Det har vorte populært dei siste åra å ta opp gamle kriminalsaker for å gje dei ei ny vurdering utifrå dagens moderne standardar. Har urett skjedd? Har det kome til ny informasjon som kan endra dei konklusjonane som vart trekte på den tida? Denne praksisen har no også spreidd seg til musikksjangeren, og Tvillingfolk har fått i oppgåve å melda ei plate som kom ut for om lag 20 år sidan: Blåmann Blåmann.

Det er ikkje utan kjensler me gjer dette. For det fyrste er det både skummelt og vemodig å tenkja på at det allereie er gått 20 år sidan gruppa herja dei folkemusikalske hitlistene. Det er også sterke amorøse kjensler i sving. Blåmann Blåmann var kanskje vår fyrste folkemusikalske kjærleik, men me fekk aldri svaret på det me lurte på: Var kjenslene gjensidige, eller var det berre me som kjente det på den måten? Kanskje vil me etter så mange år endeleg få svar.

Blåmann Blåmann: Blåmann Blåmann
Blåmann Blåmann: Blåmann Blåmann
  • Heilo/Grappa, 2021 (utgitt fyrste gongen i 2001)
  • 18 spor, 76 min.
  • Miksa av Hans Peter L’Orange og Blåmann Blåmann
  • Medverkande musikarar: Odd Nordstoga, Silje Hegg, Lars Underdal, Asgaut Bakken, Marius Reksjø og Tor Bjarne Bjelland

Albumet fekk strålande kritikkar og opplevde stor suksess då det kom ut for fyrste gong i 2001. Sidan dette er nyutgjeving av den originale plata, så vil dei fleste lyttarar kjenna igjen mesteparten av plata. Nytt sidan sist er dei fem spora på slutten, som ikkje var med på den originale plata. Det gleder eit amorøst hjarte. Gruppa har også slått seg laus når det kjem til teksthefte denne gongen. Kanskje har dei høyrt på meldaren som etter fyrste utgjevinga påpeikte at: «Heftet i coveret er knapt bedre enn en middels elevøvelse på en folkehøyskole». Iallfall er det i dette tekstheftet både fargefoto, fleire skryteoppslag og meir eller mindre sjarmerande bilete av raudmussa telemarkingar med varierande vellukka hårsveisar.

Dei fem til no «ukjente» låtane på slutten er konsertopptak frå stordomstida. Den fyrste av dei fem låtane er «Margit Hjukse». Under tittelen står det så fint: Denne balladen fekk ikkje vera med på originalplata». Når me høyrer den er det eit ord som slår ned i oss: Kvifor, eller V(h)y som me seier på jernbanen.  Det er ein vakker versjon i tradisjonelt arrangement, bore fram av stemmene til Odd Nordstoga og Silje Hegg. Neste slått ut er ein frisk halling, eit arrangement sett saman av «Møsstrondsfenta» og ein halling etter Embrik Beitohaugen. På tide at den og fekk koma fram i ljoset, meir av dette takk!

På dei to neste låtane, «Liti Kjersti» og «Sigurd Jondalen», er seljefløyta til Silje Hegg ein stor del av arrangementa. Dette gjer spesielt hjarta til Halldis varmt. Ho har hatt ei relativt lang seljefløyte- karriere som toppa seg med pandemikonserten frå balkongen, lagt ut på EDB-maskina vinteren 2020. Den hadde heile 11 delingar, og kan nok seiast å ha gått viralt. Kanskje kjem det til å skje med «Sigurd Jondalen» òg: Det er ein høgst dansbar og levande springar me får servert. Frå ein roleg start med seljefløyta og gitar, byggjer det seg opp til eit yrande høgdepunkt når fela og trekkspelet slår seg laus.

Siste låten er nok eit vellukka blandingsarrangement mellom den kjente og kjære songen «Nøringen» – der hovudpersonen skryt over langsynet sitt, men ikkje har gjennomføringskraft nok til å møta kjærasten sin – og «Fanteguten», ein skjemteballade frå Telemark.

Tvillingfolk oppsummerer meldinga med å konstatera at ingen urett har skjedd (bortsett ifrå når fanteguten lurar jomfrua heim til gards ved å skryta på seg 400 geit og 28 naut som han ikkje har). Blåmann Blåmann fortener dei gode platemeldingane dei fekk i 2001, og me har ikkje funne noko ny informasjon som skal trekkja plata ned på nokon måte. Tvert imot. Me tilrår alle å høyra på den nye plata, mimra og tenkja tilbake på kva dei gjorde på starten av 2000-talet. Og var du ikkje fødd den gongen, så har du jammen noko å sjå fram til. Plata står seg like godt i 2021 som i 2001.