Albumet Nedstilt skriv seg inn i ein trend som har skote fart blant norske toradarspelarar dei siste tiåra: å overføra hardingfeleslåttar til durspelet. Plata markerer seg som eit spanande tilskot i utviklinga, og skil seg tydeleg ut frå andre toradarplater med sin heilt særeigne stil og underliggjande premiss.

Den diatoniske toradaren er noko musikalsk avgrensa med sine to rader med diskantknappar, og det blir stadig vanlegare å sjå utøvarar som skaffar seg fleire knappar å spela på. Dette gjeld blant andre platedebutant Anette Thorsheim (f. 1980) frå Masfjorden i Nordhordland. Då ho ville byrja å overføra feleslåttar til toradar, oppstod nye behov, og ho skaffa seg ein treradar: ein toradar med ei heil ekstra rad tonar i diskanten og atten bassknappar i venstrehanda (mot åtte bassar på ein standard toradar). Det utvidar dei musikalske moglegheitene betydeleg, og gjer det blant anna lettare å spela i fleire toneartar. På Nedstilt speler Thorsheim på to slike treradarspel.

Anette Thorsheim: Nedstilt
Anette Thorsheim: Nedstilt
  • Ta:lik, 2021
  • 16 spor, 49 min.
  • Produsert av Anette Thorsheim

Thorsheim har utdanning frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og Høgskulen i Telemark, og har spela i mange ulike musikalske konstellasjonar. Ho har lang erfaring i å overføra felerepertoar frå ulike tradisjonsområde til durspelet. Til dagleg er ho ph.d.-stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid ved universitetet i Bergen, og no er ho altså aktuell med si første soloplate.

Albumet på drygt 50 minutt inneheld 16 låtar, der omtrent halvparten er eigenkomponerte marsjar og rullar. Dei resterande åtte slåttane er eigne variantar av springarar etter ulike kjelder i Vestland. Det som gjer denne utgjevinga ekstra spanande, er at Thorsheim har valt å overføra nesten berre slåttar som originalt vert spelt på nedstilt bass på hardingfele (A–E–H–F# / G–D–A–E) til durspelet, og at ho speler alle slåttane på plata i G på eit A/D-instrument eller i F på eit G/C-instrument. Ved å spela i denne «posisjonen» har ein den lydiske skalaen lett tilgjengeleg, og ein får tilgang nye kvalitetar som basskombinasjonar, belgsnuingar og andre musikalske effektar enn elles. Slik kan slåttane få ein heilt annan karakter uavhengig av toneart.

Det skin gjennom heile albumet at det er hardingfela som er idealet for musikken – det viser seg også att i tittelen på plata, som er namnet på eit felestille. Når Thorsheim overfører springarane til instrumentet sitt, legg ho kompromisslaust musikken så tett opp mot hardingfelespelet som mogleg, av og til på bekostning av eigenarten og dei fordelaktige eigenskapane til durspelet sjølv . Til dømes vel ho ofte liggjande tonar i bassen for å herma fela, og ho nyttar seg mindre av akkordprogresjonar. Slike val knytt til ulike eigenskapar ved sjølve instrumenta er ei kjent problemstilling, som musikarar må ta stilling til ved alle overføringsprosessar mellom ulike instrument.

Thorsheim syner fram eit høgt teknisk nivå og har klart å skapa sin eigen unike spelestil som skil seg tydeleg ut frå andre toradarspelarar på Vestlandet. Som lyttar får eg ei kjensle av kvalitet og at materialet er gjennomarbeidd ned til den minste trille. Thorsheim evnar å gje driv til dei vare, lyriske marsjane og kraft til dei friske springarane. Særleg kan «Rull etter Karl Øvretveit» trekkjast fram som eit høgdepunkt. Dette er ein suggerande rull med god framdrift, som hermar den originale hardingfelemelodien godt. Av eigne komposisjonar er «Rull til Helga» ein personleg favoritt.

Alle slåttane vert spelt med mørkt register i diskanten, noko som gjev eit grovt og gromt uttrykk og ei oppleving av kraft og fylde. Tatt i betraktning at plata har eit snevert utval av slåttetypar og at alle låtane blir spelt i same nemnte «posisjon», kunne eg som lyttar ynskt meg større spennvidde i klangbiletet og at variasjonsmoglegheitene i arrangementa og registera vart meir utnytta. For det kresne øyret kan nok plata opplevast som noko einsformig.

Alt i alt er Nedstilt eit vellukka album som bidreg i utviklinga av det norske toradarspelet og som er vel verdt å leggja merke til. Ein kan diskutera kor vidt det er ynskjeleg å leggja seg så tett opp mot hardingfela som ideal for musikken, i den grad at det går bekostning av durspelet sine fordelaktige eigenskapar. Men innanfor premissa som er lagt, har Thorsheim gjort eit godt og nøyaktig stykke arbeid, og leverer ei solid plate.