– Me skulle gjerne hatt fysiske kurs. Men for å nå flest mogleg, også folk utanfor Møre og Romsdal, tenkte me at det kunne vere fint å ta det digitalt, seier Thea Marie Ytterdal, som er leiar i folkemusikklaget.

– Tanken bak kursa er at dei skal fungere som inspirasjonsdryss. Fleire har sete heime og spelt for ein vegg dei siste åra, utan å møte folk og utan å få ny input, legg ho til.

Kvart av dei til saman fire kursa varar i 45 minutt. Lærarar er Øystein Sandbukt, Ole Gjerde, Anne Sofie L. Valdal og Arild Hoksnes. Her blir det snakka om alt frå arrangering av slåttar og vedlikehald av feler til songlæring og repertoarbygging.

Digitale inspirasjonskurs
Øystein Sandbukt (t.v.), Ole Gjerde og Anne Sofie L. Valdal er mellom kurshaldarane Møre og Romsdal folkemusikklag har hyra inn i haust.

Ytterdal understrekar at ein ikkje treng vere medlem i Møre og Romsdal folkemusikklag for å ha glede av desse kursa. Her er det fritt fram for alle å melde seg på.

– Me syns det berre er kjekt at folk har lyst til å vere med, så det kan bli interessante kurs med gode spørsmål, seier ho.

Kursa føregår frå 30. september til 12. november, og du kan lese meir om kursa på heimesida til Møre og Romsdal folkemusikklag.