Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet er eit monumentalt verk som representerer ein samla dokumentasjon av fakta om dansen som sosial samværsform i eit bymiljø, skriv senteret i ei pressemelding. Dette er noko som har fått lite merksemd i folkemusikk- og folkedansforskinga her i landet tidlegare, held senteret fram.

Dag Vårdal seier i pressemeldinga at han følte seg rimeleg sikker på at det blei dansa like mykje i byane som på bygdene, og at det var naturleg for han å velje Oslo som fordjuping, sidan han er busett rett utanfor hovudstaden.

Mykje av informasjonen har han funne i kjelder som digitaliserte aviser, lokalhistoriske verk, memoarar, handskrivne og publiserte noter, og i fotomateriale og teikningar.

Danseforsking og danseopplæring belønna med pris
Dag Vårdal mottek Sffs fagpublikasjonspris.

Forsking på by og bygd

Verket Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet viser korleis Noreg fekk kulturimpulsar frå kontinentet og frå England, via hovudstaden. Spesielt korleis runddansane blei innført og korleis dei slo rot, er godt dokumentert i boka, som òg inneheld ei danse- og notenedteikningar og tre CD-ar.

Vidare går det også fram korleis danseopplæringa var ein viktig del av danninga, og kor sentral dansen var der folk møttest til fest – både på slottet og på meir uformelle arenaer. Boka inneheld også skildringar av korleis ein kan bruke dansen sjølv og i opplæring.

Fagpublikasjonsprisen har sidan 2013 blitt delt ut annakvart år av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Målet med prisen er å stimulere og gje merksemd til faglege utgjevingar innanfor folkemusikk- og folkedansfeltet. Dei førre prisvinnarane var Einar Gjærevold, Anders J. Reitan og John Ole Morken, som i 2019 fekk prisen for boka Den store leken: Anders Haugen. Spellmann på Rørosvidda.

Danseforsking og danseopplæring belønna med pris
Ellen Krageberg overrekker Sff-prisen til Asbjørg og Arne Sølvberg.

Pris til eldsjeler frå Nordfjord

Vårdal fekk pris på representantskapsmøtet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff), som blei avhalde på Riksscenen i Oslo fredag 24. september. Her blei òg ein annan pris utdelt, Sff-prisen, den tidlegare Rff prisen. Den er delt ut heilt sidan 1993, og vinnar i år var ekteparet Asbjørg og Arne Sølvberg frå Stryn. Prisen er på 25.000 kroner, og vinnarane får òg eit steinmotiv.

Sølvbergs får prisen for arbeidet sitt med opplæring i og rekruttering til folkedansen, særleg for arbeidet i Fjelli ungdomslag i Stryn. Her har dei sidan 1970-talet lært opp meir enn 400 dansarar i folkedans. Evna ekteparet har til å formidle tradisjonen, vektlegge samanhengen mellom musikk og dans og skape og oppretthalde eit trygt og solid ungdomsmiljø der dansegleda står i sentrum.

I grunngjevinga si nemnar senteret òg Arne Sølvbergs arbeid for å få på plass Bygda Dansar. Arne samla kulturaktørar, politikarar og folkedansrørsla i Sogn og Fjordane og fekk pilotprosjektet til fylket. Der var både han og Asbjørg viktige for gjennomføringa av dette, frå 2001 til 2004. Bygda Dansar er 20 år i år, og i samband med det er det skrive to evalueringsrapportar (desse, og rapportar frå kvart av Bygda Dansar-prosjekta, kan du lese på Sffs heimeside).