Tekst: Kjellbjørn Karsrud.
Frå før er det kjent at Landskappleiken skal arrangerast i Eidfjord i 2025 og Setesdal i 2026, medan Landsfestivalen blir arrangert i høvesvis Oppdal og Vågå desse åra.
No er det klart at Landskappleiken i 2027 går til Voss for fyrste gong sidan 2010. I 2028 går turen til Bø for kappeikspublikummet, og me må attende til jubileumskappleiken i 1988 for sist gong det skjedde. Den siste kappleiken dette tiåret blir å finne hjå ein gamal travar, nemleg Vågå.
Det blir fleire nye arrangørar på festivalsida. Landsfestivalen blir i 2027 for fyrste gong lagt til Numedal, der Kongsberg Trekkspillklubb er arrangør saman med Numedal spel- og dansarlag. I 2028 er det nok ein tur til hardingfeleland for festivaldeltakarane, når Ål spel- og dansarlag inviterer til festival på Sundre. I 2029 så går turen til Verdal og nordlege delar av Trøndelag, der Landsfestivalen sist vart arrangert i Steinkjer i 2014.
– Vi er svært takksame for at lokallaga våre stør opp om desse viktige arrangementa våre, seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan.

Ho legg til at sjølv om mange av dei omlag 150 lokallaga i organisasjonen ikkje har forutsetningar til å ta på seg arrangørrolla av ulike årsaker, så er det mange lag som stør opp om arrangementa gjennom deltaking og friviljugt arbeid.
– Det at vi får gode søkjarar til alle arrangementa tek vi ikkje som ei sjølvfølge, det er mykje arbeid og eit stort ansvar dei tek på seg når dei seier ja til å vere arrangør, seier Reitan.
Meir informasjon om Landsfestivalen og Landskappleiken
Følg med på www.landskappleiken.no for informasjon om Landskappleiken
Følg med på www.landsfestivalen.no for informasjon om Landsfestivalen i gammaldansmusikk
Følg også arrangementa i sosiale medium:
www.facebook.com/landskappleiken
www.facebook.com/landsfestivalen
Landsfestivalen til nye område
– Det er ingen tvil om at gammaldansen er populær for folk i alle aldrar, vi har hatt svært god påmelding til tevlingane dei siste åra og vi har tru på at dette fortset i åra som kjem, seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan. -Eg gler meg spesielt over at vi har fått heilt nye søkjarar til Landsfestivalen denne gongen, seier Reitan.
Landsfestival på Lampeland i 2027
Arrangøren skriv at Lampeland har gode fasilitetar, med idrettshall, skule, grendehus, hotell, butikkar og eigna område for camping. Kommunen og Lampeland Hotell er positive til arrangementet, og hotellet vil stå for catering og losji for dommarar og andre involverte.
Søkarane meiner at ein landsfestival på Lampeland vil styrke gammaldanstradisjonen i dalen og vise fram lokale musikktradisjonar for resten av landet.
– Det blei mottatt med stor glede hjå Numedal Spel- og dansarlag og Tradisjonslaget i Kongsberg Trekkspillklubb at vi har blitt tildelt Landsfestivalen for 2027. Vi gler oss til å ta fatt på jobben saman, og har allereie starta planlegginga. Vi gler oss veldig til å invitere «gammeldansfamilien» heim til Numedal i 2027, seier Anders Næss, som har teke på seg å vere leiar for hovudnemda for festivalen i 2027.

Landsfestival i Ål i 2028
Laget har omfattande erfaring med store folkemusikkarrangement, som Folkemusikkveka, Landskappleiken i 1997 og NM i folkemusikk i 2009.
Ål framhevar at dei er godt rusta til å vere vertskap, med oppgraderte arenaer som idrettshall, skular, kulturhus og kyrkje, alt innan gangavstand. Overnattingskapasiteten er god, med hotell, camping og hytter i og rundt Ål. Kommunen støttar søknaden og vurderer å utvide idrettshallen for auka publikumskapasitet.
Ål har sterke folkemusikktradisjonar og eit aktivt miljø innan både bygdedans og runddans. Laget meiner festivalen vil styrke desse tradisjonane og ser fram til eit kompakt og vellukka arrangement.
- Ål Spel-og dansarlag er glade for å få tildelt Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 2028. Vi gler oss til å invitere både tilreisande og lokalt publikum til tevling, dans og sosialt samvær på Ål, seier leiar i Ål Spel- og dansarlag, Jo Asgeir Lie.
Han fortel at motivasjonen deira med å søkje om Landsfestivalen er todelt.
– For det fyrste er det viktig for Hallingdal at Landsfestivalen kjem attende til dalen. Hallingdal har ein lang historie med å arrangere store festivalar, og med den regionale satsinga på folkemusikk og folkedans som har kome i gang i dalen, er det ekstra viktig å ha arrangement som samlar ung og gamal i alle bygdene til dugnad og felles trivnad.
– For det andre er det ein lang tradisjon med runddansspel i dalen, og nokre av dei viktigaste gruppene i norsk gammaldanshistorie har utspringet sitt nettopp i Hallingdal.
Han trekker fram Toradertrioen frå Hallingdal, Knut Halvards og Hallingdal kraftlag som viktige ambassadørar.
– I tillegg har nyare forsking også synt at det på seint 1800-tal og på byrjinga av 1900-talet også vart spela mykje runddans på hardingfele, og dette spanande repertoaret er no i ferd med å bli teke fram att. Difor er det ekstra stas at Ål Spel- og dansarlag kan stå som vertskap for Landsfestivalen i 2028, seier Jo Asgeir Lie.

Landsfestival i Verdal i 2029
Verdal spellmannslag har eit sterkt miljø og god arrangementserfaring. Juniorspellmannslaget og nabospelmannslag stiller seg positive til samarbeid.
Festivalen kan inngå i Nasjonaljubileet 2030, der temaet for 2029 er «Folketradisjon». Festivalen er planlagt 1.–5. august 2029, rett etter Olsokdagane på Stiklestad.
- Vi i Verdal spellmannslag er svært glade og takknemlege for tilliten som er vist oss med å tildele Landsfestivalen i gammaldansmusikk til Verdal i 2029. Festivalen vil komme til ein kommune og område med sterke tradisjonar, og tildelinga gir ein anledning til å bygge lokallag og miljø vidare fram mot 2029. Det ligg også spennande moglegheiter i å dra vekslar på alt som skjer i Verdal og på Stiklestad rundt arbeidet med Nasjonaljubileet. Ein Landsfestival i gammaldansmusikk vil bl.a. passe godt inn i Jubileumsstafetten, der tema for 2029 nettopp er «Folketradisjon», seier leiar i Verdal Spellmannslag, Einar Olav Larsen.
Landskappleiken til røynde arrangørar
– Når vi no har tildelt arrangementet til tre lokallag med svært gode søknadar til arrangementet, og som i tillegg er geografisk spreidd i landet, så er vi trygge på at utviklinga av Landskappleiken held fram, og at vi får oppleve fine Landskappleikar i åra som kjem, seier Reitan.
Landskappleik på Voss i 2027
Voss Spelemannslag har 112 medlemmar og lang erfaring med store arrangement, og Landskappleiken har vore på Voss seks gonger tidlegare, sist i 2010.
Dei framhevar i søknaden at dei har gode overnattingsmoglegheiter, men kappleikscamping kan vere ei utfordring. Aktuelle arenaer inkluderer idrettshallar, Gamlekinoen, Park Hotel, Indremisjonen sitt lokale Nain, Ole Bull Akademiet og Vangskyrkja. Samarbeid med Osafestivalen kan styrke gjennomføringa.
Kommunen, lokale bankar og Ekstremsportveko er positive til søknaden. Det er mogleg å nytte Ekstremsportveko sine innkjøpsavtalar for mat og utstyr.
Arne Anderdal, leiar i Voss spelemannslag, er glade for å få tildelt Landskappleiken 2027 – 17 år etter førre gong Landskappleiken var på Voss. Dette blir den sjuande gongen i historia at Voss skipar til Landskappleik.
– Dei seinare åra har vi hatt god rekruttering av born og unge til folkemusikk- og folkedansaktivitetar. Å arrangere Landskappleiken 2027 håpar vi vil vere motiverande og inspirerande både for medlemmane i laget og for bygda generelt. På Voss er vi heldige å ha arrangørkompetanse blant den eldre garde frå tidlegare Landskappleikar, i tillegg til at vi har god tilvekst blant barn og unge. Vi får på den måten sikra verdifull kunnskapsoverføring mellom generasjonane, seier han.
Anderdal ser fram til å invitere heile Folkemusikk-Noreg til Voss, og ikkje minst til å samle bygda til ein stor folkefest fyllt med spel og dans.
– Vel møtt på Voss og Landskappleiken 2027, seier leiar i Voss Spelemannslag, Arne Anderdal.

Landskappleik i Bø i 2028
Bø juniorspelemannslag vil stå som arrangørar av Landskappleiken 2028 i Bø frå 28. juni til 2. juli. Dette vil markere 40 år sidan førre landskappleik i bygda og 140 år sidan den aller fyrste kappleiken i 1888.
Laget har lang erfaring med å fremje folkemusikk og -dans, og fleire lokale aktørar, som Spelemannslaget Bøheringen, Bø dansarring, Telemarkfestivalen og Telemark folkemusikklag, har allereie uttrykt si støtte til arrangementet. Midt-Telemark kommune, lokale reiselivsaktørar og offentlege instansar er òg positive til planane.
Gullbring kulturhus vil vere hovudarena for tevlingane, med fleire salar og gode fasilitetar. Det er lagt planar for overnatting, transport og servering, inkludert ein kappleikscamp nær kulturhuset.
– Me er sjølvsagt veldig glade for å endeleg kunne arrangere Landskappleiken i Bø att i 2028. Det er 40 år sidan sist og på høg tid! Det vil òg gi verdifull kompetanse og erfaring, slik at Bø kanskje kan etablere seg som vertskap for Landskappleiken med jamne mellomrom i framtida! Velkomen til Bø og Landskappleiken 2028, seier Ingebjørg Bø, som har teke på seg å vere leiar for Landskappleiken i 2028.

Landskappleik i Vågå i 2029
Vågå Spel- og dansarlag (VSD) søkjer om å arrangere Landskappleiken 2028, etter tidlegare å ha vore vertskap fleire gongar, sist i 2019. Kappleiken er planlagt gjennomført i veke 26, frå 28. juni til 2. juli. Vågå har eigna arenaer i kulturhuset, Vågåhallen og mattelt, alle med kapasitet i tråd med krava frå FolkOrg. Øvingsrom vil vere tilgjengelege på skulane i nærleiken. Overnattingstilbodet omfattar hotell, feriesenter, campingplassar og festivalcamping, alt innan gangavstand til arenaene. Vågå kommune støttar arrangementet, og VSD har lang erfaring med slike gjennomføringar, skriv dei i søknaden.
– Vi i Vågå Spel- og dansarlag er svært glade for å få anledning til å invitere alle attende til ny Landskappleik i Vågå, seier leiar i Vågå Spel- og dansarlag, Ketil Størseth.
– Arenaen for Landskappleiken 2029 vert som tidlegare kappleikar samla kring samfunnshuset og hallen. Vi er visse om at vi skal skipe til ein god Landskappleik også i 2029, seier Størseth.

Folkemusikk er kjende med at Lom og Røros jobba med å få høvesvis Landsfestivalen og Landskappleiken. Styret i FolkOrg sat dermed med eit luksusproblem då dei skulle tildele seks arrangement på åtte arrangørar. Neste utlysing blir truleg i 2027, og truleg vil det vera fleire om beinet også når kappleikane og festivalane for 2030-talet skal fordelast.