– Det er ei kjempestor lette at dette har landa, og me er spesielt lukkelege over at det gjekk så bra. Me har fått ein veldig flott musikar og person i stillinga, med brei bakgrunn. Britt Pernille leverte veldig flott på prøvespelet, og det er eit pluss at ho har med seg kulturarven frå distriktet her ho skal jobbe, seier rektor i Sunnfjord kulturskule, Trude Skarvatun.

Ho legg til at Frøholm også virkar høgt motivert for jobben, noko som alltid er eit pluss.  

– Eg fann ut at eg berre måtte søkje på denne jobben. Slike stillingar finst jo eigentleg ikkje, seier Britt Pernille Frøholm.  

Ho har jobba som frilansar i ei årrekke, men no gler ho seg til å bli del av eit arbeidsmiljø med det ho seier er dyktige kollegaer. 

– I tillegg skjer det mykje spennande i heile regionen her, både i Sunnfjord og Vestland, og det vil eg veldig gjerne vere ein del av, seier ho.  
 

Britt Pernille Frøholm ny distriksmusikar i Sunnfjord
 
Britt Pernille Frøholm er tilsett som ny distriktsmusikar i Sunnfjord. – Eg måtte berre søkje på denne jobben, slike stillingar finst jo eigentleg ikkje, seier ho. Frøholm og mannen, Roger Sevrin Bruland, er no på flyttefot heim til Nordfjord etter å ha budd over fire år i Berlin. Der har ho hatt base som frilansmusikar og han som korrespondent for NRK.  
 

Frøholm har utdanninga si frå Ole Bull Akademiet og Høgskulen i Telemark, og som pedagog har ho tidlegare undervist i kulturskule og i spelemannslag. Ein ting ho veit sikkert, er at kvar elev forstår ting på sin eigen måte.  

– Ein lærer mykje sjølv når ein held på med undervising. Det er ikkje éin metode som passar alle, så ein må tilpasse litt. Men ein viktig ting når ein har med små ungar å gjere, er å ha struktur på ting og vere til stades. Det er nok viktig å ikkje vere for lenge vekkreist på turné, men halde koken kvar veke, seier ho. 

«Eg gler meg til å gå meir inn det lokale repertoaret, og eg vil samarbeide med dei lokale spelemannslaga om rekruttering.»

Frøholm har vakse opp med feletradisjonen frå Nordfjord, og det er slik sett den ho har hatt hovudfokus på, men musikken frå Sunnfjord har ho òg god kjennskap til. Det er ein del felles slåttemateriale mellom dei to områda, spesielt på runddansfronten.  

– Eg gler meg til å gå meir inn det lokale repertoaret, og eg vil samarbeide med dei lokale spelemannslaga om rekruttering. Det er naturleg å snakke med dei om repertoar og finne ut kva som kan vere relevant, seier Frøholm. 

Ho fortel òg at ho ser fram til å samarbeide med dei andre distriktsmusikarane, og særleg trekkspelelevane til Ole Nilssen i Sunnfjord er det naturleg å få til mykje samspel med.  

– Det er viktig å vere med på å skape eit miljø her, seier Britt Pernille Frøholm.