Tekst: Jostein Aardal
Anne Hytta er nominert som komponist for verket «Bridge» som ho fekk heider og ære for under utdelinga av Spellmannsprisen. Ho har for øvrig vunne spellmannspris fleire gonger før.
Nordisk råds musikkpris blir delt ut annakvart år til komponist og annakvart år til ein aktiv utøvar. I 2023 var folkesongar Berit Opheim nominert som utøvar til Nordisk råds musikkpris.
Anne Hytta (49) er stipendiat ved fagseksjon for improvisert musikk, jazz og folkemusikk på Norges musikkhøgskule (NMH). Fagansvarleg for folkemusikk ved NMH, Unni Løvlid, er glad for nominasjonen.
- Det at ein folkemusikar som skaper ny musikk inspirert av tradisjonane er nominert til ein slik høgthengande pris er stort. Det er stort for heile feltet vårt, seier Unni Løvlid.
- Anne opnar horisonten og inspirerer andre. Gjennom sin kunst er ho med på å gjere folkemusikken likeverdig med all anna musikk i samfunnet vår, konstaterer Unni Løvlid.
- Fint å bli løfta fram
- Det er fint at eg som komponist og tradisjonsmusikar blir løfta fram med eit verk eg har skrive i ein musikkpris der det kanskje har vore meir vanleg å trekke fram klassiske samtidskomponistar, seier Anne Hytta.
Og legg til: - Det er alltid veldig spennande å høyra kva komponistar med bakgrunn i andre sjangrar får ut av ny musikk fundert på eit tradisjonsmateriale. Det gir meg nye perspektiv. Som utøvar og komponist har eg noko eg kan mykje om og mykje eg kan lite om. Det har vel både med personlegdom og sjangerbakgrunn å gjere.
- Om nominasjonen er eit nikk til kvalitetane vi som tradisjonsmusikarar løftar fram, anten musikken er gammal eller ny, så gjer det meg glad. Og det gler meg veldig at folkemusikkmiljøet gledar seg over nominasjonen, seier Anne Hytta.
Juryens grunngjeving
Dette er noko av det juryen trekkjer fram som grunngjeving for nominasjonen av Anne Hytta:
«Med det suggererende verket Brigde har hun mesterlig transformert hardingfelas karakteristikker over i en kammerorkestral kropp og klang, noe som blir både spesifikt og universelt på samme tid. Hun skaper en åpen og grenseløs tilstand, som er og alltid har vært, uten at en har hørt den før. En nyskapende søken etter hardingfelas innerste vesen.»
Anne Hytta med verket «Bridge» og Tyler Futrell med verket «Stabat Mater» er dei norske kandidatane til komponistprisen som blir utdelt i Reykjavik i oktober. Til saman tolv artistar og musikkgrupper er nominert til Nordisk råds musikkpris 2024.
Dei konkurrer med følgande nominerte: Jonas Struck og Rune Glerup (Danmark), Cecilia Damström og Linda Fredriksson (Finland), Tróndur Bogason (Færøyene), Hugi Guðmundsson og Laufey (Island), Anders Hillborg og Hampus Norén (Sverige) og Peter Lång (Åland).
Litt om musikkprisen
Nordisk råds musikkpris skal gje merksemd til skapande og utøvande musikarar av høg kunstnarisk kvalitet. Annakvart år blir prisen gitt til eit verk av ein nolevande komponist og annakvart år går prisen til eit større eller mindre ensemble, ifølge statuttane.
Det er ingen avgrensing i sjanger når komponistprisen blir utdelt. Men det må vere ein nolevande komponist. Verket skal oppfylla høge kunstnariske krav og betraktast som «nyskapande innanfor sin sjanger».
Den/dei som blir nominert utøvarprisen skal vere aktivt utøvande musikarar. Verksemda skal pregast av «nyskaping på høgt kunstnerlig og handverksmessig nivå». Kontinuitet har betydning ved val av prismottakar.
Prisen blir administrert av Nordens hus på Færøyane, og er til liks med prisane i litteratur, film og for natur- og miljøarbeid på 300 000 danske kroner.
Fleire kjende nordiske musikarar og komponistar har fått prisen opp gjennom åra. Blant desse er norsk-samiske Mari Boine, den islandske vokalisten Björk, trompetist Palle Mikkelborg frå Danmark, den finske komponisten Kaija Saariaho og den svenske dirigenten Eric Ericsson.