Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Brimi kjem rett frå møte med Samspill når vi når han på Teams ein fredagsføremiddag.
– Herregud, her er det ti nye e-postar, utbryt han. – Eg skulle ha likt å ha hatt to heile dagar i ro og mak der eg kunne ha fått jobba med budsjett.
Oktober er ein hektisk månad. Han var nyleg med og arrangerte ein debatt med kulturministeren. FolkOrg sit nemleg i eit nettverk som heiter Arrangørforum der dei store medlemsorganisasjonane for arrangørane sit. Her er det med arrangørar frå fleire sjangrar, klassisk, blues, jazz, og store aktørar som norske kulturhus og Norske Kulturarrangører.
Kvart år set dei ned ei arbeidsgruppe og inviterer inn til kulturdebatt om statsbudsjettet. Brimi stod som arrangør i år, og seier at dei var heldige som fekk Lubna Jaffrey til å koma. Fyrst vart det ei samtale mellom statsråden og moderator der ho fekk legge fram dei store tankane bak kulturbudsjettet.
– Lubna gjorde ein skikkeleg bra figur. Ho viste at veldig god forståing og kunnskap om feltet og ikkje minst budsjettet. Den store sigeren for oss i statsbudsjettet var regionalt kulturfond, for det var Arrangørforum sin idé.
– Kva er regionalt kulturfond?
– Det er eit tillegg til norsk kulturfond. Kulturdirektoratet som har Norsk Kulturfond i seg, har eigen post på statsbudsjettet. Kvart år søker dei opp pengar til Norsk Kulturfond. Vi har sagt at det regionale kulturlivet bør støttast opp med eit fond der det regionale kulturlivet kan søkje om midlar, for det er ikkje så lett for små mindre regionale prosjekt å få støtte i Norsk Kulturfond.
Målet er at det regionale kulturlivet skal få ein plass å søkje tilskot. Desse er delte opp etter fylkesnivå. 75 millionar blir her fordelte utover til dei ulike fylka etter areal og folketal. Målet er å koma opp i 150 millionar.
– Det kan føre til at fylkeskommunen skjer ned på kulturpostane dei hadde frå før?
– Ja, det er mykje på kultur som ikkje er obligatorisk. Faren er jo at dette blir ei kvilepute for fylka, men den store skilnaden er at dette er aktivitets- og prosjektmidlar og ikkje driftsmidlar. For lag og organisasjonar blir fylket sine ordningar framleis heilt essensielle. Regionale kulturfond skal vere eit suplement til fylka.
Etterpå vart det debatt med fleire kritiske spørsmål mellom knytt til kvifor Norsk Kulturfond ikkje fekk auka støtta si. Her går faktisk støtta ned i og med at Festspillene og i Bergen og i Nord-Noreg blir trekte ut på eigen post på statsbudsjettet, og tek med seg 35 millionar ut. Argumentasjonen var denne gongen at dei måtte prioritere institusjonar som for eksempel bygg og kulturaktørar.
Nøgd med statsbudsjettet
I går var han på innspelsrunde i familie- og kulturkomiteen. Der var det mogleg å koma med innspel på dei kapitla som denne komiteen handsamar.
– Eg har der tre minutt der eg skal få sagt mest mogleg. No begynner eg å kjenne dei som sit i komiteen, og eg takka fyrst og fremst for auka FolkOrg har fått i driftstilskott, for regionalt kulturfond og ein tredje ting som er veldig viktig for frivilligheita, og det er momskompensasjon.
Brimi tok der opp problemstillinga med folkemusikkarkiva sine digitale verktøy. Her har ein i årevis prøvd å finne ein arvtakar til Fiol, eit system som vart utvikla på 1990-talet og som ikkje lenger blir oppdatert.
– Problemet er at det ikkje er nokon budsjettpost å vise til, men vi kan prøve få lagt det inn som ei av målsetningane for Nasjonalbiblioteket i 2025.
Dei regionale folkemusikksentra er i dag eit villniss, der nokre har ein sterk regional posisjon med mange tilsette, medan andre jobbar i avgrensa distrikt. Difor er det ikkje heilt lett å finne ein felles mal som kan køyrast i alle fylka. Brimi støtta også opp om Riksscenen som har søkt om eit tiltak for å få til noko som heiter «Folknett», der dei ynskjer å ta ei koordinatorrolle på arrangørfeltet særleg med tanke på utanlandske musikarar og førestillingar.
– Det er lite bærekraftig at dei kjem og har éin konsert på Riksscenen, det bør vera mogleg å spreie det utover.
Momskompensasjon er ei veldig god ordning for lokallaga
– For den jamne medlem er det kanskje litt vanskeleg å skjøne kva momskompensasjon går ut på?
– Dette er noko av utfordringa vår. Men det er difor folk er medlemmar hjå oss, at vi skal arbeide for gode ordningar for lokallaga og for at prosjekta som skjer lokalt skal få best moglege tilhøve. Momskompensasjonsordninga er slik at eit lokallag som er medlem i FolkOrg, kan søkje om å få tilbake ein viss prosent av alle utgiftene dei har hatt i løpet av eit år.
Så lenge ein er registrert i frivilligheitsregisteret, kan ein få tilbake ein del prosent av den momsen ein har betalt.
– I fjor fordelte vi attende 1,2 millionar til lokallaga våre.
Det er difor veldig lurt å jobbe med medlemsrekruttering, ikkje minst blant dei under 26 år. For då får ein i tillegg Frifond-midlar. No er det også billig å vera medlem i FolkOrg når du er under 26 år. Brimi vil på det sterkaste oppmode spel- og dansarlag til å gjere ein ekstra insats for å rekruttere mange unge medlemmar.
– Dette er driftsmidlar som du kan bruke til akkurat kva du vil! Du får moglegheit til å søkje på store pottar.
Han nemner mellom anna ei stor søknadsordning som har frist 1. november der ein kan søkje om midlar til alt mogleg musikkrelatert, så lenge det går til barn og unge i instrumentbaserte ensemble som spelemannslag, trekkspelklubbar osv. Ein kan til og med søkje om å få dekka delar av kontingenten til unge i laget.
Auke i driftstilskotet for å arbeide meir med Landsfestivalen og Landskappleiken
Neste veke er det AU-møte før det er styremøte veka deretter. Til då må Brimi få ferdigstilt budsjettutkast for 2025 og 2026.
– No har vi også fått ein million ekstra i driftstilskott, og eg har nokre tankar om korleis desse skal brukast ut frå søknaden eg sende inn.
Dagleg leiar og styret må dermed begynne å førebu ei landsmøtesak om arrangørane av Landsfestivalen og Landskappleiken skal halde fram med å betala leigesummar eller om dette no kan avskaffast eller endrast til ei anna ordning
– Det er ikkje slik at dei som tek på seg arrangementa i framtida får 500 000,– i startkapital. Eg kan skjøne folk tenkjer det om dei berre les overskriftene, men dei pengane vi har søkt på går blant anna til ei ekstra stilling. Det er iallfall dette eg har mål om, og dette er det eg har søkt midlar om.
I tillegg skal dei nå inn i ein omstruktureringsprosess i administrasjonen i FolkOrg for å fordele arbeidsoppgåver på ein litt anna måte enn den som har lege fast nokre år no.
– Målet er at vi i administrasjonen skal vere enda meir tilgjengelege for rådgjeving og rettleiing ut mot medlemmane og lokallaga. Vårt mål er stor aktivitet ute i alle regionar.