– Me flytter over med brask og bram!, fortel Gabriel Fliflet, mangeårig vert for Columbi Egg.

Etter 18 år på Augustin hotel er samarbeidet over, på grunn av at hotellet skal seljast.

– Det var ein lei beskjed å få, for Augustin har vore ein hyggeleg stad å vere. Men no har me fått ei veldig fin avtale med Litteraturhuset i Bergen. Me håper å få med oss vårt gamle publikum, men også at me skal bli oppdaga av nye folk. Det er endå lettare å komme seg til Litteraturhuset, som ligg midt i sentrum, seier han.

På den musikalske innflyttingsfesten 28. august får klubben besøk av to trioar – ein frå Ukraina og ein frå Bergen. Ukrainska Silska Orkestra spelar landsbymusikk frå Ukraina og skal både halde konsert og lære bort nokre ukrainske dansar. Etterpå skal Ingrid Sørheim Trio spele musikk skriven og arrangert for toradar, fele og cittern.

Columbi Egg på flyttefot
Columbi Egg starta opp i 1999, og hausten er femtiande sesongen til den bergenske folkemusikklubben. Her spelar Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren hausten 2016. (Foto: Andreas Fliflet)

På Augustin har publikum vore tett på musikarane i eit intimt konsertrom. Klubben har heile vegen hatt som mål å tilby akustiske konsertar, altså utan nokon form for oppmikking. Dette satsar dei på også i det nye lokalet på Litteraturhuset i Bergen.

– Heile styret tok turen til Litteraturhuset for å teste akkustikken med nasjonalsongen vår, «Levande lyr». Og akustikken var lovande, så me skal framleis vere ein heilakustisk klubb der utøvarane står på golvet og har folk tett på. Me skal bevare sjela vår, seier Fliflet.