Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Kirsten Bråten Berg. Foto: Knut Utler.

Leiv Solberg. Foto: Knut Utler.

Årets kappleik går av stabelen 20.–21. september på Granvin kulturhus. Fredagen er det konsert med Kirsten Bråten Berg, Leiv Solberg, Johanne Flottorp og Åsmund Solberg. 

– Dei vil nok konsentrere seg om stoff frå Agder, fortel kappleiksleiar Torunn Raftevold Rue. 

 

– Vi gler oss til å få høyre kvedardronninga Kirsten Bråten Berg og Leiv Solberg, som no har meir tid til speling etter å ha pensjonert seg frå Folkemusikktimen. I tillegg har dei med to yngre blad i Johanne og Åsmund, som også tidlegare har spelt mykje i lag. Vi ser fram til å få høyre desse fire flotte artistane i lag. 

Spenning knytt til Smedalfela

På laurdagen er det kappleik som vanleg, i spel, dans og kveding. Det er lagt opp til gilde premiar, og det er knytt ein god del spenning til kven som får napp på Smedalfela, som er laga av Ottar Kåsa. Dette er ein vandrepremie som vart gjeve av Johan Angre i Flatdal Handlaft i  2019. Lars Erik Øygarden, Ottar Kåsa og Per Anders Buen Garnås har alle eitt napp kvar.

– Det kjem ein ungdomsgjeng frå Oslo og studentar frå Rauland. Vi har prøvd med førehandspåmelding i år, men det har det ikkje vore tradisjon for det i Telemark, så vi får sjå kor vellukka det blir. Det blir likevel også i år mogleg å melde seg på fram til klokka 15.00 sjølve kappleiksdagen, kan Raftevold Rue informere om. 

Dommarar i år Alf Tveit, Steinar Strøm, Arne Øygarden, Signe Årdal Tveiti, Marit Vågen Lilleland og Ole Anfinn Hagen. 

Les meir om kappleiken her

Bergekongen og ungdommen

Frå Bergekongen. Foto: Knut Utler.

Som oppvarming til konserten på fredagen blir det framsyning av «Bergekongen» med ungdommar frå fordjupingskurset i folkemusikk som gjekk føre seg i Telemark. Spelet tek utgangspunkt i balladane om Margit Hjukse og Liti Kjersti og Bergekongen. Der er det med 20 ungdommar frå fleire kommunar i Telemark, og det blir både dans, spel og kveding. Even Westeng, Lars-Ingar Meyer Fjeld og Malin Røysland Skårberg er med som instruktørar. Dei har også godt samarbeid med rektor Guri Røsok i Midt-Telemark kulturskole.

– Fordjupingskurset hadde utspring i UngFolk og Bygda dansar, men dei har no undervisning gjennom helgesamlingar fleire gonger i året. fortel Raftevold Rue. 

Dei hadde framsyning også under Telemarkfestivalen, og ho skal dermed vere godt innøvd.

– Det er fint at dei kan møtast på tvers av kommunegrensene, det er viktig at dei har miljø dei kan få vere ein del av når dei kjem i den fasen av ungdomstida der mange sluttar, understrekar Raftevold Rue. 

Les meir om Bergekongen her.

Rekrutteringsarbeid i bylgjer

Raftevold Rue flytta til Seljord i 1990. Tidlegere var det noko som heitte Seljordspelet, men det var rundt tusenårsskiftet at dei tok opp Seljordkappleiken som sidan har vore arrangert både i Seljord, Flatdal og i Åmotsdal. 

– Korleis står det til med folkemusikkmiljøet i Seljord no?

– Vi er ein del som møter på øving i spelemannslaget, og spelte seinast på Dyrsku’n i helga, då var vi ni stykk. Det er kome med nokre yngre krefter. Det er elles noko rekruttering i kulturskulen, fortel Raftevold Rue.

Sjå Seljord Folkemusikklag spela Skinnluva under Landskappleiken på Rjukan her

Det er også sett inn rekrutteringstiltak i spel og dans som skal gå i gang i haust. Lisa Haugeland har kome inn som lærar etter at Ragnhild Knudsen har gått ned i stilling. 

– Det er viktig å tenkje rekruttering i lærekrefter også, seier Raftevold Rue. 

Raftevold Rue, som var veldig aktiv i rekrutteringsarbeid i mange år, har trekt seg litt attende frå denne fronten. Ho fortel at dei på den tida Landskappleiken vart arrangert i Seljord i 2011, hadde dei 50 som dansa i barneleikarringen Tusseleiken og 30 som spelte i kulturskulen. 

– Det var veldig bra, men dette går i bylgjer. Vi må ha nokon som driv det fram, det er berre å «gønne» på. Det hadde vore kjekt å arrangere Landskappleiken i Seljord att, men tanken må modnast nokre år, og det bør byggast opp eit større miljø, konkluderer Raftevold Rue med.

NB! Johanne Flottorp er tilsett som journalist i Folkemusikk, men er i skrivande stund ute i permisjon.