Tekst: Redaksjonen

Norsk kvedarforum inviterer breitt ut til alle som kan ha interesse av tematikken. Det er nemleg ikkje eit eksklusivt seminar berre for ekspertar. 

– Ein treng ikkje vere ein stor songar eller ha masse kunnskap om ballader og folkesang for å delta. Her er ein gyllen moglegheit til å lære nytt, både for amatørar og proffe. Det er fint å kunne møtast på tvers av landegrenser, tradisjonar og nivå, her er alle på likefot. Og så er vi så innmari heldige at vi har fått med oss så mange dyktige folk til å leie songen, dansen og dele av kunnskapen sin, seier leiar i Norsk kvedarforum, Olaf Moen.

Olaf Moen og resten av styret i Norsk kvedarforum kan by inn til spennande seminar om ballader i Sandefjord i starten av mai. F.V- Bjørn Sigurd Glorvigen, Veslemøy Fjerdingstad, Olaf Moen, Runa Kvalsund, Hilde Vehusheia og Eli Storbekken. Foto: Ann-Turi Ford.

Fredagskvelden opnar med ein konsert med Ingvill Marit Buen Garnås, før det blir tradisjonsrikt kveldssete med song rundt borda og balladedans – leia av skiparar frå Noreg, Sverige, Danmark og Færøyane.

Laurdagen byr på eit variert fagleg og musikalsk program. Ph.D. Anne Sigrid Refsum innleier med å setje lys på balladen som skillingsvise, før Johan Einar Bjerkem tek deltakarane med inn i den norske songdanstradisjonen – med vekt på arbeidet til Hulda Garborg og Klara Semb.

Frå Færøyane kjem Svanna Olsen, som fortel om ei levande balladetradisjon der visene framleis blir sungne til dans. Den danske songaren Mia Guldhammer deler sine tankar om formidling av lange ballader, og frå Sverige kjem Marie Länne Persson med innsikt i det svenske balladeverket Sveriges medeltida ballader – og korleis det skil seg frå dei andre nordiske balladetradisjonane.

Astrid Nora Ressem frå Nasjonalbiblioteket vil gi deltakarane innblikk i det norske balladeverket og det omfattande arbeidet med tekstar og melodiar, medan Ann-Turi Ford tek føre seg dei gamle danske samlingane Hundreviseboka og Kjempeviseboka – grunnleggjande referanseverk for mange kvedarar.

Mot kvelden blir det panelsamtale om balladens plass i dag og i framtida, og deltakarane får oppleve ei balladevandring – der deltakarane får gå frå rom til rom og lære ulike nordiske ballader. Laurdagskvelden blir runda av med nytt kveldssete, song og dans.

Søndagen løftar blikket bakover, når Jacqueline Ekgren trekker linjer frå vikingtidas bardar til mellomalderens balladar. Deretter tek musikkarkeolog Gjermund Kolltveit for seg førkristen song og stemmebruk i innlegget Skald, scop, skjold.

Informasjon om balladeseminaret

Tid og stad: Home Hotel Atlantic i Sandefjord 9.–11. mai. 

For meir informasjon og påmelding.

Kontaktperson: Olaf Moen, leiar i Norsk Kvedarforum
Tlf: 47906091 (dagtid) / 90476456
E-post: kvedarforum@gmail.com