Les også:
- Folkemusikkutdanning no! – ytring av Halldis Folkedal
- Forsøk på en dansekritikk – melding av Mette Vårdal
- Kroken på døra for Norsk folkelig dans? – nyheit frå 2016
I starten av september kom dei første lekkasjane frå haustens statsbudsjett, og ein av dei er noko folkedansfeltet har venta lenge på.
– Folkedansen er ein viktig del av kulturarven i Noreg, som me må verne om, bruke og forvalte til beste for folket. Difor oppretter regjeringa ti studieplassar i folkedans på Universitetet i Søraust-Noreg i Rauland, fortalte forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch i ei pressemelding.
Instituttleiar på Rauland, Stian Roland, fortel at det er mange års arbeid som ligg bak det at dei no kan starte opp med ein bachelor i folkedans. Men at dei skulle få søknaden innvilga no, hadde han ikkje fått nokon indikasjonar på.
– Me har alltid hatt eit håp, men no hadde me byrja å miste det litt. Så dette kom veldig overraskande på oss. Me har jobba breitt politisk og adminsitrativt om å få til det her i mange år, og no nådde me endeleg fram, seier han.
Roland meiner den viktigaste grunnen til at dei har lukkast, er at feltet har stått saman.
– Det er takka vere eit samla folkedans- og folkemusikkmiljø at dette har gått gjennom. Heile feltet har meint at dette er viktig å få plass, så miljøet har vore ei eintydig stemme inn mot departementet, seier instituttleiaren.
Ansvar for kulturarv
Åslaug Sem-Jacobsen sit i familie- og kulturkomiteen på Stortinget for Senterpartiet i Telemark og har jobba med saka lenge. Ho fortel at engasjementet hennar for saka kjem frå to stader: Den eine er via engasjementet partikollegaene hennar i Vinje, med ordføraren i spissen, har vist for å få dansestudiet til Rauland. Den andre er fordi ho er kultur- og kulturminne-talsperson i partiet og har blitt utfordra og oppmoda av folkedansmiljøet til å jobbe med dette.
Då Ola Borten Moe blei forskings- og høgare utdanninsminister, var noko av det første han sa, at ingen distriktscampusar var i fare så lenge Senterpartiet var i regjering. I fjor var han på besøk på Rauland, og det er etter dette Sem-Jacobsen meiner det har blitt fortgang i saka.
Men bak eit vedtak og ein post på statsbudsjettet, ligg årevis med grundig jobbing. Føresetnaden for å få grønt lys, er å ha ein god og gjennomarbeidd søknad, noko Sem-Jacobsen fortel at Rauland hadde.
– Dei har jobba godt med søknaden og hadde gode argument. Eit av hovudargumenta for at me treng denne utdanninga i Noreg, er at me har eit ansvar for den immaterielle kulturarven og må passe på at folkedansen blir bevart, men også utvikla. Dette bør settast inn i profesjonelle rammer og ikkje berre bli tatt hand om på frivillig basis. Når me veit at det er etterspurnad etter folkedans frå reiseliv, næringsliv og kulturlivet generelt, då har me ansvar for ikkje å dumme oss ut med at det ikkje er nok folkedansarar til å fremje landet vårt og tradisjonen vår, seier ho.
Noko anna som har vore ein positiv faktor i arbeidet med å få på plass ein bachelor i folkedans, er at miljøet er samd om at tilbodet skal ligge på Rauland.
– At eit samla miljø har sagt at me treng denne utdanninga, og me treng at den blir lagt til Rauland, gjer ting mykje enklare for oss politikarar. Ofte kan ting strande fordi det er kamp om lokasjon.
«Eg trur me har eit veldig spennande tilbod og ein bra studieplan som kan vere forlokkande anten du vil jobbe utøvande reint scenisk, eller om du vil sikte deg inn på formidling, pedagogsik verksemd eller med forsking på folkedans.»
Styrkar koplinga mellom musikk og dans
For campus Rauland betyr den nye utdanninga mykje, ikkje berre i form av at det blir fleire studentar på skulen, men for fagmiljøet. Roland peikar på at dei då kan arbeide endå meir med koplinga mellom musikk og dans, både i undervisinga og på forskingsfeltet. Dette støtter stortingsrepresentanten han i.
– Bachelorstudia vil utfylle kvarandre, og fagmiljøet blir endå større. Ein av grunnane til at me er så ivrige politisk i denne saka, er at det alltid er litt skummelt for ein liten, desentralisert campus som Rauland. For sentraliseringsspøkelset kjem og går, avhengig av kven som styrer. Så det å bygge opp Rauland som studiestad er viktig. Dess fleire unike og gode studietilbod dei har, dess sikrare blir me på at Rauland består som campus, seier ho.
Dei statlege tilskota vil auke i takt med at utdanninga held fram, med eit tiskot på 1,2 millionar til kvart semester. Med tre kull på 10 studentar over totalt seks semester, betyr dette ein årleg sum på 6,6 millionar kroner.
No gjeld det for lærarstaben på Rauland å gjere seg klar for nye søkjarar og deretter studentar.
– Men planane er skrivne og akkrediterte. Så no får me berre håpe at det er mange interesserte søkjarar. Eg trur me har eit veldig spennande tilbod og ein bra studieplan som kan vere forlokkande anten du vil jobbe utøvande reint scenisk, eller om du vil sikte deg inn på formidling, pedagogsik verksemd eller med forsking på folkedans, seier Roland.
Fekk avsløre nyheita
Då tildelinga var eit faktum og politikarane var klare for å gå ut med siste nytt på utdanningsfronten, fekk Åslaug Sem-Jacobsen direkte beskjed av ministeren.
– Eg fekk ei gledessprengt tekstmelding av Sandra Borch som lurte på om eg ville ha ei god nyheit. Ho skjønner kor viktig dette er for folkemusikk- og folkedansmiljøet og for oss i Telemark, seier Sem-Jacobsen, som sjølv fekk gleda av å servere nyheita til dei tilsette på Rauland.
I starten av september troppa ho saman med Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven og Vest-Telemark blad opp på campus Rauland og overraska instituttnestleiar Andrea Kasbo Rygh. Dei kunne seinare ringe instituttleiar Stian Roland og avsløre det for han, som over høgtalaren på telefonen utbraut stor glede og lette over at tilbodet er på plass.
– Det einaste skåret i gleda var at Stian ikkje var der. Men Andrea blei minst like glad. Og me fekk ringt Stian etterpå, så eg fekk delt den gode nyheita fleire gonger, avsluttar Åslaug Sem-Jacobsen.