Camilla Granlien - Dyr og rare kjerringer
Dyr og rare kjerringer - tekst og musikk frå Gudbrandsdalen arrangert av Camilla Granlien med band
  • Ta:lik, 2017
  • Aktivitetshefte med musikk, illustrert av Åsne Flyen
  • CD: 15 spor, 44 minutt. Hefte: 28 sider
  • Produsent: Camilla Granlien, innspeling: Tor Magne Hallibakken

Endeleg er det ei som tenkjer nyskaping, og som tør å satse på born! Dette aktivitetsheftet er ei gåve til foreldre som vil gje borna eit gløtt inn i vår rike folkemusikktradisjon. Musikken er inkluderande, og heftet tar ikkje fokuset vekk frå musikken, heller det motsette. Slike hefte vil eg sjå fleire av. Så, kulturstaten Noreg: Gje stønad til fleire slike produksjonar!

Eg fekk eit jubelrop frå sjuåringen og eit stort glis frå tiåringen her heime då eg opna pakka frå Ta:lik. Kvifor skal ein vaksen åleine melde eit aktivitetshefte med musikk meint for born? Valet blei enkelt – dette måtte bli ei melding frå heile familien.

Dyr og rare kjerringer er eit 28 sider aktivitetshefte i A4-størrelse, nydeleg illustrert av Åsne Flyen. Oppgåvene i heftet liknar andre aktivitetshefte, med oppgåver som: finn fram i labyrinten, kor mange ser du?, teikn ferdig og fargelegg teikninga, finn ord i bokstavjungelen, stigespel, kven høyrer i hop?, finn fem feil og frå prikk til prikk. Det som skil dette heftet frå liknande hefte, er at det òg er songtekstar til alle oppgåvene. Du finn songane på plata som er limt inn på siste side i boka, og du kan sjølvsagt òg høyre songane på ei strøymeteneste.

Teikningane og illustrasjonane er av ein høgre kvalitet enn nær alt anna liknande du får kjøpt – noko eg som barnefar diverre har mykje og kostbar erfaring med. I dette heftet ynskjer du at borna brukar blyant, og du håpar heftet kan vare minst to feriar til.  Teikningane og illustrasjonane er framifrå, og i ein stil langt frå ei glatt Disney-animert verd. Som eldstedottera uttrykte det: «Dei er så ville, messom!»

Begge mine born likte heftet superduperbra, og dei trakk fram noko eg ikkje hadde sett: Det finst ingen fasit! Her er det fleire val, og løysingane kan vere så tøysete som berre det. Ungane kan la den store bæsjen vere kvit, for teksten seier ikkje at du skal bruke fargen brun. Dei trekkjer òg fram den sida der ein ved hjelp av spørsmål finn ut kva slag dyr ein er. Sjeldan har eg høyrt så mykje fnising som når dette heftet blei grundig fylt ut.

Musikken er av like høg kvalitet som heftet, og Camilla har med seg eit stjernelag av musikarar. Jo Fougner Skaansar spelar ikkje berre bass her, men gjev oss ei mannsstemme som passer godt inn i Camilla si verd. Helge Andreas Norbakken er ein særs leiken trommeslagar, og ein  mester i å fylgje og fylle ut pausane. Multimusikaren Anders Erik Røine har gjeve produksjonen eit tøft underlag med hjelp frå langeleik, munnharpe og gitar. Og for å toppe det heile har Camilla tatt med seg sine tre born i studio, og dei gjev fleire av songane eit meir leikent uttrykk med sine smilande stemmer.

Folkemusikken har fått fylgje av jazz og eit litt meir moderne viseuttrykk. Eg tykkjer det kler songane, men det gjer at det av og til ikkje er så lett å syngje med. Plata er ikkje i ei tradisjonell sing-along-stil, for verken song eller arrangementa er etter den gitte mal frå USA og dei store filmane. Men eg likar plata nett grunna dette, for då kan ein faktisk høyre plata mange gonger. Alle har vel bilturen til Nord-Norge friskt i minne, der ungane for førtiande gong har bedt om hiten «Let it go» og du tenkjer at du heller køyrer av vegen enn å sette han på ein gong til (sjølv om det er i ei sing-along-utgåve).

På Camilla si plate finn du nye ting heile tida, ikkje berre i arrangementa, men òg i teksten. Det er ikkje lett å forstå alle dialektorda frå Gudbrandsdalen, men ein lærer mykje ved å sjå på tekstane i heftet og å høyre på musikken. «At ho lever seg sånn inn i songane, gjer at vi forstår tekstane» sa mi eldste dotter til meg. «Det er så mykje artigare å gjere oppgåver med slik rå musikk – kan vi ta med plata på skulen?» sa yngstedottera medan ho gjekk opp på pianokrakken og drog eit par fete akkorder på liksom-gitaren.

Mest sentralt i denne produksjonen er sjølvsagt Camilla sjølv og den særprega stemma hennar. Her er det inga blaut stemme med mykje klang og fylde. Her er det kantar både oppe og nede, og du må kanskje bruke litt tid på å venne deg til ho. Men tar du deg fyrst tida, kan eg love deg at du blir fortapt. Det blir til slutt ikkje berre ungane som ber om å få sette på Dyr og rare kjerringer ein gong til i bilen heim frå Majavatn.