Dei tradisjonsrike Oscar-prisane blei nett delte ut i Los Angeles, USA. På lista over nominerte til dei gjeve prisane, finn ein ingen folkedansfilmar frå Noreg. Ein skandale, utan tvil. Eg har difor sett meg nøydd å dela ut mine eigne Oscar-prisar. Det er herved mi store glede å få ynskje deg velkomen til folkedansåret 2014, året då folkedansfilmar verkeleg fekk sitt store gjennombrot.

Prisen for årets koreografi

Sidan det berre er to koreografar som har laga folkedansfilmar i 2014*, vil eg dele prisen for årets koreografi mellom Sigurd Johan Heide og Halldis Folkedal. Nokon vil kanskje påpeike at eg er ein smule inhabil, sidan eg deler køyseng med den eine prisvinnaren og har samarbeid tett med den andre prisvinnaren gjennom Bygda dansar-prosjektet gjennom fleire år; men slik er det no i ein gong i folkedansfamilien. Me er alle i slekt på ein eller annan måte, me er alle inhabile og me kjem alle til himmelen likevel.

*med atterhald om at det kan vera nokre folkedansfilmar eg ikkje har fått med meg.

Dansefilmåret 2014
Halldis Folkedal. Foto: Kristianne Marøy
Dansefilmåret 2014
Sigurd Johan Heide. Foto: Marius Fiskum

Prisen for beste mannlege birolle

“Det skal danses væk”

(frå Dansens dag, Danmark)

Koreograf: Sigurd Johan Heide
Inneheld: ein dansk skule, motiverte ungdom, element frå halling og såkalla «moderne» dans.

Dette er danskane sitt svar på ein klassisk amerikansk high school-musikal.
Filmen er gjennomsyra av entusiastisk dans og musikk og hovudpersonen er forelska. Det er nøydd å bli ein suksess. I filmen fylgjer me ein skuleelev i tenåra på sin veg gjennom ein relativt uvanleg skuledag. Filmen byggjer på ein vanleg klassisk novelleoppbygging: introduksjon av ein forelska hovudperson, spenningstopp der hovudpersonen trur han er blitt gal og må vaska seg i andletet med kaldt vatn. Og til slutt ein harmonisk løysing. Heile klassen introduserer hovudpersonen for folkedans, hovudperson imponerer med å rulla kråka – og hovudperson får drøymedama. Ein relativt enkel moral: dansar du folkedans, ender du alltid opp med drøymedama.

Prisen for beste mannlege birolle går til koreografen sjølv: Sigurd Johan Heide, for fantastisk god dramatisering av irritert lærar.

“Det skal danses væk” på Vimeo

Klikk for å sjå “Det skal danses væk” (foto: stillbilete frå filmen)

Prisen for årets regi og dramaturgi

Klikk for å sjå “Supermarius” (Foto: Andreas Løken)

“Supermarius”

Koreograf og produsent: Halldis Folkedal
Inneheld lun humor og element frå halling, vals og springar.
Åtvaring: denne filmen kan føre til at du kjem i godt humør.

Du som spelte Nintendo og Supermario til føtene dovna vekk og hendene var raude og fulle av blemmer, vil elske denne dansefilmen. For meg var det ei ekstatisk oppleving. Under premiera på Riksscenen i haust, var det denne dansefilmen som vekte latterbrøl i salen. Det kan jo ikkje bli dårleg stemning når det er Supermario, eller Supermarius (alle har jo på seg marius-genserar) som er hovudpersonen/ane. Alle gode barndomsminner kjem veltande tilbake. Musikken. Plinget når Supermarius hentar inn pengar. Dramatikken når tida er i ferd med å renna ut. Sjarmen til menn med bart.

Filmen startar med ein kommentar til samfunnet me lever i dag. Vanlege menneske som går fram og tilbake og blir meir og meir stressa. Menneske som etterkvart tek fram smarttelefonen og startar å knipsa «sjølvisar» (les: norsk ord for «selfies»). Det nervøse samanbrotet er ikkje langt unna. Men heldigvis endrar dette seg. Dei hoppar gjennom portalen og blir til Supermarius. Du lurer kanskje på om Supermarius får prinsessa? Då er det berre ein ting å gjera: klikk deg inn og finn det ut!

“Supermarius” på Vimeo

“Supermarius” på YouTube

Prisen for årets dans

“Kartellet 2014”

Koreograf: Sigurd Johan Heide
Inneheld: nordlandspols og klemmeknusing.
Åtvaring: denne dansefilmen kan føre til at du får tårer i auga.

Kartellet har bygd seg opp som ein dansemafia frå nord gjennom nokre år. Dei er utvilsamt det dansekompaniet frå Nord-Noreg som tek seg best ut i svart dress. Denne filmen er ein slags introduksjon til det Kartellet likar å gjere aller best: ha på seg svart dress, danse pols til nydeleg musikk i ring og i par – og løyse alle konfliktar med klemmeknusing. Klemmeknusing går ut på å peila seg ut ein dansepartnar (kanskje ein du har noko uteståande med), og delvis klemma og knusa den andre personen til du blir vener med han/ho igjen. Burde ha vore meir brukt i krigskonfliktar verda rundt.

Kartellet får prisen for beste dans.

“Kartellet 2014” på YouTube

Klikk for å sjå “Kartellet 2014” (foto: stillbilete frå filmen)

Prisen for beste mannlege og kvinnelege hovudroller

Klikk for å sjå “Saman og åleina” (foto: Andreas Løken)

“Saman og åleina”

Inneheld: rudl frå Hardanger og Voss, hopping og rulling i snø.

Denne dansefilmen tek for seg ulike aspekt ved parforhold på ei vakker strand i Oslofjorden. Det er tydeleg at det ikkje er optimalt for eit parforhold å opphalda seg for lenge ved ei strand ein kald vinterdag. Det får konsekvensar. Frå å vere skikkeleg nyforelska, går hovudpersonane over til å prøve å løysa konfliktar ved å hoppe ilag og rulle saman. Dei som har prøvd å rulle i lag i snøen i opptil fleire minusgrader, veit at dette umogeleg kan gå bra. Det går som det måtte gå. Den mannlege hovudpersonen vil over til ei lunare strand, han forduftar og den kvinnelege hovudpersonen går frigjort derifrå. Dette er eit høgaktuelt samfunnsdrama som me alle kan læra noko av. Parterapi bør aldri utførast på ei strand.

Prisen for årets beste mannlege og kvinnelege hovudroller og ein varm kopp te går til “Saman og åleina”.

“Saman og åleina” på Vimeo

Prisen for beste kortfilm

“Polsdans”

Inneheld: pols, evt. springar, tredemøller, treningssko, maks O2-opptak.

I denne dansefilmen slår koreograf Heide eit slag for dans som treningsform. Å danse pols eller springar på tredemølle er ein treningsform som heilt klart er undervurdert. Her kan ein byggje opp ein stor aerob kapasitet i muskelfibrane samstundes som ein opparbeider ein høgkulturell form for musikalitet. Kanskje burde ein vurdert å ha på seg bunad og hengt på seg søljene til både mor og far: Ei ekstra belastning på eit par kilo vil sannsynlegvis gjera susen for styrketreninga. I tillegg vil du nok få ekstra merksemd og åtgaum på treningssenteret om du kjem iført din finaste stas. Dette kan vere høgaktuelt for deg som t.d. er 30 år og singel. Nok om det. Eg likar også at koreograf Heide utforskar dans som ein utandørsaktivitet. Dette bør i større grad nyttast av både eldre og unge for å opparbeide ein større mobilitet og balanse, for å unngå lårhalsbrot på glatta. Tommel opp. Dessverre må eg seia meg kritisk til ein ting i filmen: Den eine utøvaren har ein utstrekt bruk av astmamedisin. Har koreograf Heide sjekka om denne substansen er på lista over lovlege treningsmiddel? Det vil vera skikkeleg kjipt å bli tatt i dopingkontroll i startfasen av innfasinga av folkedans som treningsform.

“Polsdans” får prisen for beste kortfilm.

“Pols” på Vimeo

Klikk for å sjå “Polsdans” (foto: stillbilete frå filmen)

Prisen for beste dokumentar

Klikk for å sjå “Ringlendar” (Foto: Andreas Løken)

“Ringlendar”

Inneheld: kvite kostymer, reinlender, reinlendarring og pusting.

Når ein ser dei kvite draktene personane i filmen har på seg, er det ikkje til å unngå at ein startar å tenkje på Svartedauden og andre epidemiar. Kanskje er denne filmen eit forvarsel om den store Ebola-epidemien? Noko kjem til å komme, som Jon Fosse ville ha sagt. Det er difor ikkje til å unngå at ein umedvite eller medvite tolkar denne filmen i lys av denne fryktinngytande epidemien som fekk sitt fotfeste i store deler av Afrika. Eg synest det er fint at musikk og dans kan brukast til hjelpearbeid. Reinlender er ein positiv og gledesspreiande dans som sikkert kan skyve vekk negative tankar og bakteriar. I filmen er me med på ein diagnostisering. Personane med drakter på, som eg tolkar som hjelpearbeidarar, har ein mistanke om at nokon av dei er smitta. Dei dansar fyrst reinlender i par. Etterkvart går dei over til å danse alle i ein stor ring. Hjelpearbeidarane blir litt frustrerte over at dei ikkje finn den smitta og går etterkvart over til å pusta tungt og aggressivt. Dei håpar pusten vil avsløre den uheldige. Og det gjer den. Kanskje var det den dårlege anden som avslørte vedkomande. Den smitta blir funnen og blir ståande aleine, einsam og utstøtt igjen på golvet.

“Ringlendar” får prisen for beste dokumentar.

“Ringlendar” på Vimeo

Prisen for beste visuelle effektar

“Vals”

Inneheld: vals og til dels overraskande moment

Dei som kjenner meg, veit at vals er den verste dansen eg veit om. Det slår aldri feil. Når valsen kjem, blir ein alltid bydd opp av eldre menn som luktar brun saus. Og sidan vals er ein dans som aldri tek slutt, blir ein difor fanga i ein taus og evigvarande vond pine. Det er difor spennande at koreograf Heide tok fatt i denne dansen i denne filmen. Og eg slår fast: vals på film er eigentleg berre smooth, det luktar iallfall ikkje brun saus. Underliggjande forstår ein heile tida at det er noko muffins når ein ser filmen. Ikkje berre er dette ein kostevals der ein rett og slett manglar kosten, men det er også noko med rørslene og oppbyggjinga som er annleis. Eg vil ikkje røpe kva det er som er årsaken til at ein får ei kjensle av at noko er gale, for då vil eg røpa heile plottet. Eg vil difor tilrå alle å sjå heile filmen. På slutten forstår du plutseleg meininga med både livet og filmen.

“Vals” får prisen for beste visuelle effektar.

“Vals” på Vimeo

Klikk for å sjå “Vals” (Foto: Andreas Løken)