Folkemusikken utviklar seg heile tida, og det må språket om musikken også gjere. Og viss du bryr deg om folkemusikken, så trengst ditt bidrag til samtala om han!

Dette trur vi på i magasinet Folkemusikk, og det slo vi eit slag for i lavvoen fredagen på Folkelarm 2021. Då arrangerte me bladslepp med allmøte om musikken på Folkelarm 2021. Audun Stokke Hole og Sigrid Randers-Pehrson leia samtala, og vi bad om og fekk mange gode innspel frå salen. Fleire i publikum gav uttrykk for at denne samtaleforma har noko for seg, og vi satsar på å arrangere fleire slike musikalske allmøte i 2022. Vindlyd var til stades og tok opp samtala, som du får høyre som podkast våren 2022.

Allmøte om folkemusikk!

Med samtala markerte vi at siste utgåva av Folkemusikk i 2021 er sleppt, og feira òg at Folkemusikk har fått fornya tillit av tidsskriftutvalet til Kulturrådet. Denne veka fekk vi eit solid tilskot for 2022 — det kjem godt med. Magasinet Folkemusikk gjer seg ikkje sjølv. Vi ønsker oss òg fleire abonnentar — så er du ikkje abonnent, klikk deg inn og bli det i dag!

Teksten blei først publisert på Facebook.