Tekst: Bjarte Øvrebø

Det straffa seg ikkje. Wilmer Sandum Svanborg som fylte 12 år akkurat denne kappleikstorsdagen, hausta stor jubel frå salen for sine luftige og spenstige og elegante sprett og kast.

Og når 800 publikummarar spontant kvitterer med bursdagssongen, då er det lov å bli litt rørt. Prestasjonen på dansegolvet heldt til  74 poeng og ein overtydande 1. plass.

Vossingen Thomas Tveit (13) sikra seg andreplass blant dei yngste hallingdansarane. Foto: Runhild Heggem/FolkOrg


Hakk i hel kom Thomas Tveit (13) og Nils Tranøy (14), begge frå Voss. Klassen hadde  11 startande.

Og jentene utfordrar

Omgrepet karstykkje i hallingdansen kan snart bli problematisk. For no kjem jentene for fullt på dansegolvet og briskar seg til liks med gutane. Ja,  kanskje endå til med meir eleganse og fleire  av dei med ein mjuk og fin spenst.  Kjekt å sjå, og spennande å følgje framover.

C klassen i halling, også kalla laus, blei ei god førestilling med eit variert spekter av spenst, danserytme og c-moment. Dei er på lærestadiet desse dansarane, men fleire viste at vegen opp mot topp-prestasjonane ikkje er så frykteleg lang. 

Imponert
– Vi har jobba mykje med at dei ikkje berre skal vise c-moment og danse, men også vise kva dei vil og kven dei er. Det tykkjer eg dei er godt i gong med, seier Knut Blikberg frå Voss  som hadde eigne elvar i aksjon på scena og er god tilfreds med å få to av tre på pallen.

Nils Tranøy (14) frå Voss kom på tredjeplass i halling klasse C. Foto: Runhild Heggem/FolkOrg

Knut Blikberg blei imponert over dansen til Wilmer Sandum Svanborg.

– Sjeldan har eg sett ein 12-åring med ein så fullgod dans. Han har ein kroppskontroll som berre er fantastisk, og som gjer solide stempla kast. Eit naturtalent, rett og slett, seier Knut Blikberg som sjølv var ein av landets beste dansarar i ei årrekkje.

Og kjenner vi han rett er ikkje Blikberg framand for framleis å ta nokre spretne kast.