Tekst: Johanne Flottorp og Kjellbjørn Karsrud
I helga har kommentarfelta på Folkemusikk si Facebook-side gått varme, med eit stort engasjement rundt saka som kom fram i innlegget “FolkOrg 2025 – det er behov for endring av vedtektene” signert sju folkemusikarar". Dei tek til orde for at yrkesutøvarane ikkje skal ha krav på to av sju plassar ved styrebordet i FolkOrg.
I vedtektene til FolkOrg står nemleg det blant anna i § 9:
“To av styremedlemmene skal tilhøyre gruppa av yrkesutøvarar innanfor folkemusikk og/eller folkedans. Ein av desse skal vera leiar eller nestleiar”.
Søndag var Mette Vårdal og argumenterte for at ei slik kvotering har noko føre seg, medan Alexander Aga Røynstrand var oppteken av at debatten har fleire nyansar enn det som kjem fram i kommentarfelta. Styret i FolkOrg helsa i går debatten velkomen, men meiner det er opp til landsmøtet å ta stilling i saka.
Camilla Granlien er nestleiar i FolkOrg og har sete 10 år i styret som nettopp yrkesutøvarrepresentant. Ho meiner det er viktig å nyansere kva FolkOrg definerer som yrkesutøvarar.
– Fleire av dei som har skrive den første kronikken, er definerte som yrkesutøvarar slik som FolkOrg ser det. Om dei så lærer bort, speler til dans, eller er leiar i spelemannslag. Slik sett famnar omgrepet mykje, seier Granlien.
I vedtektene til FolkOrg er yrkesutøvarar definert slik:
“(...) Med yrkesutøvar meiner ein utøvarar som har inntekt av folkemusikk og/eller folkedans.”
Ein fusjon mellom to organisasjonar med ulikt fokus
– Det kan hende at ordet yrkesutøvarar verkar framand for nokre, men det handlar til slutt om at ein bruker folkemusikken og folkedansen som utgangspunkt for å tene nokre kroner, seier ho.
FolkOrg såg dagens lys som ein fusjon mellom Landslaget for Spelemenn (LfS) og Norsk folkemusikk- og danselag (NFD) i 2009. Der møttest to organisasjonar som hadde noko ulikt fokus, men i vidareføringa av dei skulle både det profesjonelle feltet og frivilligheita bli tatt vare på. At det er «oss» og «dei», trur Granlien er ei misforståing.

– Det er ikkje snakk om å arbeide for ein einskild artist, sjølv om det sit yrkesutøvarar i styret. Det handlar om at folkemusikken og folkedansen skal bli brukt. Alle i utval for yrkesutøvarar reiser rundt og gjer massevis av konsertar på skular og barnehagar, har opplæring og kurs for nye brukarar av folkemusikken, til dømes. Det handlar ikkje berre om å vere synlege på store scener. Det har alltid vore yrkesutøvarar i folkemusikkmiljøet, som har hatt den kunnskapen det inneber. Det er vel sjølve omgrepet som er nytt, seier ho.
– Gale at ei gruppe i ein organisasjon skal ha forrang
Folkemusikk har i dette høvet teke kontakt med éin av debattantane, den kjente spelemannen Roger Slåstuen, busett på Vinstra. Roger Slåstuen har vore ein profilert spelemann i norsk folkemusikk gjennom fleire tiår, og han leier Mukampen spelemannslag som har øving på Vinstra kvar onsdag. Det er eit samarbeidslag mellom Heidal og Skåbu i utgangspunktet, men er ope for alle som vil vera med.
– For nye lesarar. Kva var bakgrunnen for innlegget de hadde på trykk på fredag?
– For min eigen del så fekk eg høyre om denne formuleringa i vedtektene for eit par år sidan. Eg var ikkje så godt kjent med reglementet til FolkOrg den gongen, så vart eg fortalt at plassar er forfordelt til yrkesutøvarar. Det var nesten så eg ikkje trudde han eg tala ved, så eg måtte gå og sjå på vedtektene, og der stod det svart på kvitt. Dette syntest eg var kjemperart i ein breiddeorganisasjon som FolkOrg skal vera. Alle legg inn ein lik innsats med kontingent, så då skal alle vera like valbare, utan tanke på posisjonar, meiner Slåstuen.

Slåstuen presiserer at det er ikkje slik at dei ikkje vil at yrkesutøvarar skal sitta i styret, men at alle skal vera valbare på lik linje, utan forrang.
– Med den definisjonen FolkOrg har på yrkesutøvar, så er du god om du får sett saman eit styre utan yrkesutøvarar. Med FolkOrgs definisjon på yrkesutøvar, er det nok å tene 1000 kroner i året for å kunne kalle seg det.
– Det er femten år sidan FolkOrg vart stifta og vedtektene vart laga. Kva var det som gjorde at de ville lyfte denne saka til landsmøtet no?
– Eg trur det er mange som meg som ikkje er klar over dette, og synest det er viktig at dette blir gjort kjent blant meinigmann i FolkOrg. Dette har eg iallfall opplevd etter at eg har funne det ut, og har snakka med mange som har stussa veldig over at det er slik.
Slåstuen peikar på at valnemnda uansett må tenkje på breidde, men at det ikkje bør vera det førande.
– Det er det som er det gale her, at ei gruppe i ein organisasjon skal ha ein forrang.
– Kva for reaksjonar har de fått på innlegget? Føler du at de har ei brei støtte for dette forslaget?
– Vi har fått mykje støtte, men vi ser at det er enkelte i kommentarfeltet som prøver å vri diskusjonen over i ei anna retning om at vi vil ha ut yrkesutøvarane frå styret, det er ikkje det vi er ute etter. Vi vil paragrafen til livs. Vi vil ha yrkesutøvarar i styret, på lik linje som andre. Då kan ikkje folk begynne å synse om at det er andre formål vi har.
Slåstuen avviser at denne debatten har samanheng med Madam Jam-diskusjonen som gjekk etter Landsfestivalen i Førde i 2023.
– Sjølv om nokre av dei same stod bak det innlegget, er dette to heilt separate saker.
– Vil du sjølv definere deg som ein yrkesutøvar?
– Ut frå definisjonen til FolkOrg så er eg ein yrkesutøvar, men eg definerer meg ikkje som det. Eg ser på meg som sjølv som ein spellmann. Det er fleire som gjer det same, som er meir yrkesutøvar enn meg. Eg har prata med yrkesutøvarar som også seier at det ikkje er rett att dei har ein forrang.

Slåstuen peikar på at det er godt over 15 år sidan samanslåinga, og han meiner at vedtektene skal vere dynamiske og skal kunne reviderast etter kvart landsmøte.
– Eg synest ikkje det er noko sensasjonelt at det må sjåast på etter så mange år.
Debatten er på høg tid, meiner han, og det er tydeleg at det er behov for ein debatt. Han har også behov for å kommentere på innlegget FolkOrg-styret kom med i debatten måndags kveld.
– Når det gjeld innlegget frå FolkOrg-styret, må eg seie at eg er særs forundra over at dei kjem med dette utspelet. Når eit medlemslag som Mukampen kjem med forslag til ei vedtektsendring, synest eg det er rart at styret kjem med forslag til ei retning til kva meining FolkOrgs medlemmar skal ha.
Slåstuen peikar på at innlegget deira ikkje er ein kritikk av styret i FolkOrg, men ei grunngjeving for kvifor dei vil foreslå å endre vedtektene. Difor synest han det er heilt feil at FolkOrg-styret kjem på bana no med støtte til ei retning i ein debatt.
– Det synest eg er svært uheldig. Ut frå skrivet som FolkOrg-styret kjem med, så får eg inntrykk av at dei byr opp til ein diskusjon som dei eigentleg ikkje vil ha. Eg får kjensla av at dei hevdar at dei ynskjer diskusjonen velkomen, men at dei eigentleg ikkje gjer det.
Hilde Reitan, leiar i FolkOrg, kommenterer i eit tilsvar at det ikkje er styret si meining å peike på kva medlemmane skal meine i denne saka:

– Essensen i styrets innspel er at vi treng også kompetansen og erfaringa til yrkesutøvarane i styrearbeidet, uavhengig av formuleringar i vedtektene. Og dei formuleringane skal ikkje styret meine noko om før landsmøtebehandlinga, som vi også skreiv i vårt innlegg.
Landsmøtet i FolkOrg nærmar seg, og det blir snart høve for lokallaga å sende ut delegatar. Men Roger Slåstuen har ikkje tenkt å mobilisere meiningsfellane sine for å få å få gjennom vedtektsendring.
– Nei, det er ikkje formålet vårt. Eg håpar at saka er så god i seg sjølv, at det skal vere unødvendig å mobilisere, men eg har heller ingen planer om å slutte å fronte meiningane mine. Eg tenkjer det er viktig at vi får gjort kjent at det er slik, og at då er det opp til kvart lag som stiller på landsmøtet, å bestemme seg for om det er greitt at det er slik. Det er slik eit demokrati fungerer. Alle har lik stemmerett og ingen er kvotert, avsluttar Slåstuen.
– Det er viktig å ha med erfaringa til yrkesutøvarane i styret
FolkOrg har eit fagutval for yrkesutøvarar som er eit rådgjevande organ. FolkOrg skriv i omtala av utvalet at dei “(...) skal handsame saker som vedgår yrkesutøvarane, og gje råd til styret i slike saker.” Frå styret er det i dag Camilla Granlien og Torfinn Hofstad som sit i dette utvalet, i tillegg til Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Mattias Thedens og Jon Bugge Mariussen frå utøvarfeltet.
Men utvalet har inga makt til å bestemme, så Granlien understrekar at det ikkje er det same som å vere representert i styret.
Her kan ein lesa meir om fagutvalet for yrkesutøvarar.
– Dei som sit i dette utvalet er yrkesutøvarar som jobbar med formidling av folkemusikk og folkedans til barn i barnehagar, på skular, speler konsertar med Den kulturelle skulesekken, Den kulturelle spaserstokken, held dansekurs, gjer solokonsertar, speler med fullt band på store scener, speler til dans når lokallag har kurs, leier juniorlag, har folkesongkurs og så vidare. Nokre har det som fulltidsjobb, andre som ein del av inntekta. Hovudsaka er at alle brenn for å formidle folkemusikk og folkedans ut til alle me møter, seier Granlien.
Grunnen til at Camilla Granlien i FolkOrg-styret meiner det er lurt å halde på plassane til yrkesutøvarane, er samansett.
– Utøvarane kjenner kvar skoen trykker og kva problem ein møter på. Det finst mange ting som er lettare å gjere enn å vere yrkesutøvar, så alle som livnærer seg av folkemusikk og folkedans brenner for feltet. Dei vil vidareformidle arven og samtidig prøve å gjere eit levebrød utav det. Det er viktig å ha denne erfaringa med i styret, forklarar ho.
Sjølv om to av plassane i styret skal fyllast av folk som ser på seg sjølv som yrkesutøvarar utifrå FolkOrgs definisjon, påpeikar Granlien at heile styret består av folk som både har ein og to føter dansande utpå det frivillige folkemusikk- og folkedansgolvet.
– Me går om kvarandre. Men me jobbar for den same saka, seier ho.