– Det heile byrja med at festivalsjef Tormod Kleiveland tok kontakt med meg, fortel Ole Hamre.
– Eg blei både overraska og æra over førespurnaden. Eg har ikkje bakgrunn frå tradisjonsmusikk, og var ei stund i tvil om det var riktig at eg skulle lage eit verk til ein folkemusikkfestival. Eg måtte gå nokre runder med meg sjølv, vedgår Hamre.
Men, ikkje overraskande for dei som kjenner Ole Hamre og arbeidet hans, så fann han ein veg inn i materien.
– Eg fekk ein konseptuell idé som eg syntest var spennande. Korleis formidle at tid, og tradisjon, både er noko som har vore og noko som er? Viss eg kunne få fram og syne koplinga mellom modernitet og tradisjon, mellom fortid og notid – då hadde eg kanskje noko å bidra med.
Æva i augneblinken
Folkofonen er eit digitalt tangentbrett som triggar ulike film- og lydsnuttar, dei fleste med folk som prater eller syng. Nokre syng ein tone eller les frå ei bok på kommando, andre er kvardagslege scener som framstår som meir tilfeldige. Dei fleste menneska ser rett inn i kamera medan dei pratar eller syng.
– Blikket er viktig i folkofonmaterialet. Blikket har eksistert sidan byrjinga av all tid. Alle menneske har eit blikk og ei stemme… Tenk berre på ordet øyeblikk! Det har eg ikkje tenkt på før… det seier jo alt!
Folkofonen er Ole Hamres eige oppfinning, og ein form for livsverk. Hamre har teke opp lyd og bilete til folkofonen i fjerne avkroker av verda, og banken av klipp blir heile tida større. Til tingingsverket er det teke opp nye klipp på Voss, men fleire gamle klipp blir brukt om igjen. Tida går, folkofonen veks.
Ole Hamre er i utgangspunktet slagverkar. Men sidan suksessen med Konsert for anløpende skip, tingingsverket til Nattjazz i Bergen i 2001, har han blitt stadig meir etterspurt som tingingsverkkomponist. Men dette er altså første gongen Hamre gjer eit tingingsverk til ein folkemusikkfestival.
– Folkemusikk er musikalsk darwinisme. Berre det beste overlever, alt det andre blir gløymt. Dette er noko eg alltid kjenner på når eg høyrer tradisjonsmusikk. Svært mange av dei finaste melodiene eg kjenner, er tradisjonsmateriale.
Teksten held fram etter biletet.
«Folkemusikk er musikalsk darwinisme. Berre det beste overlever.»
Osafestivalen
- Festival på Voss, arrangert siste helga i oktober kvart år sidan 1991.
- Det meste av musikken er norsk folkemusikk, men det er òg innslag av klassisk musikk og folkemusikk frå andre deler av verda.
- Kalla opp etter vossaspelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-90), grunnleggjar av Ole Bull-akademiet og vår kanskje mest kjende spelemann seint på 1900-talet.
- Gjermund Larsen, Erlend Viken, Per A. Buen Garnås, Benedicte Maurseth, Heine Bugge og Tone Hulbækmo er nokre av folkemusikarane som deltek i år.
- Festivalen blir avslutta søndag med Sudan Dudan-konsert, Fossegrimen med Jon Faukstad og Ingrid Trefall og ei framføring av Heinrich Bibers Rosenkranssonatar.
Krevjande materiale
Erlend Viken, som òg speler på festivalen med sin eigen trio laurdagskvelden, er den einaste reindyrka folkemusikaren i besetninga. I tingingsveket speler han alt frå slåttar og kjende melodiar til samtidsmusikalsk dronemusikk og reine lydeffektar på felene.
– Eg kan ikkje sammenlikne dette med noko anna eg har gjort, seier Viken.
– Eg har vore med på tingingsverk tidlegare, men folkofonen gjer dette arbeidet veldig spesielt. Samansetjinga av musikarar er òg unik. Det er ei stor ære å få spele med så gode og erfarne musikarar som her – eg kjenner meg litt som ein liten kvalp i dette selskapet. Men det viktigaste er at vi koste oss veldig, seier Viken entusiastisk.
Mykje av musikken er innøvd, men enkelte parti er avtalt improvisasjon. Viken liker vekslinga mellom å gi plass og ta plass. Bugge Wesseltoft kjem ned frå scena og verkar letta.
– Det er godt å vere ferdig. Moro, men slitsamt!, seier han.
Det kan høyrest overraskande ut at ein som Wesseltoft, som ein gjerne forbind med storslege arrangert og konseptuell musikk, synest at det var krevjande å spele verket til Hamre.
– Mykje er annleis når det ikkje er sin eigen musikk ein speler, skyt Viken inn.
– Det var veldig mykje å halde styr på. Mykje å ha i tankane medan vi spelte, små cues til nye vendingar som vi ikkje måtte misse. Men det gjekk jo stort sett bra, slår Wesseltoft fast.
– Det skjedde mykje på konserten som aldri har skjedd på noka prøve. Då var det særleg moro, synest Viken.
Ga meirsmak
På eit stykkje som vekkjer mykje merksemd i salen, og blir gjenteke som ekstranummer, annonserer ei dame ved Voss stasjon at lokaltoget til Bergen er klart til avgang frå spor 1.
– Ole Hamre har skreve ut nokre av desse snuttene som notar, som eg speler på pianoet, seier Wesseltoft.
– Eg er usikker på om publikum høyrer desse melodiane, eller om det berre er eg som gjer det.
– Eg har iallfall byrja å nynne melodiane for meg sjøl når eg er ute og spring, skyt Viken inn.
Tingingsverk blir gjerne spelt berre denne eine gongen. Dei som ikkje er til stades i augneblinken, vil aldri få sjå eller høyre musikken. Men Hamre har von om at årets Osafestival-verk vil bli sett opp fleire gonger.
– Eg er veldig nøgd med denne besetninga. Musikarane er fantastisk gode, og det same er kjemien. Ein viktig del av ideen bak var nett det å føre saman nokre av dei beste folka frå ulike sjangrar. Erlend er den som representerer tradisjonen, medan Jan Bang speler på det siste musikkinstrumentet som er blitt funne opp: samplaren. Eit instrument som fangar inn lyden som skjer i rommet, bearbeider han og sender han ut igjen.
Hamre er takksam for at folk hyrer han inn for å gjere slike jobbar.
– Mange musikarar er fulle av gode idear, men ikkje alle får gjennomført dei. Det er fantastisk å vere musikar! avsluttar Hamre.