Død spelemann vekt til live
T.v.: Sprudlande Endre Skjåk i «Aksion på Tande» av Olav Aukrust. Aslak Brimi (bak) stod for idé og tekst. T.h.: Britt Elise Skram frå Vikebukt i Vestnes spelte to springarar frå Stafsetsamlinga.

Han var kanskje ikkje så akta og verdsett i si eiga levetid, Jakup Olsen, fødd i eit fjos på garden Bruheim i Skjåk i 1821. Men etter som hundreåra har gått, har gjetordet vorte berre større og større. Hundre år etter vart det skipa til kappleik og reist bauta på heimplassen hans, Felodden i Nordberg i Skjåk.

Til 200-årsjubileet i 2021 var det planlagt stor minnekonsert under landskappleiken. Det gjekk fløyten med pandemien, som plaster på såret vart det gjeve ut bok med CD.

To år etter tok dei det att til gagns.

Tonegjerd, ei konsertframsyning om Fel-Jakup var sett som overskrift for hovudkonserten under årets landskappleik, basert og inspirert av artiklane skrivne av Ivar Teigum og Rolv Brimi i boka om Fel-Jakup – ferdmann med fele frå 2021.

Artistar frå nær og fjern

Aslak Brimi stod for tekst og idé. Han hadde med seg Mari Midtli, Hans Solbakken og Even Lusæter som programkomite, og dei hadde henta inn spelmenn og artistar frå nær og fjern, i tråd med det Fel-Jakup stod for.

«Bygdom millom fjell og fjord fôr han spelarferde. Enno rekkjer dei hans spor, finn att tonegjerde; kjenner det som etter kom, dragje tå ‘om Jakup Lom», som det står i diktet «Fel-Jakup» av Tore Ørjasæter. Lom og Skjåk var ein kommune fram til 1868, såleis vart han også kalla Loms-Jakup, det var også opphavsnamnet til Lom spelmannslag.

Frå død til gapskratt

Det vart ein mangslungen konsert. Litt traust og dyster opning med «Død spelmann» av Tor Jonsson, tonesett av Aslak Brimi. Han hadde med seg Stein Magne Eggen (trekkspel), Steinar Odde (gitar), og Pål Svindland (bass og fløyte) i eige husorkester, og sangkoret Lomsklangen. Solistar var sokneprest Hans Johan Sagrusten, dirigent Kristbjørn Rossehaug, frontfigur Lars Bakke i Lomsk og organist Reidar Svare.

Astrid Sulheim fylgde opp med «Lars Krokje», ein av dei mest brukte og kjære Jakup-springleikane, og så Mads Erik Odde med «Storhallingen hass Jakup» på akkordeon. Arnstein Fjerdingren spelte «Fant-Kal-vals» på torader, og så gjekk spelferda vestover. Britt-Elise Skram spelte to springarar frå Stafsetsamlinga, så barst det plutseleg austover mot Rørostraktene, Ole Erik Feragen spelte «Brurleken hass Ellev Holm». Songfuglane i Fjelltite song «Vassråfela» etter Erling Kjøk, «N Jo uppi Skoro», og «Springar» i form etter Jarnfrid Kjøk, og så kom husorkesteret inn med den nye springleiken «Tonegjerd» som Fjelltite-jentene dansa til. Kari Grøsland spelte «Nordavind», også kalla «Vindflogoleiken», ein av slåttane det blir sagt at Fel-Jakup sjølv laga.

Husorkesteret baud på «Go’valsen», reinlenderen «Tater-Lars» og «Storskotsken hass Jakup» før det barst i veg med elleville «Aksion på Tande» av Olav Aukrust, med like elleville og sprudlande Endre Skjåk i hovudrolla. Det fekk salen til å gapskratte.

Død spelemann vekt til live
Innleiinga med «Død spelmann» av Tor Jonsson. Prest Hans J. Sagrusten, kordirigent Kristbjørn Rossehaug, Lars Bakke og Reidar Svare, kjent frå popvisegruppa Lomsk, var solistar i konsertframsyninga.
Død spelemann vekt til live
Det gror godt i spelemannsmiljøet i Lom. Også dei yngste fekk vera med på Fel-Jakupkonserten.

Seterjenten og kronprinsessa

Kveldens høgdepunkt stod nok likevel den tromsøbaserte fiolinisten Sander Tingstad for med høgst original og vakker framføring av «Seterjentens søndag» og «I Ensomme stunde» i rolla som Ole Bull og hans møte med Myllarguten og Fel-Jakup. Ottar Kåsa og Bjørn Kåre Odde bidrog flott med «Kvenneslåtten» og «Meisterspringleiken hass Fel-Jakup» og vertslaget spelte springleiken «Gamel-Sjugurd».

«Ve mig, at jeg så mangelund» var salmen som Fel-Jakup sjølv hadde vald ut da han vart gravlagd ved Nordberg kyrkje i 1876. Denne vart framførd av Ragnhild Kvåle Olstad, Hans J. Sagrusten og Lomsklangen. Det heile vart avrunda med den velkjente marsjen som blir sagt å vera etter Gamel-Sjugurd, bruremarsjen Jan Garbarek spelte under kronprinsbryllaupet i 2001 og som etter det har vorte kalla «Mette-Marit».

Vakker er den uansett, det tykte også publikum som takka for flott konsert med ståande trampeklapp!

Død spelemann vekt til live
Fullt på scena da samtlege aktørar takka for seg til ståande applaus frå publikum.