Tekst: Pressemelding
Ein må kunne seie at det lovar godt for både kappleik og framtida då det var påmeldt mellom 80 og 90 deltakarar til kurset. I tillegg til instruktørar var det soleis samla omlag 100 spel- og danseglade på kursdagen, fordelt på ei songgruppe, tre toradargrupper, fem hardingfelegrupper og to dansegrupper.
God stemning sist Hardanger arrangerte eit stort folkemusikkstemne. Den gongen i Kinsarvik, til sumaren er det klart for landskappleik i Eidfjord for fyrste gong sidan 2004.
Leiar i Hardanger Spelemannslag, Alexander Aga Røynstrand kan melde om god stemning også under middagen og dansen, der ungdomane var dei som gjorde den største jobben, både med å spela til dans og på dansegolvet.
- Dette er sjølvsagt særs gledeleg, seier han.
Leiar for matnemnda for neste års Landskappleik, Svein Laingen Kjerland seier at ein skal ikkje sjå vekk ifrå at også tilreisande til Landskappleiken får ein smak av den fantastiske hakkasteiken, eller brurasteiken, som den også har vore kalla.
Ein kan ikkje anna enn å glede seg!
Om du er på utkikk etter overnatting under Landskappleiken i Eidfjord, kan du ta ein kikk her.