Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Peder Myhr er tevlingsansvarleg saman med Hallvard Øfstaas og Nils Tovsrud. Det er fyrste gong han har teke på seg dette ansvaret. Han bur i Oslo, vara i OsloFolk og er med i Leikarringen i Bul, Hallinglaget og dansar. Han er elles vekentleg på Riksscenen. Til vanleg jobbar han på kontoret på ein barne- og ungdomsskule.
– Det skjer mykje her i Oslo. Det er ei oppblomstring, for eksempel i Leikarringen, Hallinglaget og ikkje minst Tuvas Blodklubb. Det er ei fin tid å vera folkedansar i hovudstaden.
Fyrste distriktskappleik sidan 2004
– Kven er det som står bak denne kappleiken?
– Østerdølenes spelmannslag og Gudsbrandølenes spelmannslag tok initiativ. OsloFolk – Laget for folkemusikk og UFO har sagt at dei skal vera med. Siste gongen kappleiken vart arrangert i Lom i 2004. Det har vore få kappleikar for vanleg fele her på Austlandet sidan.
Ivar Schjølberg har ein artikkel på trykk i Spelemannsbladet nummer 6 frå 2004 om historikken til Distriktskappleiken. Der skriv han:
Det er i år 50 år sidan den første distriktskappleiken vart avvikla. Det er Lom spel- og dansarlag som har den ære å markere dette no i september. Da blir Distriktskappleiken 2004 skipa til. Den første distriktskappleiken gjekkføre seg på Tolga i 1954, med Nord-Østerdalfolkeminnelag som lokal arrangør. Kappleiken var for Nord-Østerdalen/Rørosområdet og Gudbrandsdalen.

Peder Myhr utdjupar om formålet til Distriktskappleiken anno 2024:
– Det er ein kappleik for vanleg fele-distriket. I gamle Hedmark har det vore lite kappleikar dei siste åra.
Schjølberg peikar i 2004 på nettopp dette at området for deltaking på kappleiken vart gradvis utvida: «Kappleiken omfattar i dag spel, dans og song innafor det området der den vanlege fela er det vanlegaste folkemusikkinstrumentet».
Tilfreds med påmeldinga
– Korleis er interessa for kappleik i hovudstaden?
– Ja, vi har 58 innslag, så det er ganske bra. Det er ikkje heilt på høgde med Oslokappleiken. Og vi skulle gjerne hatt med fleire ungdommar. Vi satsar på at det kjem ein god del folk. Det er eit stort dansemiljø i Oslo, også kjem det folk frå Ålen, Gudbrandsdalen og ein del frå Trysil iallfall, seier Peder Myhr.
Finn meir info om kappleiken her.
– Har de planar om å gjere dette til eit årleg arrangement?
– Eg personleg håpar enten vi eller nokon andre kan få på plass ein kappleik att. Det er ein inngangsport til å oppleve og prøve seg på kappleiksscena før ein reiser på Landskappleiken.
Scjølberg skriv i 2004 at framtida til Distriktskappleiken var uviss. Det var mellom anna vanskeleg å koordinere og avtale kven som skulle bli neste års arrangør, då dette gjekk på rundgang i dei ulike vanleg fele-distrikta. Også han peikar på kor viktig kappleiken er som rekrutteringsarena:
Korleis det blir med Distriktskappleiken vidare, vil berre framtida syne. For min del trur eg at dette stemnet framleis er viktig. Stemnet kan kanskje vera eit spesielt forum for dei heilt yngste, som enno ikkje kan delta på Landskappleiken. Og det same for dei eldre spelmennene, som kvidar seg for Landskappleiken.

Det blir dans!
På 1950-talet var ein bekymra for spelemannsrekrutteringa på vanleg fele. Difor starta ein opp Distriktskappleiken. For 20 år sidan kunne Schjølberg med glede sjå at dei dystre spådomane hadde slått feil, desto meir bekymra var han for dansen
Den pessimismen som rådde på 50-talet med omsyn til tilveksten av spelemenn, har ikkje slått til. Men den tradisjonelle dansen held på og raknar som samværsform. Dermed kjem også musikken til denne dansen under press. Musikken blir meir å lyde på enn å danse til. Dette vil nok på sikt gjere sitt til at musikken endrar karakter.
Sjølv om Peder Myhr får ei travel helg som tevlingsansvarleg, rekk han ein tur opp på scena når han skal stille i lagdans med Trysil-Knut. På kvelden blir det liv og røre på Riksscenen:
– Det er dansefest med blant anna Jutullaget på laurdagen. I tillegg er det ein del spelemannslag som har meldt seg til dansespel.
– Kvifor bør folk ta turen?
– For å støtte opp om tradisjonsmusikken og dansen, heie på dei som er på scena og kome på dansefesten og lage liv!