Tekst: Jostein Aardal
Det kan ein trygt fastslå ved å sjå på resultatlista som står på trykk i Spelemannsbladet etter kappleiken - og påmeldinga til årets landskappleik.
Vinnar av hardingfele klasse A vart Lars Skjervheim frå Voss. Vidare på lista med 1. premiar følgde Knut Buen, Hauk Buen, Bjarne Herrefoss, Knut Myrann, Leif Rygg, Tarjei Romtveit, Johannes Evensen, Finn Vabø, Jens Myro, Sigmund Eikås, Johannes Sundsvalen, Torleiv H. Bjørgum og Såvi Rysstad. Knut Hamre toppa B-klassa som den einaste med 1. premie.
Vinnar av vanleg fele klasse A vart Amund Bjørgen føre Bjørn Odde, Reidar Skjelkvåle, Pål Skogum, Tore Rødølen, Ivar Schølberg og Knut Kjøk.
Det vart ikkje skilt mellom dans hardingfele/fele eller laus/pardans i 1972. I klasse A gjekk Thomas Stensrud frå Gol gjekk heilt til topps med laus. Deretter følgde Oddvar Vestenfor/Arnhild Johnset, Hallgrim Berg/Karin Brennesvik, Jørgen Trøen/Marit Bergheim, Thomas Stensgård/Ragnhild Vindegg og Thorleiv Stave/Gunvor Myregard.
For mange deltakarar?
I oppsummeringa etter Landskappleiken i 1972 rosa leiar Jon Stuvøy i Landslaget for spelemenn (LfS) arrangørane for ein vellukka kappleik. Samstundes tok han til orde for innskrenking av deltakartalet: - Elles er eg redd for at Landskappleiken vil vekse oss over hovudet, sa Stuvøy blant anna i avslutningstalen.
Opp gjennom åra har spørsmålet om avgrensing av tal deltakarar vore teke opp. I dag fleirdobla sidan 1972, i tillegg til at det er lagt inn konsertar og aktivitetar i tillegg til tevlingane.