Den beste jolefolkemusikken
Om forfattarane
  • Når ein skal melda joleplater, må ein sjølvsagt kunna dokumentera kompetanse. Her kjem ein liten presentasjon av oss tvillingmeldarane (som forresten fekk over 200 likes og stor åtgaum på den einaste songen me har publisert i sosiale medium):
  • Gudrun: Har 30 studiepoeng i musikk frå lærarskulen i Volda; har spelt ein sjøfløyteslått på konsert og salmar (sjølvlært) på orgelet heime; har vore medlem i fleire kor, titulert som «konge-alt»
  • Halldis: Improviserte ein gong andrestemma då ho og Gudrun og ein som heiter Kjetil, song inngangssongen i eit bryllaup; har uendeleg mange studiepoeng i dans og ein del i folkemusikk
  • Som andre mektige folk her på jord så lir også me i Tvillingfolk av ein smule narsissisme. Me prøver difor å fletta inn våre eigne livserfaringar og meiningar der me kan, og reknar med at dette er interessant for dykk lesarane.

Desse meldingane stod fyrst på trykk i Folkemusikk nr. 4/2018 og nr. 4/2019.

Det er ei stor ære for oss å få presentera alle denne vakre musikken for dykk. Me håpar inderleg at du også finn fram musikken me har meldt og kosar deg med den, slik me òg har kost oss. Tusen takk til alle musikarar som lagar all denne fine musikken. Det kan aldri verta for mykje folkemusikk, heller ikkje i joletider.

Fyrst ei rask samanfatning av tre vakre poeng.

1: Kva jolelåt er mest populær i Folkemusikk-Noreg? For å finna ut av det har me gjort ei kjapp utrekning basert på kva låt som har vorte mest brukt på platene. Lenge hadde me ei oppfatning av at det var «Det hev ei rose sprunge» som stakk av med denne gjæve noteringa, men det viste seg ved oppteljing at det var slageren «Eit barn er fødd i Betlehem» som er mest brukt. Me vi gjerne leggja inn ei tinging av «Fager er jordi» til alle komande folkejolproduksjonar. Til no er det berre Tone Damli som har ein versjon av denne på Spotify, så her må nokon ta grep.

2: Er det vals eller reinlender som er den største folkemusikkrytmen av dei alle? Halldis har lenge levd på at «Musevisa» opphavleg er ein reinlendar. Men det viste seg at det var slekta sjølv, valsen, som vann med eit solid fleirtal denne gongen. Valsen er difor sjølve jolerytmen.

3: Kva for ein folkemusikkartist har delteke på flest plater? Her er det ingen ringare enn Åsmund Reistad som vinn, Åsmund vert dermed jolekongen denne gongen.

Familien Akselsen: Velkommen hjem

I 2012 kom den fyrste joleplata til Familien Akselsen til strålande kritikkar, og i 2015 kom oppfylgjaren Velkommen hjem. Dette familiebandet er samansett av far Elias Akselsen og borna Stig, Veronica og Kristine på vokal. På plata har dei med seg ei rekkje instrumentalistar. Familien Akselsen er ein kjend taterfamilie og er sjølv i slekt med stordommar som Stor-Johan og Tater-Milla. Elias er i tillegg lekpredikant i Pinsebevegelsen. Sidan jola har mange kristne songar, er det noko tilfredsstillande i å høyra folk som er truande, syngja om jol og fred på jord.

Det er noko med denne plata som treffer oss. Ho kjennest veldig inderleg. Med samsong og lovsong skapar dei litt magi i nokre av låtane. Det er særleg dei to fyrste låtane på plata, «Fred på jord» og «Se henimot Stallen», som bergtek oss. Samsong utan stemmelegging kan vera skikkeleg rått, og er ein viktig del av songtradisjonen vår. Men det er nok solosongen til Elias som grip oss mest denne gongen. Når han syng, er det som å høyra noko me aldri har høyrt før, som å vera i eit bedehus på 1800-talet. Han syng som om han har heile livet i stemma si.

I tillegg til samsong får alle på plata glitra litt som soloartistar. Veronica Akselsen har mellom anna bakgrunn som Grand Prix-artist, og ho gjev oss ei klassisk modulering under «Eg veit i himmelriket ei borg». Me les på Wikipedia at Grand Prix-modulering kan opplevast som ganske intens, og når livet er på det mest intense, er det òg vakrast. I tillegg får me ein del orgel på plata. Kva meir kan ein då ynskja seg her i livet?

Den beste jolefolkemusikken
Familien Akselsen: Velkommen hjem
  • Grammofon, 2015
  • 11 spor, 37 min.
  • Produsent: Freddy Holm
Den beste jolefolkemusikken
Hekla Stålstrenga: Velkommen inn
  • Ta:lik, 2017
  • 11 spor, 35 min.
  • Produsent: Are Bredahl Simonsen

Hekla Stålstrenga: Velkommen inn

Dette er plata for oss som ofte skulle ynskt at me var nordlendingar. Plata startar med «Nordnorsk julesalme» – ja, kva anna skulle ein ha starta med? – og ein har med tekstar av visekongane frå det høge nord Ola Bremnes og Halvdan Sivertsen. Plata har mange nye jolesongar for oss, men ho har òg gode klassikarar som «Det lyser i stille grender» og «Stille som sne», denne gong med melodi av bandet sin trubadur, Tore Bruvoll.

«Velkommen inn» er tittelsporet på plata, her er det mykje nordnorsk godheitstyranni, og takk for det! Låten kan tolkast på mange måtar og er vart formidla. Er det Maria (ja, ho som fødde Guds einborne son) som er velkomen inn, eller flyktningar i notida? Eller dei som ikkje har nokon å feira jolehøgtida med? Ein ting er i alle fall sikkert: Om me dukkar opp på døra til bandmedlemene i Tromsø, forventar me at dei slepper oss inn.

Hekla er på mange måtar meir dempa på denne plata enn kva me kjenner dei som. Vokalist Anne Nymo Trulsen fører oss varleg inn i jolestemning, som i «Josefs julesalme» og «Fra fjord til fjære». Men ingen regel utan unntak. På plata finn ein òg instrumentallåtar i klassisk stil à la Ragnhild Furebotten og Tore Bruvoll. Reinlendaren «Et juleeventyr» er fengande og dansbar, og på eit tidspunkt i denne låten starta Gudrun å knipsa. Det er gjerne eit godt teikn. Me knipsar oss i alle fall inn i jola med Hekla sitt nordnorske stemningsbilete, medan me lengtar etter nordljos og reinsdyr.

Kim Rysstad og London Philharmonic Orchestra: Snøen laver ned

Med den fagraste stemma av dei alle syng Kim Rysstad saman med London Philharmonic Orchestra. Denne plata har slått ned som eit joleblinkskot langt utanfor den indre folkemusikkransen. Plata må nok karakteriserast som ein suksess på mange måtar. Det er ikkje utprega folkemusikk, dette her, men Kim ber heldigvis med seg arven sin uansett kva han gjer.

Songane på plata er ei blanding av gode, gamle nynorske klassikarar som «Stille natt», «Det hev ei rose sprunge» og «Ei krubbe var vogga», blanda med svenske og engelske låtar. «O helga natt» er eit av dei svenske bidraga. Avslutningsvis får me òg sjølvaste stjerneskotet av ein nyttårsklisjé, nemleg «Happy New Year». Denne versjonen er mykje meir nedpå enn vanleg, og det er herleg, for me er eigentleg ikkje så glade i nyårsaftan.

Fyrste låten på plata er mektige «Stjernesludd». I september hadde ein av oss fire krevjande eksamenar på ei veke og utvikla for fyrste gong i livet eksamensangst. Då var det nettopp denne låten som klarte å roa nervane ned. Ja, kanskje er det nettopp denne låten som gjev oss lyst til å sveva mellom skyene medan me speler på tvillingharpa vår. Denne gongen song Kim saman med London Philharmonic Orchestra, kven er den neste store ut? Me føreslår duett med Adele der dei tolkar stev frå Setesdal. I mellomtida smør me oss inn med smørvakker song, medan me pakkar oss inn i englevengjene våre.

Den beste jolefolkemusikken
Kim Rysstad og London Philharmonic Orchestra: Snøen laver ned
  • X5 Music Group, 2017
  • 10 spor, 43 min.
  • Produsent: Lars Nilsson
Den beste jolefolkemusikken
Aasmund Nordstoga & Gunnhild Sundli: Sæle jolekveld
  • Plassen Produksjon, 2015
  • 12 spor, 45 min.
  • Produsent: Jørund Fluge Samuelsen

Aasmund Nordstoga & Gunnhild Sundli: Sæle jolekveld

Gunnhild Sundli kan på mange måtar vera folkemusikken sitt svar på Jesus, sidan ho nyleg gjenoppstod med bandet Gåte. Det er uvisst om eks-programvert og kvedar Aasmund har vorte send frå dei høgare makter. I alle fall er dette på mange måtar ei tradisjonell folkemusikkplate i form og innhald, med klang av folkemusikk. Særleg Daniel Sandén-Warg bidreg til den folkemusikalske reisa med alle sine svorske folkemusikkinstrument.

Ein ting er sikkert, fint og fagert dei syng, som dei sjølve syng i «Glade jol». Samsongen kling godt, og for oss som er kjende med Gunnhild gjennom Gåte, er det ei anna Gunnhild me møter her. På éin låt får me eit kort gjensyn med Gåte-tonaliteten i stemma hennar: I «Mitt hjerte alltid vanker» leikar Gunnhild med ulike melodiar, mellom anna ein melodi etter Berit Opheim.

På mange av låtane på plata får me mellomspel med tradisjonelle tilsnitt; me synest dette er friske bidrag til låtane. Melodien til «Eit barn er født i Betlehem» er allereie ein norsk folketone, men me takkar ikkje nei til mellomspel i gangartakt for det. Det kan aldri verta for mykje av det gode. «Fransk jolevise» er eit eksotisk bidrag med frekt tempo, som gjev oss litt kjensla av å vera i ein fransk ballsal for nokre hundre år sidan. Melodien er todelt, vals og gangartakt, og framstår høveleg til ein formasjonsdans av eit eller anna slag.

Plata vert avslutta med ein sæl «Folkefrelsar til oss kom». Det slår oss at Folkefrelsar gjerne er eit anna uttrykk for Folkemusikkfrelsar. Så, folkemusikkfrelsar til oss kom. Avslutningsvis syng dei «lov og takk til evig tid». Men hei sann, sidan me er sponsa av Folkemusikkpolitiet, går me heller for lov og takt til evig tid. Uansett, om du er gamalfrelst eller nyfrelst folkemusikar, så skuffar ikkje denne plata, det lovar me deg.

Aasmund Nordstoga: Tolv dagar i jola

Tradisjonell dansbar jolepop! Med denne plata har Aasmund gjort eit godt stykke arbeid. Både med å omsetja kjende jolesongar til nynorsk, og ved å laga tradisjonell dansbar jolepop. Sidan me elskar nynorsk og dans, slår dette godt an på alle måtar. Me vil forresten påpeika at Tvillingfolk høyrer til dei som konsekvent syng «Fager er jordi» når andre syng «Deilig er jorden». Me reknar med at Aasmund gjer det same.

Det startar med «Tolv dagar i jola», som får Gudrun til å utbryta at «Oi, den er fin». Vidare vert me med på aketur i polkatakt i «Akevisa». Denne låten er ein av fleire der Aasmund har omsett ein tekst av den kjende barnesongdronninga Margrethe Munthe. Det passar fint at denne, som fleire av songane på plata, er krydra med barnekor.

Vals er ein slager på denne plata. Både «No har me ljos», «Hei tomtegubber» og «Du og eg og dompapen» har valserytme. Låten «Dekk no opp» er ei omsetjing av den kjende «Deck the halls». Lydbunaden i denne versjonen har halling-/gangar-tematikk. Ikkje sidan «Smurfehalling» har me kjent ei større glede. Den kjende svenske visa «Staffansvise» toler den nynorske omsetjinga godt – me gjev tommel opp. Nachspielstemninga kjem på «Det tindrar stjerner», som vert formidla i eit seigt slowfox-dansetempo. Kanskje det er denne du skal høyra på når jolegåvene er opna og depresjonen slår inn over huslyden?

Alt i alt er dette ei solid folkemusikkplate, med nyskapande tradisjonell innpakning på tradisjonelle og omsette joleviser. Og Aasmund er ein formidlar av rang saman med medsongar Unni Boksasp og musikarane på plata.

Den beste jolefolkemusikken
Aasmund Nordstoga: Tolv dagar i jola
  • Warner Music Norway, 2011
  • 12 spor, 38 min.
  • Produsentar: John Vinge og Jørund Fluge Samuelsen
Den beste jolefolkemusikken
Julestemmer: Tenne ti ljøsi
  • Ta:lik, 2015
  • 17 spor, 46 min.
  • Produsentar: Camilla Granlien og Frode Berntzen

Julestemmer: Tenne ti ljøsi

Tenne ti ljøsi er ei jovial folkemusikkplate der ein sameiner krefter frå Hedmark, Oppland og Hordaland. Kanskje er dette folkemusikken sitt svar på Dei sameinte nasjonane? Det er ikkje kvar dag at tradisjonsutøvarar frå ulike område klarar å syngja saman utan å skapa konflikt. Plata er både fest og litt nachspiel, med innhald i hovudsak henta frå Innlandet, medan ein har i alle fall éin låt frå vakre Vestland.

«Tenne ti ljøsi» er ein fin låt som ein finn mange stader i landet, den handlar om rumper som sleng, dansande kalvar, preikande prestar og klokkaren som syng. Alf Prøysen sin «Julbokk-gløtt» får oss til å mimra om den gongen me gjekk jolebukk til naboen og song utruleg falskt. Flaks at me var utkledde slik at naboen forhåpentlegvis ikkje forstod kven me var. Men heldigvis syng Julestemmer litt betre enn syskena Folkedal, så denne låten meistrar dei godt.

På ein annan Prøysen-klassikar, «Du og jeg og dompapen», reiser Halldis seg opp og dansar litt vals. Låten har eit schwungande arrangement og er høgdepunktet for oss på plata. «Juleregle» er eit potpurri av ulike melodiar og Prøysen-tekst, kom og ta i ring. Det er vel ingen andre høgtider som har så mange dansar i ring som jola, konstaterer me. Også «Haugebonden» er oppteken av dans. Taktmessig møter me på ein del runnom på plata, mellom anna i «Juletida den er fin», nyskriven av runnomdronninga Margrethe Nordmoen, og omskrivne «Kjære Olamann i jula».

«Morten ga meg trettande kvelden i jula» er ein av desse telje-songane som me ikkje alltid forstår teksten på, men han har i alle fall rumpefokus, nett som tittelsporet. Me er for eit folkeleg fokus på rumper. Til dømes møter me her tretten bukkar som alle er bretta på rumpa, og åtte gangarar som alle flettar rumpe med gullsalar på. «Et lite barn så lystelig» vart på ein måte nachspielet på plata ved fyrste gongs gjennomhøyring. Men om du vil dra deg opp frå sofaen, kan du ta ein polka med støyt til «Trea dag jul».

Kvedarkvintetten: Julesong

Tenk, sånn kan det låta når ein byrjar å syngja i ung alder. Kvedarkvintetten består av ein syskentrio og eit syskenpar, Margit, Sina og Helga Myhr og Tonje og Silje Risdal Liahagen. Plata er ei blanding av songar dei har lært i barndomen, songar frå boka Folkesong i Hallingdal av Gunnlaug Lien Myhr og to nyskrivne tekstar av Eldgrim Springgard og Frida Ånnevik.

Nokre av låtane er omkransa av instrument, men det er fyrst og fremst stemmene og nydelege vokalharmoniar som ber songane fram. Me finn joleklassikarar som «Eit barn er født i Betlehem og «Opp gledes alle, gledes nu» sungne med ein meir ukjend melodi, og det er jo alltid spennande for oss som elskar melodiar.

I songen «Tussen i treet» får me høyra om når jolereia kjem til gards. I eldre tider var jolenatta, natta mellom jolekvelden og fyrste jolekvelden, sett på som ei av dei farlegaste og mest magiske nettene i året. Då var alt av overnaturlege og underjordiske vesen ute for å laga bråk. I «Tussen i treet» får me eit humoristisk innblikk i korleis det kan gå når dei kjem på besøk.

Det er ikkje til å stikka under ein stol at folk var litt rare før i tida. No til dags er det vanleg å få ei lita påskjøning frå arbeidsgjevar ved joletider. I regla «St. Martins gaver» vert det ramsa opp kva arbeidsgjevarar gav før i tida: «ei skjønn jomfru å sova hos, sju geit, sju bukkar i kvar geit (ganske spesielt), åtte folar grå med fletta rumpur og gullsalar på og elleve spuna kjeringar». Er det rart at folk lengtar tilbake til gamledagar?

Kvedarkvintetten leverer varene. Men for å heva kvaliteten ytterlegare bør ein ikkje utelukka at kvintetten kan bli utvida med fleire systrer i framtida. Som tidlegare nemnt har syskenparet Folkedal ein allsidig musikalsk bakgrunn som ein her kan utvikla i det uendelege.

Den beste jolefolkemusikken
Kvedarkvintetten: Julesong
  • Heilo/Grappa, 2017
  • 12 spor, 41 min.
  • Produsent: Frida Ånnevik
Den beste jolefolkemusikken
Øyonn Groven Myhren og Lars Henrik Johansen: Paa Jorden Fred og Glæde
  • Etnisk Musikklubb, 2014
  • 10 spor, 36 min.
  • Innspeling og miks: Tom Karlsrud

Øyonn Groven Myhren og Lars Henrik Johansen: Paa Jorden Fred og Glæde

For dei av oss som er litt gamalmodige og gjerne skulle levd ein tre hundre år tilbake i tid, er det ikkje vanskeleg å leva seg inn i innleiinga i heftet til CD-en. «La oss tenke oss tilbake til 1700-tallets Norge. Vi er på Østre Toten, i grenda av storgårder som ligger rundt den hvitkalkede middelalderkirka på Balkehøgda. Vi er budne til julegilde på gården Rognstad, og vi har rigga oss til med cembalo, viola, cister og hakkebrett.»

Vidare fortel innleiinga at bonden på garden, Ole Henrichsen Rognstad, som også er orgelspelar, låner oss den handskrivne koralboka som vanlegvis vert brukt i kyrkja. Me får jammen lyst til å vera til stades der, me òg, hakkande på eit hakkebrett medan me syng av hjartans lyst i skinet av eit stearinljos.

Av dei ti songane på CD-en kjenner me automatisk igjen tre av songane. «Maria hun er en jomfru reen», «Et barn er født i Betlehem» og «Mitt Hierte Alltid vanker» har vore jolehits så lenge me har levd, og det er interessant å høyra korleis melodiane høyrdest ut i denne 1700-talsversjonen. Øyonn Groven Myhren syng oss sikkert gjennom dei ikkje altfor enkle tekstane, me støttar oss til det fyldige tekstheftet når det gamaldanske sproget blir for vanskeligt for oss at følge med paa.

Øyonn og Lars Henrik har med seg Anne Hytta og Benjamin Rygh på viola d’amore og cister, og under dei to reine instrumentallåtane «Alle Ting er Underfulde» og «Lovet Være du Jesu Christ» får me assosiasjonar til Askepott og drøymer oss vekk. Me føreslår at desse musikarane vert spurde om musikkbidrag dersom Reisen til julestjernen nokon gong skal spelast inn att. Så får me håpa at det ein gong vert slik som tittelsporet seier, Paa Jorden Fred og Glæde for alle menneske på denne vakre jord.

Jul i Folkton: I solvändets tid (live 2010)

Denne CD-en tek oss med til vårt kjære naboland i aust. Dette landet som er fullt av gjærbakst, gamle nydelege hus med linoleumsbelegg på golva, kakkelomnar i alle rom og ikkje minst vakker, komponert folkemusikk. Jul i Folkton har hatt litt varierande besetning all den tid dei har eksistert, men med den gjengen som er samla på denne tredje CD-en deira, kan det jo verkeleg ikkje gå gale.

Sofia Karlsson, Sverige sitt svar på Odd Nordstoga. Ale Möller, mannen som me skulle ynskja var bestefar vår fordi han ser så utruleg hyggeleg ut. Ta på den mannen ei nissehue, og han vil gli inn i alle heimar jolenatta utan problem. Og Esbjörn Hazelius, Lena Willemark, Lisa Rydberg, Roger Tallroth og Olle Linder – musikarar som har vore med og lyfta fram svensk folkemusikk i ei årrekkje i utalige prosjekt.

Sjeldan har vel dei tre vise menn si vandring mot stjerna over Betlehem høyrst meir velklingande ut enn i denne versjonen av «Trettondagsvisan» av Esbjörn Hazelius. Me innrømmer at me nok har vore litt forelska i stemma til Esbjörn. Me minnest òg sist konsert med Hazelius & Hedin der eine delen av Tvillingfolk la seg ned på golvet for å kvila ryggen, og nesten vart trakka på av Hazelius ved konsertslutt. Det var stort å vera med på.

Her finst det polska for dei som vil svinga seg i joledansen, og ein rask versjon av «Räven raskar [över isen]», som me også kjenner frå norsk tradisjon. Sist på plata finn me «Julvisa i Finnmarken», framført nydeleg av Sofia Karlsson, og ein nydeleg instrumental versjon av «O helga natt». Tvillingfolk tilrår alle i vår lesarskare å utforska dei to andre CD-ane, og aller mest å få med seg ein konsert dersom Jul i Folkton oppstår igjen.

Den beste jolefolkemusikken
Jul i Folkton: I solvändets tid (live 2010)
  • Sally Wiola Music, 2011
  • 12 spor, 55 min.
  • Produsent: Hilda Sandgren og Esbjörn Hazelius
Den beste jolefolkemusikken
Det norske solistkor: Rós. Songs of Christmas
  • BIS Records, 2013
  • 17 spor, 53 min.
  • Produsent: Jens Braun

Det norske solistkor: Rós. Songs of Christmas

Rós er nordisk og tyder Rose. Det norske solistkor, skipa i 1950, er rekna som eit av dei beste kammerkora i Skandinavia. Det seier seg nesten sjølv at det ikkje er så mange feilskjer å høyra på denne plata; her får ein eit høgt kunstnarisk nivå, velklingande arrangement og trygg intonasjon. Då denne CD-en kom ut, vart han kåra til den beste joleplata dette året av NRK P2s Kulturnytt. Songutvalet varierer frå tusen år gamle songar av Hildegard von Bingen (1098–1179) til nyaste song på plata, «Jul, jul, strålande jul», skriven i 1921. I det fyldige tekstheftet til plata kan ein lesa at mange av folketonane på plata truleg har eksistert i munnleg form like lenge som songane til von Bingen. Det er jo ganske kult å tenkja på.

Berit Opheim og Gjermund Larsen forsvarar folkemusikken si ære på plata, og det gjer dei til gagns. Når dei også har teke med seg nokon av våre favorittsongar, vart det fort høgtid i tvillingstova. Versjonen av «No koma Guds englar» er noko av det nydelegaste me har høyrt. Denne versjonen av folketonen kjem frå Vest-Agder og er skånsamt arrangert av Jo Asgeir Lie og Grete Pedersen.

Me finn også eit nydeleg arrangement av «Eit barn er født i Betlehem», arrangert av Trispann og Ørjan Matre. Av andre godbitar kan me nemna «I denne søte juletid», Den fagraste rosa», «Mitt hjerte alltid vanker» og «Et lite barn så lystelig», i meir eller mindre ukjend tonedrakt. For ein rikdom det finst i folketonane våre. Etter å høyrt på denne rosa av ein CD er det berre ein ting å seia: Likar du både kor og jol, er dette CD-en for deg. Vel bekomme!

Bolteløkka jentekor: Jolevisur

Dette er jolesongar frå born i byen, dirigert av Linn Andrea Fuglseth og med eit lite folkemusikkband samansett av Vegar Vårdal, Åsmund Reistad, Sigurd Hole og Kenneth Ekornes. Tidlegare har koret gjeve ut ei plate med folkeviser frå barn i byen som heiter Mine visur.

I plateomslaget skriv dirigenten dette: «I ti år har jeg sunget med barna på Bolteløkka skole, og jeg er blitt kjent med de fleste jentene i nabolaget. Kan hende rusler de rundt og traller på folkeviser og sanger de har lært i skolekoret. Og musikken er smittsom. Den sprer seg til småsøsken og venner, og vil dukke opp i stadig nye varianter. Formet på ny av hvert enkelt barn og levert som ved et vindkast.» Dette må vera sjølve inkarnasjonen av folkeleg song, song som spreier seg og dukkar opp andre stader.

Linn skriv vidare at ho gjerne leitar etter uhøyrde versjonar av songane, som til dømes versjonen av «Et lite barn i Betlehem» med melodi frå Sørkedalen. Dette er ein nydeleg melodi i valsetempo.

Dette er ei sjarmerande og rytmisk gåvepakke for både liten og stor. Og folkemusikkbandet bidreg til eit ljuvleg lydteppe som fører songen framover. Dette er eit dansebasert og livleg materiale, blanda med meir tilbaketrekte songar. «Hej, tomtegubbar» kan ein dansa masurka eller polka med støyt til, «Musevisa» er ein reinlender. I tillegg får me ein arrangert springleik på «Springleik». I tillegg til tradisjonelle jolelåtar får me og nytradisjonelle songar som den veldig vakre «Jolevise» frå fjernsynsserien Jul i Svingen.

Me synest det er ganske fantastisk at det på Bolteløkka skole finst eit jentekor som syng så fagert for oss. Det gjev oss tru på framtida. Og tenk kor fint det må vera å syngja saman med slikt eit band, og tenk kor heldig bandet er som får spela med desse jentene. Me elskar når born syng av hjartans lyst. Faktisk er me litt sjalu på desse jentene, Granvin barne- og ungdomsskule hadde aldri kor i vår tid. Men me trøystar oss med at me hadde dansing, og det vart trass alt danna medborgarar av oss òg.

Den beste jolefolkemusikken
Bolteløkka jentekor: Jolevisur
  • Grappa Musikkforlag, 2014
  • 15 spor, 47 min.
  • Produsent: Vegar Vårdal
Den beste jolefolkemusikken
Fra de mollstemte skoger: Sny
  • Ta:lik, 2018
  • 12 spor, 36 min.
  • Produsent: Jorun Marie Kvernberg

Fra de mollstemte skoger: Sny

Hege Nylund, Tove Hagen og Annar By er tre songarar som utfyller kvarandre på ein finfin måte. Med seg har dei strengeinstrument av ulikt slag, men gitaren og fela er gjerne dei mest dominerande. Spesialiteten deira er å tonesetja dikt av forfattarar frå Hedmark, med inspirasjon ifrå svensk/norsk visetradisjon og mollstemt tradisjonsmusikk frå Hedmark. Denne vinterplata er forfriskande tom for joleflosklar; det kan sjølvsagt vera på grunn av at det er meir vinterplate enn joleplate.

Den jordnære, nedpå trubadurstemninga fangar oss, og det joviale svingar oss inn i vinternatta. Me som skriv dette, arbeider til dagleg som lokførarar. Med ujamne mellomrom får me tekniske problem med toga som me køyrer. Då ringjer me for brukarstøtte sentralt i NSB, og er me ekstra heldige, så er det ein jovial hedmarking som tek telefonen. Då roar hjarta seg ned, for joviale hedmarkingar veit alltid råd. Slik er det å høyra på denne plata, ho roar ned og veit råd.

Plata heiter Sny, og det med rette. Snø er tema på fyrste songane ut, «Stjernesnø» og «Snø no i kveld». Refrenget på «Nocturne» har allsongeffekt, og heile songen har god klappe-effekt i mottakt. Ja, me sit faktisk her og klappar. Temaet handlar om at det er godt å gå på skarasnø om kvelden, på skarasnø i mars kan du gå langt. Det er då ein skjønar at det faktisk er i Hedmark, dette her, for skaresnø i mars, hallo i luka. Det har ikkje me frå andre stader i landet opplevd på nokre tiår. Men greitt nok, går det an å danse polka på denne skaresnøen? Då vert me i alle fall imponerte. Denne låten kan ein nemleg danse polka til, det svingar godt.

Her kjem han. Jolesongen «Jolekveld». No er me nede på golvet, og Hege Nylund startar songen med milde ord, før Tove etter kvart henger seg på. Og vent, der kjem Annar sigande. No er det trestemt song, gitar og fele, og noko plingplong frå harpa. Dei er glade og sæle, det ringer i hjarta deira, det tonar i sjela. Fred og trøyst. Eine tvillingen sat brått og vogga litt for seg sjølv framfor omnen.

To av visene omhandlar kvardagsromantikken, «Det lufter lørda’n» og «Kva var ei vinternatt utan deg». «Marja frå Nasaret» er ei sår og folkeleg formidling av jole-evangeliet. Midt oppi styret med å føda Guds einborne son er ho Marja berre eit menneske. Til og med i denne teksten om Betlehem klarar forfattaren å lura inn snø i teksten. I «Naturleg forklaring» får me ei skildring av kvifor østerdølane ikkje står i kyrkjekø – det vert aldri feil å dansa i kyrkjekøen, er vår ekspertkommentar.

Lundeng, Drage og Johansen: Kimer i klokker

Rundt omkring i landet finst det små skattar i form av melodiar som ein gong vart brukte. Melodiar som fanst i minnet, og som krølla seg rundt drøvelen, men som ein no finn mest i arkiv og nedteikningar. Heldigvis finst det skatteleitarar som leitar fram att desse melodiane. På denne plata er skatteleitaren Susanne Lundeng, feledronninga frå Bodø, på både fele og song og har med seg organist Bjørn Andor Drage og gitarist Nils-Olav Johansen.

Med seg på laget har dei tekstar frå nokre av dei største salmediktarane i landet. Me nemner i fleng vår personlege favorittsalmediktar, Elias Blix. Me elskar Blix! Elias kom frå Gildeskål, men enda opp som professor i hebraisk, kyrkjeminister og som Noregs kanskje mest populære og produktive salmediktar. På lik line med alle andre populære folk skreiv han sjølvsagt på nynorsk. I tillegg til Blix møter me Petter Dass, Ole Tobias Olsen, Marcus Caspar Volqvartz og danske Hans Adolph Brorson. Tekstane på plata er tonesette med gamle folketonar hovudsakleg frå Salten, Helgeland og Lofoten.

Me får «I denne søte juletid» i ein vakker instrumentalversjon, basert på ein folketone frå Salten. Her kjem fela til Lundeng til sin rett, kransa inn med orgel og perkusjon. Denne går det an å dansa ein sein reinlender til. Eller rudl. Alle plater har vel kanskje ein song eller to som ein høyrer på om att og om att, på denne plata er dette denne songen for oss.

Blix-klassikaren «No koma Guds englar» er formidla med to ulike folketonar, og desse tonane kan me lika. Me oppdagar òg at eine melodien kan ein dansa vals til, eller ein sein slengpolka. Snasent. På låta høyrer ein orgel, song og litt triangel-klirr-klirr som understrekar valsetakta. Me elskar orgel og song. Ein kan lesa i omslaget at dette var den fyrste salmen som vart formidla på nynorsk, det hende i Høydalsmo kyrkje i 1884. Det er med andre ord historisk sus over denne.

Nokre av låtane på plata framstår som alderdomleg triste. Og det er fint, det òg. Ein litt deprimerande song er «Gamle året», ein slags livsfilosofi over åra og dagane som går. Kjem det ei natt til slutt, eller er det ljos der nede i grava? Me i Tvillingfolk kan diverre ikkje svara på kva som skjer til slutt, men me tenkjer at dette er nachspiel-songane på plata.

Ein annan klassikar, «Mitt hjerte alltid vanker» med melodi frå Salten, er like vakker som han alltid er. Denne plata er kjærleik til Nordland. Til det ljose og det litt mørke. Stor og mektig musikk, framført av fantastiske musikarar.

Den beste jolefolkemusikken
Susanne Lundeng, Nils-Olav Johansen og Bjørn Andor Drage: Kimer i klokker
  • Heilo/Grappa, 2019
  • 14 spor, 54 min.
  • Produsert av Drage, Johansen & Lundeng
Den beste jolefolkemusikken
Iver Kleive og Knut Reiersrud: Natt i desember
  • Kirkelig kulturverksted, 2018
  • 11 spor, 44 min.
  • Produsent: Erik Hillestad

Iver Kleive og Knut Reiersrud: Natt i desember

Det finst fleire måtar å førebu seg til jol, avhengig av kor mykje pengar ein har på konto. Dersom du ikkje har vore så heldig med arven eller finansane, og du har lyst på ein eigen orgelkonsert i stova di, så føreslår me at du set deg ned for å lytta på cd-en Natt i desember med Iver Kleive på orgel og Knut Reiersrud på gitar og oud. Den eine tvillingen var utvekslingsstudent i Tyrkia og kjenner att den arabiske lyden av strengeinstrumentet oud.

For oss var det faktisk litt vanskeleg å skriva denne meldinga. Når me høyrer på musikken, er nemleg alt me har lyst til, å leggja oss ned på golvet og sova. Plata er også førebyggjande i trafikken. Me høyrde på han då me køyrde frå Folkedal til Evanger, og fleire gonger ferska den eldste tvillingen den yngste i å brått køyra i 50 km/t. «Denne plata er umogleg å køyra fort til», var unnskyldninga ho kom med.

Opningssporet «Å kom, å kom, Immanuel», ein av dei songane me fekk mest lyst å sova til, har eit orientalsk preg. På neste spor ut, «Jeg synger julekvad», vekslar orgel og oud mellom å spela, dei to ulike instrumenta ertar og utfordrar kvarandre på ein fascinerande måte. Det høyrest etter kvart ut som eit heilt orkester, og når orgelet «vinn» leiken og kjem inn åleine på slutten med melodisporet, er det utruleg vakkert. Pappa Folkedal, som overhøyrde songen frå eit anna rom, braut ut: «No kjenner eg høgtida kjem sigande.»

Nyskrivne «Desember i Praha» er også songen vakker, med klokkespel i starten, orgel i bakgrunnen, oud i framgrunnen og ein vakker, orientalsk melodi som kjem innom i ny og ne. Augo glir nok ein gong att. Hjelp til å vakna får me på neste song, «Ave Maris Stella», der eit ljost orgel glir over i eit stressa, litt frenetisk tempo. Harmonien overtek på dei neste songane, «Å Betlehem, du vesle by» og «Kling no klokka», sistnemnde i ein litt skeiv og vemodig versjon som får mamma til å utbryta: Er dette jolemusikk? Godt er det for mamma å få utvida sitt musikalske perspektiv. Også Reiersrud og Kleive vel å slutta med schlageren «Fager er jordi», eller «Deilig er jorden», som mange kallar han, i ein vakker og neddempa versjon.

Jolefolkemusikken 2020

Les artikkel om Jultråddokka og Frå høge himmel: Julemusikk heimanfrå

I år er norske folkemusikarar komne ut med to joleplater og éin jolesingel. Plata Jultråddokka (WannaDance Music) har julemusikk frå Helgeland som utgangspunkt, og tek avstikkarar både i nordleg og sørleg retning. Durspelar Hilde Fjerdingøy starta gruppa, og med seg har ho Ingebjørg Lognvik Reinholdt (vokal), Hanna Andersson (fele) og Morten Kvam (kontrabass). På plata Frå høge himmel (Ta:lik) syng Åshild Vetrhus julesalmar frå Rogaland, saman med musikarane Andreas Ulvo (tangentar) og Morten Barrikmo (klarinettar). Og den 11. desember kjem trekkspelar Frode Haltli ut med singelen «St. Morten», ein åtte minutt lang versjon av ein julesong frå Hallingdal. Helga Myhr er med på vokal og hardingfele, og Hans Kjorstad, Juhani Silvola, Hildegunn Øiseth er mellom dei mange musikarane som òg er å høyra på låten.

Den beste jolefolkemusikken

… og jolemusikk på Slåttify

På Slåttify, Folkemusikk og FolkOrg si nettside med spelelister til Spotify og Tidal, finn du ei speleliste med noko av den beste jolefolkemusikken, inkludert musikk frå mange av platene som er melde her.

Klikk her: SlåttifyJUL (desember 2017)