Baud opp til politisk dans
– Nei, dette kan eg ikkje, svarte Trygve Slagsvold Vedum med velkjent høglydt latter då Folkemusikk foreslo at han tok ein dans med FolkOrg-leiaren til «buskspel». Men etter litt overtaling tok Vedum mot til seg, og Reitan takka ja.

Stemninga var god heilt frå Trygve Slagsvold Vedum steig ut av bilen ved Utgard og til han drog frå Lom. Sp-leiaren trefte stadig på politiske vener mellom arrangørar, publikum og aktørar og var i perlehumør under besøk på Landskappleiken.

– Nei, dette kan eg ikkje, svarte Trygve Slagsvold Vedum med velkjent høglydt latter då Folkemusikk foreslo at han tok ein dans med FolkOrg-leiaren til «buskspel». Klok av skade kanskje, etter opplevinga då Vedum ikkje fekk danse med presidentfrue Michelle Obama under fredsprisutdelinga i Oslo.

Men etter litt overtaling tok Vedum mot til seg, og Reitan takka ja. Det kan bli ein dans langt fleire får glede av. For sjølv om finansministeren ikkje hadde med seg valflesk i form av konkrete politiske løfte, var han open for å vurdere ei eller anna form for støtte til Landskappleiken og Landsfestivalen.

Grunntilskot?

Dette var eitt av spørsmåla FolkOrg-leiinga tok opp i møte med statsråden under besøket. Som omtalt i siste nummer av magasinet Folkemusikk, kjem verken Landskappleiken eller Landsfestivalen inn under dagens støtteordningar for festivalar, fordi det er krav om honorar til dei som deltek.

– Eg kan ikkje saksbehandle slik over bordet. Men det er nyttig å få innspel. Dette er hensikta med å reise rundt, fastslo Slagsvold Vedum etter å ha høyrt på argumenta.

Finansministeren gjekk så lang som å antyde at det kanskje kan vere snakk om eit grunntilskot eller at det går å leite etter andre ordningar. Dette vil bli vurdert.

«Eg kan ikkje saksbehandle slik over bordet. Men det er nyttig å få innspel. Dette er hensikta med å reise rundt.»

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Fornøgd med besøket

– Vi må ta vare på tradisjonsmusikken og -dansen. Det er ein viktig del av vår kultur. Eg opplever eit veldig engasjement for dette. Og det er artig at så mange unge deltar. Arrangement som Landskappleiken er hundre prosent avhengige av dugnad og frivillig innsats. Dette er også ein viktig del av de heile, konstaterte Trygve Slagsvold Vedum.

FolkOrg-leiar Hilde Reitan er godt fornøgd med besøket som fann stad fredag då Anette Trettebergstuen kunngjorde at ho går av som kulturminister etter inhabilitet i tildeling av verv til nære vener.

– Vi har ikkje hatt så mange statsråda på besøk til Landskappleiken. Vi kan kanskje telje dei på ei hand. Så dette var viktig, meiner Hilde Reitan.