«Nei, den som hadde sete på ein farm i Dakota!»
Dette utbrotet høyrde eg rett som det var i oppveksten. Me budde på eit lite, steinete og tungdrive småbruk i fjellbygda Møsstrond i Telemark. Under arbeidet på garden drøymde far min ofte om farmen i Dakota han eigentleg skulle ha arva, men måtte seia ifrå seg i ungdomen. Der skulle livet ha vorte heilt annleis – med flate jorde, store vidder og mykje pengar. Draumen om Amerika levde i han.
Alt i denne tida vakna interessa mi for utvandrarane, og eg har lese mykje om dette emnet gjennom åra. Våren 2014 fullførte eg masterstudiet på Høgskolen i Telemark på Rauland. Oppgåva eg skreiv, er ein dokumentasjon av kva som har skjedd med den vokale folkemusikken emigrantane tok med seg over Atlanteren.
Arbeidet med oppgåva hadde sitt utspring i bakgrunnen min som kvedar, og i mi langvarige interesse for utvandrarane. Kombinasjonen av desse interessene gjorde at eg hadde lyst til å finne ut kva slags folkesongar emigrantane tok med seg då dei reiste til Amerika, og kva som fanst att av desse songane i våre dagar.
Frå heimesong til festivalsong
I oppgåva skriv eg om to reiser til Midtvesten i USA og undersøkingane eg gjorde: på universitet, arkiv, museum, bibliotek og andre offentlege institusjonar, og blant private i dei tre statane Iowa, Minnesota og Wisconsin. Overalt møtte eg imøtekomande og interessante personar, og dei var lette å få i tale. Eg fekk gjort opptak med svært mange av dei, og fekk lydfest både gode historier og ein del songar.
Eg drog over på jakt etter den autentiske folkesongen. Helst ynskte eg å finne folk som framleis hugsa det dei hadde lært i barndomen, gjerne frå eldre generasjonar. Det viste seg å vera nokså vanskeleg å finne: Det eg i oppgåva mi kallar heimesongen, var nesten heilt borte.
Songen som var ein naturleg del av livet for dei fyrste norske immigrantane, har over tid vorte institusjonalisert. I våre dagar kan ein snakke om ein slags offentleg norskdom blant etterkomarane deira. Songen lever ikkje i heimane lenger, men er flytta ut på konsertscener og festivalar.
Fleire av intervjuobjekta mine fortalde om mykje song og musikk i heimane i dei norsk-amerikanske områda – frå dei fyrste emigrantane kom til USA, og heilt fram til utpå 1940- og 50-talet. Dei samla seg til house parties i grannelaget nesten kvar helg. Der var det felespel og trekkspelmusikk, norsk folkedans og norske songar. Men det skulle helst vera musikk som eigna seg til dans, så det var nok ikkje så mykje av stillferdig, introvert song på desse festane.
Og då bilen for alvor gjorde sitt inntog blant folk, vart det meir eller mindre slutt på house parties. Då reiste dei heller av stad til større arrangement på forsamlingshus lenger unna. Der kom dei saman med folk med annan kulturell bakgrunn, og musikken vart såleis påverka av tradisjonar frå mange ulike kulturar. Den tradisjonelle norske songen og slåttespelet forsvann meir og meir.
Det som overlevde, var i stor grad runddansmusikk, som eigna seg betre til samspel. Den individuelle, personlege songstilen, og dei skeive tonane, måtte i stor grad vike for enklare variantar i temperert skala, eigna for kor og allsong.
Omsett til engelsk
I føreordet til Sons of Norway Songbook (1948) kan ein lesa:
Interests in ballads which the immigrants have brought to this country has in late years been growing; hence there should be a place in American song literature for a volume which, as this one, contains a large selection of Norwegian songs arranged in an easily singable form and provided with English as well as the original Norwegian text.
Om ikkje mange av intervjuobjekta mine kunne noko av det me plasserer under paraplyen «vokal folkemusikk» i til dømes kappleikssamanheng i Noreg, var det likevel svært mange av dei som kunne norske folkesongar av den typen me finn i song- og visebøker her heime. «Pål sine høner», Kjerringa med staven» og «Per Spelmann» var velkjende. Likeins nokre salmar, eit par jolesongar og kjende, norske radioslagerar frå fyrste halvdel av 1900-talet.
Av skriftlege kjelder finst det temmeleg mykje. Det vart gjeve ut mange norske songbøker i USA på slutten av 1800-talet og i starten av førre hundreåret. Mykje av det mest kjende repertoaret går igjen i fleire av dei, men i nokre av bøkene fann eg også stev, religiøse folketonar og lokale skjemteviser. Blant anna fann eg ei stevrekkje på om lag 20 vers på vesttelemarkdialekt, der teksten inneheldt stadnamn frå Seljord, og ei lita skjemtevise frå Tistedalen i Østfold.
Mykje av det skriftlege materialet var også omsett til engelsk i fleire variantar. Eg fann til dømes fire ulike engelske tekstar til både «Pål sine høner» og «Kjerringa med staven». Gjennom arbeidet med innsamling og dokumentasjon av skriftleg materiale såg eg på kva endringar songane har gjennomgått etter at dei kryssa Atlanteren. Eg fann ut at tekstane hadde gjennomgått til dels store endringar, men at melodiane var dei same.
Husmannsånd
At ikkje så mange av informantane mine kunne det me ser på som «ekte» vokal folkemusikk, kan det vera mange årsaker til. Hadde eg oppsøkt familiar der eg rekna med at folkemusikken stod spesielt sterkt, kunne eg kanskje ha funne meir av dei gamle tonane og tekstane. Det gjorde eg ikkje; eg gjekk breitt ut og snakka med dei eg møtte på min veg. Dermed kom eg i kontakt med alle typar menneske, sjølvsagt også mange som ikkje var spesielt interesserte i folkesong.
Ei anna viktig årsak til at så mykje av den «ekte» songtradisjonen er gløymd, er at det var viktig for dei norske immigrantane å tilpasse seg det amerikanske samfunnet. Mange ville bli integrerte så raskt og godt som råd, og dei ville ikkje lære ungane sine norsk språk eller norske songar. Det rådde ei husmannsånd, og somme kjende skam over å synge på sitt eige morsmål.
I tobandsverket Nordmændene i Amerika, deres historie og rekord, redigert av Martin Ulvestad, finn ein litt om dette. Her skriv Carl Hansen:
I Betraktning af det Indpas, den norske Musik allerede har faaet blandt Amerikanerne, bliver Arbeidet for at gjøre vore egne bekjendt med den musikalske Skat fra Hjemlandet det fornemste for de af vore Landmænd, som har et aabent Øie for dens Værd. Den store Masse af vort Folk herover kommer ikke til Koncerter, hvor de norske Komponister faar en værdig Tolkning. Den rige Musikliteratur, som Norge i den sidste Menneskealder har frembragt staar Udvandreren saagodtsom fremmed ligeoverfor, og saa sørgelig det end er at maatte tilstaa det, bliver endog vore vakre Folkemelodier glemt af vore egne. Det synes at være ingroet i saa mange, at det er simpelt at synge norsk. Derfor lægger de paa Hylden de deilige Folkemelodier uden at vide, at disse yndige vemodige Toner har aftvunget Tilhørernes Beundring ude i den store Musikverden. En Sanger, som har reist meget her i Nordvesten, og som delvis har gjort det til sin Opgave at gjøre norsk Musik bekjendt, har fortalt, at naar han optræder for et blandet Publikum og synger sine norske Sange, mærker man, at de norske blandt Tilhørerne ofte ser skamfulde ud og skotter hen til sine Yankee-Naboer i salen med et Blik, der beder om Undskyldning paa hans Vegne, fordi han synger noget saa simpelt. Man kan saaledes ikke undres over, at den norsk-amerikanske Ungdom ikke har Lyst til at synge norsk og i stedet bliver revet med af de moderne amerikanske Viser, som giver sig ud for at være Musik og af en stor Del af den almindelige Befolkning ogsaa ansees for at være det, men som, hvad egentlig musikalsk Værd angaar, er under al Kritik. Dette er ikke bare Chauvinisme, men Sagkyndiges – Nordmænds saavelsom Ikke-Nordmænds – Dom.
(Ulvestad, 1907, s. 461–462)
Det var sjølvsagt ikkje slik i alle familiar. For mange var det vanleg å snakke berre norsk heime, slik at ungane ikkje lærte engelsk før dei byrja på skulen. Men det var ein tydeleg «trend» i tida at det norske ikkje var «fint» nok.
Eitt av intervjuobjekta mine hadde ein teori om at det tek hundre år frå eit folk emigrerer til dei byrjar å ta opp att sin eigne tradisjonar. Og det har han kanskje rett i: Seinare utover på 1900-talet og opp til våre dagar kjenner dei inga skam over å vera norskætta – snarare tvert imot. Men i løpet av tida som har gått, har mange av dei tradisjonelle, norske folkesongane vorte gløymde. Songbøker, songkor, allsong på diverse samkomer, plateutgjevingar, kurs, konsertar og festivalar har nok gjort sitt til at det har utvikla seg eit nokolunde felles repertoar blant dei norskætta i Midtvesten. På dei norske og skandinaviske musikkfestivalane i USA er det instrumentalmusikk som står mest sentralt, men ein finn også folk som syng og som held kurs i norsk folkesong. Songane blir også brukte på norske språkleirar for barn og ungdom, på 17. mai-feiringar, joletrefestar – og ikkje minst på arrangement i regi av Sons of Norway-losjar.
Kjærleik til det norske
I våre dagar fungerer dei norske songane meir som ein identitetsmarkør, på same måte som norske mattradisjonar, norsk handverk og norske flagg. Eg er fascinert over kor stor interessa for norsk musikk og kultur framleis er blant folk i Midtvesten, at røtene er så viktige for så mange.
Det er viktig å hugse på at USA er eit stort land – og at eg har gjort innsamling i berre eit lite område: tre statar i Midtvesten. Eg har nok berre rispa i overflata av det som finst. Men eg har oppsøkt nokre av stadene i USA med høgast prosent av norskætta, til dømes den vesle byen Spring Grove, som var det fyrste norske «settlement» i Minnesota, vidare Westby og Norskedalen i Wisconsin, der svært mange har norsk avstamming, og Stoughton i Wisconsin, der mellom anna Fykerud-brørne budde i si tid.
Eg var sjølvsagt innom saloonen i Stoughton som i 1915 heitte «Hans Fykerud’s Cigar & Bowling Alley», men i dag ber namnet «Never Mind Saloon». Ei eldre dame i Stoughton fortalde meg at «the whole street spoke Norwegian» då ho vaks opp. Heile hovudgata i den vesle byen er framleis pynta med både amerikanske og norske flagg.
Overalt der eg kom, møtte eg berre gjestfrie og venlege folk og vart invitert heim både på mat og overnatting. Berre det å vera norsk, og attpåtil drive med folkesong, opna mange dører for meg på rundturen i USA. Eg fekk til og med rabatt på eit motell i Minneapolis då eg fortalde at eg var norsk! Mange var glade for å bli minte på at dei hadde ein norsk songarv å ta vare på, og nokre sa at dei ville bli flinkare til å synge norske songar for barn og barnebarn.
Det var eit svært interessant prosjekt å arbeide med. Eg fekk ei god kjensle av å friske opp minnet hjå mange av dei eg møtte, og gjera dei meir medvitne på å ta vare på dei gamle norske songane. I vår digitale verd bør dette vera lettare enn nokon gong, då ein kan finne det meste på nettet. Eg har vorte inspirert til vidare forsking på området – og kanskje kjem eg også ein dag innom farmen i Dakota som far min dagdrøymde om?
Denne teksten er henta frå Folkemusikk nr. 4/2015, som kjem i posten til norske abonnentar i veke 49 og er til sals på Narvesen frå 3. desember. Heile nummeret tar føre seg norsk folkemusikk og folkedans i Nord-Amerika – og andre folkemusikalske koblingar mellom Noreg og USA.
Kjelder:
- Lien, I. (2014, juni). «Eg til Amerika i vår lyt driva …». Visene som vandra vest – kvar vart dei av? Ein dokumentasjon av norsk folkesong i Midtvesten i USA. Rauland, Noreg: Høgskolen i Telemark.
- Hansen, C. (1907). Norsk Musik i Amerika. I M. Ulvestad, Nordmændene i Amerika og deres Historie og Rekord Bind 1 (s. 456–464). Minneapolis, Minnesota, USA: History Book Company.
- Hansen, C.G.O. (1948). Sons of Norway Songbook. Minneapolis, Minnesota, USA: The Supreme Lodge of Sons of Norway.
Masteroppgåva til Inger Lien er tilgjengeleg ved biblioteket til Høgskolen i Telemark avd. Rauland og kan lånast gjennom dei fleste norske bibliotek. Interesserte kan også vende seg til Lien på e-post i.lien@online.no.