Toppbilete: Ingrid Schei Stuhaug, her (t.h.) som musikalsk leiar for Gamlebanken spelemannslag under Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2018 i Skjåk, er distriktsmusikar i nye Sunnfjord kommune. (Foto: Audun Stokke Hole)

Ole Nilssen og Ingrid Schei Stuhaug er tilsette som distriktsmusikarar i Sunnfjord kommune. Dei to, i lag med Malin Alander på Sandane og Håkon Høgemo og Tom Karlsrud i Sogn, utgjer dei ikkje mindre enn fem folkemusikarane som arbeider som distriktsmusikarar i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Dermed har området den beste dekninga i landet når det gjeld distriktsmusikarar. I tillegg har dei Vidar Underset i 60 prosent som fylkesmusikar, og Synnøve Bjørset i 50 prosent stilling på fylkesarkivet. Tek ein i tillegg med dei sju årsverka i Førdefestivalen, og den halve stillinga i folkemusikklaget, teiknar Sunnfjord kommune til å bli eit folkemusikkmekka.

Korleis har det blitt til?

Folkemusikk som del av kvardagen

– Ja, det er litt travelt no. Full trøkk.

Nilssen er på veg heim frå den nye arbeidsplassen sin, der planlegginga er i full gang. Nilssen er i dag ein av dei fremste utøvarane i landet på trekkspel og toradar. Frå ein oppvekst i ein folkemusikkfamilie på Løten har han no funne lukka, som det heiter, i Jølster. Frå folkemusikklinja på Vinstra vidaregåande skule, studium i tradisjonsdans ved NTNU og med ein bachelor på folkemusikklinja ved Noregs musikkhøgskole er han no etter fleire år som frilansar og undervisar klar for distriktsmusikarvirke i Sunnfjord.

– Når stillinga som distriktsmusikar består av 50 prosent undervisning og 50 prosent utøving, liknar det jo på frilanslivet. Kva blir annleis no?

– Eg gler meg til å ha den daglege oppfølginga av elevar, og å ha tettare kontakt med lokalmiljøet i Sunnfjord. Kome skikkeleg «ned på golvet» og arbeide langsiktig. Det er ein hovudmotivasjon. Og så slepp eg å reise så forferdeleg langt kvar gong då, smiler han i telefonen.

Nilssen, som kjem frå hedmarkstradisjonar, gler seg til å dukke ned i dei lokale tradisjonane.

– Sunnfjord kommune dekker eit ganske stort geografisk område, og det finst mykje både opptak og levande kjelder i området her. Om vi i Sunnfjord ikkje tek vare på tradisjonen, er det ingen andre som gjer det heller.

Nilssen meiner distriktsmusikarstillingane er heilt sentrale stillingar for utviklinga av folkemusikkmiljøet.

– I fylkesmusikarordninga har mellom andre Sigmund Eikås jobba sidan slutten av 80-talet, og det er jo av den grunn at det er så mange musikarar herifrå i dag. Bølga med Gro Marie Svidal, Erlend Apneseth og Ingrid Stuhaug, Indre Sunnfjord og Gamlebanken spelemannslag – ein har verkeleg sett resultat.

Det er viktig at den oppveksande generasjonen har moglegheit til å oppleve folkemusikken. Det skulle berre mangle.

Hilde Bjørkum
«Det skulle berre mangle»
«Det skulle berre mangle»
Folkemusikarane Ole Nilssen frå Løten og og Ingrid Schei Stuhaug frå Naustdal er tilsette som distriktsmusikarar i Sunnfjord kommune. Her tevlar dei på Landsfestivalen 2019 i Kinsarvik, like før dei tok til som distriktsmusikarar i det som då var Førde kommune. (Foto: Thomas Westling)

Oftast møter ein musikarar som ikkje kan tenkje seg å bu i distrikta. Men med base i Sunnfjord går frilanslivet så det susar, seier Nilssen.

– Møter folk opp på konsertar her?

Ja, absolutt. Her er eit veldig engasjert organisasjonsmiljø. Fleire stader rundt i fylket møter det opp 150 til 200 menneske på dansearrangement. Det er få plassar der det er eit så aktivt dansemiljø som det er her i fylket. Førdefestivalen har også konsertar gjennom heile året, og kappleikane er godt besøkte.

Men ein har jo dei same utfordringane der som andre stader, mellom anna med rekrutteringa av unge, legg han til.

– Kva er grunnen til det, trur du?

– Det er det nok mange grunnar til. Mellom anna er dei som har lært opp vår generasjon, no pensjonistar. Det er eit generasjonsskifte på gang. Det går nok i bølger med folkemusikkinteressa som med så mykje anna.

Men Ole gler seg til å ta tak i utfordringane.

– Vi har nett starta i jobben, men har mellom anna snakka om ein folkemusikkverkstad for ungar og ungdom som aldri har vore borti sjangeren før. Rett og slett ei generasjonsopplæring. At ungane får bli kjente med heile sjangeren, leike seg og danse og spele. Det er jo slik vi har vakse opp sjølv, med toradar i stova kvar dag.

Dei som har lært opp vår generasjon, er no pensjonistar. Det er eit generasjonsskifte på gang.

Ole Nilssen

Kjenner seg heldige

– Gratulerer med siger!

Takk! Det var kjekt, ja! Eg vart litt uventa populær her no.

Ingrid Schei Stuhaug har akkurat vore både i radio og lokalavisa, ho gjekk nemleg til topps i lagspel på Landsfestivalen 2019 med Gamlebanken Spelemannslag. Gamlebanken var passande nok der kulturskulen i Førde heldt til i årevis, før dei flytta inn i nytt bygg i tilknyting til kulturhuset.

Ingrid er tilbake i miljøet der ho vaks opp, i Naustdal. Musikkutdanninga si har ho frå Rauland og Artisten (Högskolan för scen och musik) i Göteborg, og i tillegg har ho ei lektorutdanning frå NTNU. Ho har sjølv fått opplæring av fylkesmusikarane Sigmund Eikås og Vidar Underset, og ser fram til variasjonen i stillinga og knyter rekruttering, undervisning og utøving saman.

– No har eg nokre elevar i kulturskulen her og i Dale, men eg vil gjerne ha fleire! Gjennom utøvardelen av stillinga får vi formidla musikken. No spelte dei jo to slåttar med Gamlebanken på radio, og det er ikkje akkurat kvardagskost.

«Det skulle berre mangle»
Den nye kulturskulen i Førde sentrum er eit verkeleg praktbygg. Det har akustikk heilt på høgd med operahuset i hovudstaden, seier Hilde Bjørkum. (Foto: Anita Høllige)
«Det skulle berre mangle»
Indre Sunnfjord spelemannslag på Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2018 i Skjåk. Musikalsk leiar Sigmund Eikås (nr. 2 f.h.) har vore fylkesmusikar i Sogn og Fjordane sidan 1980-talet. Kommunal kultursjef Hilde Bjørkum står lengst t.v. i biletet. (Foto: Audun Stokke Hole)

Stuhaug poengterer at ein både må jobbe med å bevare eksisterande målgrupper og å finne nye.

– Det er eit godt miljø her, men rekruttering er alltid ei utfordring. Profesjonelle musikarar er jo inspirerande for miljøet her, uansett sjanger. Også for folkemusikken.

Ho trekker også fram arbeidet i arkivet som ein viktig del.

– Her er mykje hardingfelestoff, både notar og lydopptak. Eg vil forske på litt nye slåttar ved å lytte til arkivopptak. Det er vårt ansvar å ta vare på og formidle denne arven.

Sunnfjord kommune er blitt vald ut til å bli ein kulturbarnkommune der Ole og Ingrid skal vere prosjektleiarar. Kulturbarnsatsinga til Kulturtanken skal erstatte den kulturelle barnehagesekken som var i regi av Rikskonsertane.

– Korleis er det med musikklinjene?

– På Sandane er det musikklinje der fleire har hatt folkemusikk som hovudemne. Utanom Vinstra er det vel der det har gått flest folkemusikarar. Det som er spesielt, er at det ikkje er noko anna fylke som har så mange distriktsmusikarar. Vi er jo heldige! seier Ingrid Schei Stuhaug.

– Men du skulle snakke med Hilde også?

Pukka nøydd til å ha det slik

Den nye kommunalsjefen for kultur og idrett i Sunnfjord kommune, Hilde Bjørkum, er nok eit kjent namn for Folkemusikks lesarar. Gjennom 29 år, fram til i 2019, var ho direktør for Førdefestivalen. På 1980-talet var ho organisasjonssekretær i Landslaget for Spelemenn og så fylkesarkivar, før ho vart fylkesmusikar på starten av 90-talet.

Når ho då dei seinare åra i tillegg har sete i musikkfagutvalet i Kulturrådet og i fleire internasjonale verv, er det tydeleg at folkemusikkmiljøet i Sunnfjord har rett person på rett stad. Det var eit samrøystes bystyre i Førde kommune som vedtok distriktsmusikarstillingane, som også delvis er finansierte av fylkeskommunen. Det var viktig å posisjonere seg og vise at satsinga på folkemusikken var viktig å bere vidare.

– Det er viktig for bevaring og utvikling av dei stadeigne musikktradisjonane våre at den oppveksande generasjonen har moglegheit til å oppleve folkemusikken. Det skulle berre mangle at vi ikkje tek vare på våre eigne musikktradisjonar.

Bjørkum peikar på at Noreg har ratifisert Unesco-konvensjonen for immateriell kulturarv, og meiner at staten i endå større grad burde støtte opp om at det finst moglegheiter for å møte sine eigne musikktradisjonar. Det er likevel litt uvant å høyre om ein slik positivitet i kulturpolitikken, og det får meg til å spørje Hilde:

Korleis er det mogleg at eit samla bystyre vedtek noko slikt?

– Eg trur dei kjente si besøkelsestid – det måtte skje no. Sogn og Fjordane har jo tradisjonar som kulturfylke nummer ein, både med tanke på midlar per innbyggar og tal på prosjekt.

Rammene er stramme, det er utfordrande budsjettarbeid. Førde kommune har jo hatt ei moglegheit til å bruke pengar på kultur.

Hilde Bjørkum

Bjørkum vil også gi kred til kulturskulerektor i Sunnfjord, Trude Skarvatun, som heile tida har vore positiv til å få desse stillingane på plass.

– Denne historia går heilt tilbake til Lidvin Osland, som var kultursjef i Sogn og Fjordane på slutten av 80-talet.

Lidvin Osland er eit namn som kjem opp heile vegen hjå alle eg snakkar med om dette. På slutten av 80-talet hende det utruleg mykje på ein gong: Fylkesmusikarordninga vart etablert, fylkesmusikkarkivet opna, Landsfestivalen og Førdefestivalen vart starta – alt dette skjedde samtidig. Det er ikkje rart at slikt får ringverknader.

Bjørkum fortel stolt om det nye kulturskulebygget:

– Akustikk på linje med operaen, gode ensemble- og individrom. Det er heilt fantastisk!

– Ein får jo mest lyst til å flytte rett til Sunnfjord … er det ingenting som er vanskeleg der hjå dykk?

– Hehe, jau, det er klart at vi har massevis av utfordringar, det skortar ikkje på det. Rammene er stramme, det er utfordrande budsjettarbeid. Førde kommune har jo hatt ei moglegheit til å bruke pengar på kultur, medan kommunane rundt oss ikkje har kunna satse på same måten. Så det ligg kanskje forventingar blant innbyggjarane om at tilbodet skal bli betre etter samanslåinga, avsluttar Bjørkum.

Denne artikkelen, revidert og noko forkorta før nettpublisering, vart først trykt i magasinet Folkemusikk nr. 3/2019.