Kanskje heng det saman med måten pandemien tok frå oss dei nære møta, men musikk når ekstra langt inn no. Og når det er noko so menneskeleg som tre stemmer som treff øyrene, dirrar det i heile kroppen. Det er nesten som om du kan ta på lyden frå Aurom, det er taktilt.

Det meste av repertoaret er skrive av Aurom sjølve, men vi finn også tradisjonsmateriale her – seks nye komposisjonar og fire tradisjonssongar i Auroms arrangement. «Lokk etter Marit Jensen Lillebuen» kjem som eit interludium og bryt inn i det rommet som er etablert. Arrangert for tre ulike stemmer med stort spenn og ein samklang mellom dei der dei utfyller kvarandre.

Aurom: Utan å dirre
Aurom: Utan å dirre
  • Nye Nor (tidl. NorCD), 2021
  • 10 spor, 31 min.
  • Produsert av Unni Løvlid

Auromheimen er det andre riket som Olav Åsteson vandrar gjennom i Draumkvedet. Og det er drøymande.

Frå første anslag i «Når du har gått» er det klart at her har ein teke eit val om å vere rå og direkte. «Eg følgjer deg, når du har gått…» treff rett i kjernen. Dei tre songarane syng kvar sitt korte vers, som tre innleiande portrett av stemmene – Malin Alander, Guro Utne Salvesen, Ingebjørg Lognvik Reinholdt.

Unni Løvlid har vore produsent, og om ein vil kan ein høyre hennar musikalske verdiar skine gjennom. Det er rått og ærleg, og også lydproduksjonen har teke vare på denne råskapen.

«Dirre» er ein trestemt klagesong der dei tre unike stemmene får like mykje plass. Aurom har spelt på dei rå klangkvalitetane til kvar stemme i arrangementa. Når kvar stemme får klinge for seg sjølv, heller enn at stemmene blandast til eitt homogent uttrykk, kjem det også opp nye harmoniar. Overtonane i kvar stemme skaper sine eigne harmoniar, som får leve organisk, og i det ligg det ein spontanitet som tilfører musikken mykje. At songarane også nyttar ulike teknikkar, for eksempel frå lokketradisjonar, gir meir bensin på overtonebålet og inn i mellom lét det som eit større kor, eller instrument som fløyter eller til og med trekkspel.

Andre gongar er musikken meditativ, nesten sakral. Som «Stille» som blir kviskra til lyttaren, direkte kopla på nervane. «Den tolvte sang», som avsluttar plata, fungerer på same måten. Det stryk nervane. I «Møy» ligg det ulike kjensler i alle stemmene – smerte, nytelse, sinne.

I «Vil (Kan jeg nu slet inkje…)» knivar mikrotonale ekko mot kvarandre og skaper harmoniar som vil klinge ulikt frå øyre til øyre. Her høyrer ein at det ligg vilje bak orda dei formidlar, og ein energi som smittar over på lyttaren – det er dette som er ærleg musikk. Aurom vil noko med musikken, og det er umogleg for lyttaren å stå i mot.

Eit høgdepunkt er «Fugl» der dei er på sitt mest mystiske og det stille og det kraftfulle går i eitt. Her er smeltast element som kunne vore frå samtidskomponistar, jazzmusikarar eller eldgamle polyfone tradisjonar saman til eitt komplett uttrykk.

Albumet er berre utgitt digitalt, men heldigvis finst det i dag strøymetenester som leverer cd-kvalitet eller betre. For det er sikkert – denne plata fortener ikkje å bli komprimert i hel og silt ut gjennom det smale lytterommet som eit headset gir. Det kan ikkje seiast for tydeleg – lytt til denne musikken på eit godt anlegg, elles går du glipp av energien, kjenslene, overtonekoret, råskapen, det taktile. Den rå klangverda Aurom.