Tekst: Pressemelding

Det skjedde i ungdomshuset Skogstjerna i Markane i samband med opningskonserten for Fjelljomfestivalen der temaet var om spelemannslegenden Magne Maurset som var fødd for 200 år sidan. Dei to jentene var då på førehand orienterte om prisen og hadde fått i oppdrag å spele eit par slåttar etter Fel-Jakup, sidan han var mykje i Nordfjord Magne Maurset si tid. Det gjorde Hanne og Synne med glans, og på dagen heldt dei inspirasjonskurs for unge felespelarar og hadde hovudtyngda av lærarkonserten i ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli der dei stod for både felespel, song og dans på høgt plan.

Grunngjevinga

Bolstadprisen er ei vidareføring av Emil Bolstads legat og skal vere ein stimulans til unge som fører vidare tradisjonane innan folkemusikk og/eller folkedans. Bolstad-slekta frå Hjelledalen i Oppstryn har fostra mange topp utøvarar både på fele og trekkspel i tillegg til å ha tilført ei mengd gode komposisjonar, og det var vidareføring av dei gode tradisjonane som låg Emil Bolstad sitt hjarte nær då han oppretta legatet. Då det vart avslutta og Bolstadprisen oppretta i staden, vart og det geografiske området for tildeling utvida frå Stryn til å gjelde heile landet. Det er styret i Spelemannslaget Fjelljom som har ansvar for prisen.

Vinnarane av Bolstadprisen tidlegare er Eli Fridtun Vereide, Åsmund Arnesen Farstad, Kristina Farstad Bjørdal, Emil Horstad og Hannah Moira Midtbø-Bruner.

Alle tidlegare utdelingar har vore til einskildpersonar, men i år har vi landa på å dele ut to prisar. Det er heilt naturleg sidan dei to mottakarane er tvillingsystrer og deler felles interesse for både song, felespel og dans. Det gjer dei på eit svært høgt nasjonalt plan i alle disiplinane, noko som fortel om ei allsidigheit utanom det vanlege. Dei siste to åra har dei kapra sterke plasseringar i pardans på Landsfestivalen etter finaledansing mot garva seniordansarar. Og på Landskappleiken har dei flust opp av toppremiar både i vokalklassen, solo fele, lagdans og lagspel og har stått sentralt i den gode rekrutteringa i Lom.  

Sjå Synne og Hanne Kjøk i NRK-serien Trollstemt.

Hanne og Synne Kjøk er frå Garmo i Lom og vart fødde inn i ein familie der folkemusikken har stått sterkt i fleire generasjonar. Faren Knut Kjøk gjekk til topps mangfoldige gonger i solo felespel på Landskappleiken og leia Lom spelemannslag i tillegg til å gjere ein enorm dokumentasjonsinnsats med skriving og utgjeving av stor notesamling. Bestefaren Erling Kjøk var rekna som ei av dei rikaste kjeldene i felespel og dyrka i tillegg tradisjonane i song. Hanne og Synne har fått ause av den rike songskatten frå farsystra Jarnfrid Kjøk. Det er svært gledeleg at Hanne og Synne fører vidare desse rike familietradisjonane i ei tid då mange andre ungdomar ofte søkjer vekk frå det såkalla gamle, oftast utan å vite kva dei går glipp av. Hanne og Synne har difor synt seg som svært verdfulle føredøme ved å dele sine gleder frå tradisjonen i TV-program med mange sjåarar i serien Trollstemt i 2023. Og før jul i fjor vart dei endå ein gong å sjå på TV-skjermen då dei spelte med sjølvaste Kringkastingsorkesteret i førjulsprogram frå Rudi gard. 

Etter å ha fullført tre år på landslina for folkemusikk på Vinstra vidaregåande skule er dei no komne til eit vegskil i livet då det gjerne reiser seg spørsmål om kva ein vil prioritere i framtida. Og heldigvis ser det ut for at folkemusikken og dansen vil halde fram med å stå sentralt. Vi vonar at den høgthengande Bolstadprisen med 15000 kroner til kvar vil vere ein fin stimulans til vidare innsats og glede.