Tekst: Pressemelding frå Melovitten
Med namnet vidareført, er óg konseptet det same: Folkemusikk i kammermusikalsk drakt, eller kammerfolkemusikk om du vil.
På det første albumet arrangerte Bjørn Kåre eit utval av sine eigne komposisjonar for stryketrio, -kvartett og -kvintett. Denne gongen har han skrive ny musikk for strykesekstett, med nokre få unntak. Han meiner sjølv at dette er eit meir raffinert og heilskapleg album der komposisjonane i større grad høyrer saman og kontrasterer kvarandre.
- Og så har jo alle låtane tydelege element av folkemusikk - enten det er hallingtakt eller melodiske motiv som hintar til tradisjonelt stoff. Det er morosamt å finne ut korleis eg kan lage ein hallingmelodi med eit akkompagnement som er inspirert av musikken til filmserien “Pirates of the Caribbean”. Slik vart låta “Halling i Karibia” til, seier Bjørn Kåre.
Bjørn Kåre har handplukka musikarar og tilpassa arrangementa deretter. Dei fem andre musikarane i dette ensemblet har bakgrunn frå både folkemusikk, klassisk, jazz og populærmusikk, noko som tydeleg kjem fram i arrangementa og måten dei blir utøvd på.
- Eg har alltid hatt stor interesse av samarbeid på tvers av sjangrar, spesielt folkemusikk og klassisk. Det interessante oppstår når musikarane er likeverdige og ein ikkje treng å tenkje på at det skal låte som det eine eller det andre. Samklangen mellom felespel og klassisk stryk blendar då veldig godt, meiner Bjørn Kåre.
Plata “Folk Chamber II” kjem ut på digitale strøymetenester og fysisk CD den 18. oktober. Men Allereie no kan ein høyre smakebitar frå plata, høyr “Steinrovals” her: