Tidlegare i haust sendte FolkOrg ut ei spørjeundersøking om seksuell trakassering og anna uønskt åtferd i samarbeid med Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff). Dette kom i kjølvatnet av #metoo-oppropet i Aftenposten hausten 2020, der fleire personar i miljøet bad organisasjonane opne augo for dette også her.
Direktør ved Sff, Ellen Krageberg, seier i ei pressemelding at målet med undersøkinga har vore å kartlegge situasjonen. På den måten kan dei sette inn dei rette tiltaka for å betre kulturen.
Dei tre organisasjonane er også samde om at dei må ha god dialog, og at eit problem som dette ikkje kan løysast av ein einskild organisasjon. Dei må stå saman.
Godt miljø hos fleirtalet
Opinion, som har gjennomført undersøkinga, rapporterer om tre viktige funn. Fleirtalet av medlemmene i FolkOrg og NU meiner det er eit godt, hyggeleg, inkluderande og trygt miljø i organisasjonane. Men samstundes er det 15 prosent av dei som har svart som oppgjev at dei har opplevd uønskt eller grenseoverskridande åtferd på arrangement i regi av FolkOrg, NU eller Sff dei fem siste åra.
Eit anna funn er at det er få som kjenner til varslingsrutinane i organisasjonane, og dette er ifølgje Balansekunst ein tendens som går att fleire stader i kulturlivet. Ein del oppgjev også at dei er usikre på om dei ville ha varsla dersom dei skulle bli utsette for noko. Nokre av dei som har blitt utsett for noko uønskt, svarer at dei ikkje følgde det opp ved til dømes å seie ifrå til vedkommande eller varsle i organisasjonen.
Dei yngste ser mest
Det er også skilnad mellom aldersgruppene. Den yngste gruppa respondentar, i alderen 16 til 30 år, opplever oftare uønskt åtferd eller grenseoverskridande handlingar, og det er også denne gruppa som oftast har observert slik åtferd. Den som utfører handlinga er også oftare eldre enn den som blir ramma. Så mange som 8 av 10 svarar dette.
Rett før resultata frå spørjeundersøkinga var klare, blei FolkOrg tildelt Balansemerket. Det er ei merkeordning organisasjonen Balansekunst gjev til kulturverksemder dei kursar og rettleiar i arbeidet med seksuell trakassering. Organisasjonane som oppnår merket må gjennomføre tiltak i eigen organisasjon og ta grep for mellom anna å kartlegge risikofaktorar for trakassering.
Administrasjonen og styret i organisasjonen er òg blitt kursa, og rutinar for varsling er utarbeidd. Desse ligg tilgjengelege på nettsidene til FolkOrg saman med annan relevant info.
Dei tre organisasjonane Sff, NU og FolkOrg er samde om at eit problem som dette ikkje kan løysast av ein einskild organisasjon.
Synleggjer arbeidet
Balansemerket skal synleggjere at ein organisasjon held på med eit arbeid – ikkje at ein er ferdig med arbeidet. FolkOrg har difor klare planar for arbeidet vidare, og handlingsplanen for det kommande året inneber mellom anna arbeid internt i organisasjonen, skriv dei i pressemeldinga. FolkOrg vil lage ein kampanje for auka medvit rundt temaet, kalla «Har du folkemusikkskikk?», og vil lage eit verneombodssystem og informere tydeleg om retningslinjer og rutinar for varsling.
– Vi skal oppmode lokallaga til å sette temaet på dagsorden og å gjennomføre Balansemerket sitt digitale kurs. Hovudnemndene på Landskappleikane og Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal ta det same kurset. Dette er eit arbeid som heile organisasjonen må ta del i, seier dagleg leiar i FolkOrg Linda Dyrnes i pressemeldinga.