Toppbilete: Benjamin Mørk på scena under Anføttes-premieren på Festspillene i Nord-Norge 2016, omgitt av eit heftig lys- og videoshow. (Foto: Renate Jensen)

Tangoen er populær over heile verda. I Noreg kan du danse han frå Alta i nord til Kristiansand i sør. Ein treng ikkje eingong tangomusikk for å danse han: Stadig fleire tango-DJ-ar spesialiserer seg i ikkje-tango, og det finst eit vell av nettforum der dei utvekslar musikk.

I sommar har det kome ein CD med elektronisk musikk meint for folkedans. Anføttes: Folkemusikk 2.0 vil neppe skape ein trend med det første, men utgivinga frå Ta:lik har noko å fortelje deg. Eg gjentek oppmodinga frå Vegar Vårdal i meldinga hans av CD-en: Folkedansar, høyr på denne skiva med eit ope sinn.

Det er eit statement av Mørk og Kartellet å gi ut plata på Ta:lik. Det naturlege valet hadde vore Beatservice, selskapet der Mørk i vår gav ut Disco in Odd Times, ein CD han laga medan han òg jobba med musikken til Kartellet-framsyninga Anføttes. Mørk fekk i vinter eit krasjkurs i nordnorsk folkemusikk av Sigurd Johan Heide i Kartellet, og lét seg inspirere til å lage meir musikk i rare taktartar. Technomusikk i 3/4-takt er like uvanleg som folkedans til techno. Men begge er gode idear.

«Det var rart i starten, men no er det heilt naturleg», seier Kartellet-dansar Lars Frihetsli om å danse til Mørks musikk. «Lydbiletet er annleis enn vi er vane med. No som vi har vant oss til det, så hadde det ikkje gjort noko om det var meir av det!»

Prøv ein vals til «Dark Waltz»: Effekten av elektroniske beats på tvers av dansetakta gir ei kjensle ikkje ulik den ein får av synkopert bassveksling på durspelet. Eller ta ein parisarpolka til «Susan Valley», og eg lover deg: Du «får fot», slik Kartellet-dansarane gjer det i Anføttes.

Eg har ein folkedansdraum
Tradisjonen tru er det mange originale dansetak å sjå i Kartellet-framsyninga Anføttes, og dansarane rører seg med publikum på alle kanter. (Foto: Renate Jensen)
Eg har ein folkedansdraum
Men vel så ofte som dansen i Anføttes er original, er han heilt tradisjonell. Det er først og fremst musikken til Benjamin Mørk som gjer oppsetjinga så særeigen. (Foto: Lise Marie Mathisen)

Det er ikkje sjangerblanding, for det er konvensjonell vals og parisar Kartellet dansar i Anføttes. Sigurd Heide kallar Mørks musikk remiksa folkemusikk, men det finst berre éi einsam fele på CD-en; resten av lyden er elektronisk framstilt. Musikken til Anføttes er reinspikka elektronika, som like fullt fungerer utmerkt til folkedans.

Folkedansen er i krise, slo Georg Arnestad fast i 2001. «Vi må snart rope eit varsku for dansen», seier ein av informantane hans, og mange varsku har vore ropt sidan den gong. Arnestad-rapporten blei starten på eit stort løft for arbeidet med å gjere folkedansen til ein del av moderne scenekunst, fortel NU-leiar Mette Vårdal i ein djupneartikkel i Folkemusikk nr. 3/2016. Men krisa for den sosiale folkedansen har ingen foreløpig blåst av.

«Tidligere har vi danset blant annet swing og afrikansk dans, så nå tenkte vi at vi skulle være skikkelig eksotiske og meldte oss på bygdedans-kurs [på BLS i Oslo]», sa eit dansepar til Aftenposten Aften i 1998 (sitert i Arnestad-rapportens kapittel om folkedansen). Bygdedans er framleis meir eksotisk for danseglade osloensarar flest enn tango, salsa, kizomba, bachata og forró. Skal det halde fram slik?

Det blir eksperimentert mykje med folkedans på scenene, men i sosialdansen er slik vilje til radikal nytenking sjeldnare kost.

Eg har ein folkedansdraum
Sigurd Johan Heide (t.v.) og Nils Foshaug får fot av Benjamin Mørks folkemusikk-inspirerte elektronika i Anføttes. (Foto: Lise Marie Mathisen)

Det blir eksperimentert mykje med folkedans på scenene, men i sosialdansen er slik vilje til radikal nytenking sjeldnare kost. Sigurd Heide i Kartellet ønskjer å få folk opp og danse igjen, og rettar eit spark til kappleikane spesielt og miljøet generelt: «No har vi brukt to hundre år på å få folk til å sitje ned.» Folkemusikken lever godt som scenisk lyttemusikk, og han høyrer heime på scena òg. Men folkedansen døyr om han ikkje blir dansa. Det er ikkje sikkert folkedansen kan kvile seg berre på folkemusikarar – og på folkemusikk.

Det finst nemleg mange som Benjamin Mørk: musikarar som finn stor glede i å sjå folk danse til musikken deira, og som interesserer seg for både folkemusikk og folkedans. Dei er ein stor ubrukt ressurs, og eg er viss på at dei kan bidra til at norsk folkedans ein gong i framtida kan takast vekk frå raudlista for kulturelle uttrykk.

«På slutten av 1970-tallet drømte jeg og mange med meg om en stor og sterk folkemusikksjanger, hørbar og synlig i media og på konsertscener. I dag har denne drømmen på mange måter gått i oppfyllelse», skreiv Ånon Egeland i kronikken «I dag er dagen vi drømte i går» på folkemusikk.no i juli. Sjølv drøymer eg om ein stor og sterk norsk folkedans som kan konkurrere med «blant annet swing og afrikansk dans» om gunsten til danseglade nordmenn utanfor dei tradisjonelle folkedansmiljøa.

Eg vonar at du får høve til å danse til Benjamin Mørks spel på Landskappleiken neste sommar. Før den tid kan du danse til plata hans.

Dette er leiarartikkelen frå Folkemusikk nr. 3/2016, som er i sal på Narvesen 8. september.