Bærum spellemannslag får prisen fordi dei gjer eit godt arbeid for å halde oppe eit aktivt og inkluderande spelemannsmiljø i Bærum og i Oslo-området. Dei har rekruttert godt i mange år og blir sett på som eit framoverretta lag som stadig er i utvikling, skriv FolkOrg i ei pressemelding.

Sidan oppstarten i 1993 har laget teke imot medlemmer frå alle kantar av landet, og dette har også prega musikken. I dag består laget av både hardingfelespelarar og songarar, i alle aldrar og på alle nivå.

Under pandemien har spelemannslaget funne nokre alternative måtar å halde aktiviteten oppe på. Dei har mellom anna hatt digitale samspelsprosjekt der dei har spelt inn nye videoar, og dei har også brukt digitale plattformar til opplæring. I dag arbeider dei vidare med digitalisering og med å lage ein ny digital profil for laget. Dei ynskjer å kunne nytte dette i rekrutteringsarbeidet, og samstundes vere ein inspirasjon for andre lag og foreiningar.

Det var leiar Hanne Brende og styremedlem Alise Hjellbrekke som tok imot prisen frå Hilde Reitan og Camilla Granlien i FolkOrg-styret.

– Det er veldig gøy at me får denne prisen, som driv eit hardingfelespelemannslag i ein del av Noreg som veldig få forbinder med folkemusikk. Det er ikkje alltid så lett å drive ein såpass liten aktivitet i eit område som har mange konkurrerande tilbod til barn og unge heile tida. Men me synest det er veldig viktig at folkemusikken er i heile Noreg, og nå gjer me nye grep for å nå ut til folket, sa Hanne Brende då laget fekk prisen.

Bærum spellemannslag er årets lokallag 2021
Bærum spellemannslag jublar for prisen dei mottok søndag 12. desember.