år for år, sjølv om elevane har meir tid på skulen enn nokon gong i historia. Og det som verre er: Kunstfag i lærarutdanninga har heller ikkje status.

Som forskaren Anne Bamford uttrykte det i Aftenposten alt i 2012: I Noreg er kultur «koselig, men ikke særlig viktig». Ho meiner at rangeringa som fylgjer dei jamlege PISA-undersøkingane spenner bein på kultur i skulen. PISA-hysteriet, som Bamford kallar det, tildeler matematikk og andre akademiske fag all statusen. Det fører til at nyutdanna lærarar risikerer å stå framfor ein klasse utan nokon gong å ha sunge åleine, og utan å ha trødd eit dansetrinn i sitt liv.

Improvisasjon og fri utøving er noko av det vanskelegaste ein kan gjere.

Ni år seinare er det ikkje vorte likare, om ein spør Kari Mette Holdhus, professor ved Høgskulen på Vestlandet. I eit innlegg i Klassekampen 10. juni set ho fingeren på den ømme staden: at heile bygget manglar grunnmur. I skulen har korkje musikkfaget (der dans inngår) eller kunst og handverk ein pott som monnar: dei sit på 5% og 8% av timetalet kvar. Og berre halvdelen av lærarane som underviser i desse faga har sjølve fått opplæring i dei.

Holdhus er klar på at alt startar i lærarutdanninga, og ho fylgjer opp med at ein må sette inn støyten i skulen. Kulturskulen er fin, den er og ein stor arena, men kulturskule er for dei få. Det er i skulen ein når ut til alle, og det er her hóla er størst.

Mer av Sigrid Randers-Pehrson:

En nasjon av fintrøere? Det norskeste som fins er å gå på ski over Hardangervidda, vil noen mene. Men kanskje er det enda norskere å telle varer på nærbutikken med skolekorpset 2. januar?

Når rampen blir pampen. Kunstnere går foran i å åpne folks øyne for at andre verdener er mulige. De stiller seg selv ytterst på planken og tvinger seg selv til å gå den.

Dermed er det ikkje noko feil i korkje det Bakka seier eller det Brandanger svarar. Dansen svinn, slik songen gjer det, ved at altfor få kan han godt nok. Og det gjeld både kunstdans og tradisjonsdans: Altfor få står klare til å gje ungane ferdigheiter, anten det er gode «moves» eller dugeleg kroppsteknikk. Nyutdanna og urøynde lærarar kvir seg for å høyre si eiga røyst øvst i songen, og på same måte kjenner dei seg klønete på golvet. Det er ikkje rart om ungane får det likeeins!

Men dei dansane «som heiter noko» er likevel ein del av kjernen her. Med same analogi som før, der musikken får tene som døme, kan ein sjå føre seg at dei som går på skulen i dag skal bli vaksne ein gong. Dei som har lært å syngje, av ein lærar som kan nok om song, kjenner seg trygge på det, og kan slumpe til å bli songarar i eit kor ein dag. Dei kan vidareutvikle seg der, mentalt og musikalsk, men ikkje minst menneskeleg. Dei kan kjenne på mestring, venskap og samhald der. Dei kan få betre fysisk og psykisk helse. Men det krev at dei vågar å møte opp. Kjenner ein seg utrygg på stemma si, blir den dørstokkmila lang.

Og på same måten er det med dei som har lært nokre dansar. Dei kan gå på ein fest eller kjøpe billett til ein dansegalla. Dei kan kjenne att rytmemønster som passar til dansane dei kjenner, dei kan by opp andre, dei kan vere del av den større eininga som folka på eit dansegolv er. Dei kan ta med seg ferdigheitene ut i livet og møte andre som kan den same dansen, og bryte isen i nye samanhengar. Dei kan røre seg trygt i det dei har lært, utan å kjenne seg flaue og utstilte. Dei kan ta omkring den framande dansepartnaren utan å verke klam. Dei deler tradisjon, repertoar og ordtilfang med andre som har vakse opp med dansen i området.

Å vere i verda blir betre dersom ein har med seg dei estetiske faga og har fått god opplæring i dei. Men i kampen om kronene vert dei harde fakta altfor ofte prioritert. Organisasjonslivet, som FolkOrg, Norges Musikkorps Forbund, Norges Korforbund, Noregs Ungdomslag og andre, har ei stor oppgåve i å synleggjere korleis svekkinga av desse faga svekker danning og fellesskap. Moteordet i skulesatsing i dag er «livsmeistring», men dette ordet må fyllast med innhald. Hos små born er det mellom anna gode relasjonar, gode kjensler og meistring av ferdigheiter som gjev livsmeistring.

Læt dette kjent? Ja, for det er nettopp dei same tinga ein bygger i song og dans: fellesskap, glede i lag, læring av nytt. Dei estetiske faga er uslåelege i dette. Å meistre kropp, stemme og rørsler er ei kjelde til sjølvtillit og indre tryggleik.