Døler til topps, men sterkt av heimelaga
Lom spelmannslag gjekk til topps i lagspel fele/hardingfele under Landsfestivalen i Førde. (Foto: Thomas Westling)

Fire felelag og to hardingfelelag spelte finale i lagspel under Landsfestivalen i Førde. Dermed vart det ein finale med varierte slåttar og ulike uttrykk for dansarane i Førdehuset.

Sogn og Fjordane var svært godt representert med mange lag i tillegg til Gaular og Gamlebanken. Eit for anledninga samansett «fylkeslag» – Heimelaget – med folk frå fleire av dei lokale laga, kom på 8. plass.

Faktisk var halvparten av spelemannslaga frå «gamle» Sogn og Fjordane.

Ny oppleving

Vidar Underseth leia både Heimelaget og Gaular spelemannslag. Han er naturleg nok godt nøgd med det dei fekk til under Landsfestivalen.

– Det var vel overraskande for alle at vi skulle kome i finalen. Ingen av oss tenkte i dei baner. Vi var første startnummer i kvalifiseringa, så det var ikkje alle som var komne i salen. Men vi fekk gode tilbakemeldingar på spelet, så vi må ha gjort noko rett.

– Korleis var det å spele for eit så talrikt dansande publikum i finalen?

– Vi var ikkje førebudde på dette, og måtte berre samle troppane og finne fem slåttar. Det var ei ny og god oppleving for meg og resten av laget. Vi hadde alt oppnådd meir enn forventa, og eg tenkte eigentleg ikkje på at vi spelte finale. Det var sjølvsagt artig. Det trur eg alle syntest, seier Underseth.

Tett og godt samspel

For dei som har følgt godt med, var prestasjonen og plasseringa kanskje ikkje så overraskande. Gaular har vunne både Fylkeskappleiken for Sogn og Fjordane og Vestlandskappleiken fleire gonger.

Spelemannslaga som er med i toppen er dyktige i alle ledd, gjerne med mange feler, godt komp og gode trekkspelarar. I finalen var det berre hardingfelelaga som stilte utan trekkspel.

– Det er ikkje lett å hamle opp med dei store laga. Men med tett samspel kan det gå bra. Vi var ikkje mange hardingfeler. Gamlebanken har også hevda seg godt med liknande besetning. Vi fekk gode tilbakemeldingar på spelinga frå fleire enn dommarane, konstaterer Vidar Underseth.

For øvrig gjekk Osterøy spel- og dansarlag med relativt få hardingfeler heilt til topps i lagspel under Landskappleiken i Lom, med arrangørlaget Lom på andreplass.

Her finn du alle resultata frå Landsfestivalen 2023 i Førde.

Døler til topps, men sterkt av heimelaga
Vågå spelmannslag kom på femteplass. (Foto: Kjersti Bratås)
Døler til topps, men sterkt av heimelaga
Mukampen spel- og dansarlag hamna på sjetteplass. (Foto: Kjersti Bratås)