Hannah Moira Midtbø-Bruner (19) kjem frå Valestrand, Osterøy. I 2022 tok ho heim sigeren i yngste klasse hardingfele frå Landskappleiken i Rjukan, og med det ei ærverdig hardingfele laga av sjølvaste Knut Eilevsen Steinkjøndalen.

Juryen skriv vidare i grunngjevinga: Dei kjende Bolstad-spelemennene hadde interesse både for det klassiske og det tradisjonelle felespelet. Prisvinnaren i år er såleis ein fulltreffar, sidan ho har hatt eit bein i begge sjangrane, men med hovudvekt på folkemusikken og med hardingfela som hovudinstrument på musikklina på vidaregåande skule.

Bolstadprisen til Hannah Moira Midtbø-Bruner
Vinnar av Bolstadprisen, Hannah Moira Midbø-Bruner saman med prisutdelar Antonia Karete Haugen Kongsvik og programleiar Arne Sølvberg med den kjende krakken som blir tildelt alle som er på festivalen for første gong.
BOLSTADPRISEN
  • Ei vidareføring av Emil Bolstads legat, skal vere ein stimulans til unge som fører vidare tradisjonane innan folkemusikk og/eller folkedans.
  • Då legatet vart avslutta og Bolstadprisen oppretta i staden, vart og det geografiske området for tildeling utvida frå Stryn til å gjelde heile landet.
  • Det er styret i Spelemannslaget Fjelljom som har ansvar for prisen.

På Osterøy har det i mange år vore eit aktivt folkemusikkmiljø. Hannah Moira var tidleg inspirert av storesyskena sine, og starta i kulturskulen allereie medan ho gjekk i barnehagen. I 2009 deltok ho på sitt fyrste kurs med Jon Jelmert, ein inspirator og lærar for unge spirar. Han gjekk bort så altfor tidleg, men verknaden av innsatsen hans synest framleis.

Kvar veke køyrde foreldra henne til Lonevåg der ho hadde speletime med Håkon Høgemo. Ho var fire og eit halvt år då ho møtte Håkon Høgemo for fyrste gong. Han har betydd utruleg mykje for henne og er definitivt den spelemannen ho har lært mest av. Eit par år tok ho også timar med Maria Skjeldrum Toppe, og lærde mykje av henne.

Framleis spelar ho med Håkon, som motiverer og pusher ho til å prøve nye sjangrar. Han utfordrar henne til å tenke «cross-over», til å høyre på klassisk musikk og ny musikk, ikkje berre tradisjonsmusikk. Musikkinteressa har blitt større og større med åra, og i dag vil ho kalle seg folkemusikk-nerd. Ho ser fram til å studere folkemusikk, og få ei endå betre forståing for denne flotte tradisjonsmusikken.

I mange år har ho kvar sommar delteke på Sommarskulen på Halsnøy, og spelt fiolin i symfoniorkesteret der.

Prisvinnaren er halvt canadisk, og canadisk folkemusikk har vore og er viktig for henne. Så i tillegg til hardingfela, har Hannah Moira også spelt mykje på den vanlege fela si, som ho arva etter grandpa/bestefar i Canada. Ho starta tidleg med undervisning og hadde kvar veke timar med den kjende canadiske Patti Kusturok via Skype.

I 2022 fekk vere med i prosjektet Folk sessions Gammeldans. Ho fekk danna si eiga folkemusikkgruppe, Godlynt, der dei jobbar med arrangering og finn sin eigen måte å presentere musikken på. Gruppa har hatt ei fantastisk tid med konsertar i fleng, deltaking på Førdefestivalen og i november showcase under Folkelarm i Oslo.

Hannah Moira likar godt å komponere nye slåttar. Ho seier sjølv at ho er utruleg heldig som får vere ein del av dette fantastiske folkemusikkmiljøet. Og vi i styret for Bolstadprisen er heldige som har ein så verdig vinnar vi kan dele ut 20 000 kroner til. Hjarteleg til lukke med prisen og folkemusikken vidare i livet!

Les også: Festival mellom fagre fjell